Folk er forskjellige. Somme nyttar bråe hugskot til å setje glans og farge på tilværet når det elles er grått og livlaust, medan andre fyrst kan vere impulsive etter at dei har fått tenkt seg om.
Uansett kva type du er, skal du vete at det finst hendingar det er ein fordel å førebu seg på. Eit tilfeldig valt døme kunne vere Poesifestivalen i Ulvik. I år går festivalen føre seg frå fredag 9. til sundag 11. september, og skal du dit, risikerer du å kome for seint om du ventar for lenge. For lesarar som veit dei skal vitje Poesifestivalen 2022, vil boklækjaren tilrå å planlegge prosjektet no, ikkje minst med omsyn til overnatting. For lesarar som ikkje har tenkt seg på festival i Ulvik, vil eg tilrå at dei ombestemmer seg.
Det er Jane Mykle, gift med Agnar Mykle frå 1942 til 1957, som skal ha sagt: «Alle forfattere bør gifte seg. Men ingen bør gifte seg med en forfatter.» Kva skal ein då seie om to forfattarar som prøver å leve saman i ekteskap? Løysingsforfattaren denne veka har i fleire bøker teke føre seg problematikken. Det er langt frå harmoni heile tida, for å seie det mildt. Gunder Runde skriv: «Dagens forfattar er finlandssvenske Märta Tikkanen (fødd 1935). Ho var gift med Henrik Tikkanen (1924–84), som også var forfattar (og teiknar). Mykje av det Märta Tikkanen skreiv, er knytt til det vanskelege samlivet med Henrik, som alt tidleg i ekteskapet vart alkoholavhengig. Ho debuterte allereie i 1970 og slo igjennom med Män kan inte våldtas i 1975. Tre år seinare kom diktsamlinga Århundradets kärlekssaga, som er ei nokså nærgåande skildring av samlivet mellom desse to. Ein tilsvarande, nærmast sjølvbiografisk, roman kom ut etter at mannen var død, med tittelen Två. Scener ur ett konstnärsäktenskap. Det var nokså kontroversielle emne Tikkanen tok opp: voldtekt og alkoholisme, og bøkene hennar vekte stor oppsikt. I 1979 fekk ho Nordiska kvinners litteraturpris (for diktsamlinga frå året før) – dette var delvis ein protest mot Nordisk råds litteraturpris, som var sterkt mannsdominert. Dagens bok heiter på svensk Personliga angelägenheter, Personlige anliggender på norsk sidemål.»
Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen skriv: «Dette var ei strålande bok, men du og du, så sår. Heldigvis måtte heile boka lesast før namnet Lorentz dukka opp. Märta Tikkanen har stått i bokhylla i alle år, men vi veit det er tristesse de luxe mellom permane i bøkene hennar, så vi har berre så vidt nippa til – og så sett tilbake på plass, utan å opne… Er såleis glade for at Medikus tvinga oss gjennom Personlige anliggender denne 17. mai-dagen.»
John Olav Johnsen skriv: «Denne boka kjem eg til å lesa.»
Desse tok seg personleg av å finne fram til rett svar på oppgåve 1530: Signar Myrvang, John Olav Johnsen, Eli Winjum, Laurits Killingbergtrø, Else Gjesdahl Sørensen, Nils Farstad, Skeisebibliotekaren i LASK, Ingebjørg Sogge, Ole G. Evensen, Ole Husby, Eli Hegna, Vigdis Hegna Myrvang, Gunder Runde, Audun Gjengedal, Per Trygve Karstensen, Inger Anne Hammervoll, Bjørn Gjermundsen, Arne Thorvik, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Lise Haaland, Folke Kjelleberg, Laura Killingbergtrø, Fritjof Lampe, Sigrun Gjengedal Ruud, Anne Berit Skaarer, Turid Tirevold, Jan Alfred Sørensen, Yngve Skjæveland, Bjørn Myrvang, Gunnar Eide, Kjell Helge Moe, Torleik Stegane og Sjur Joakim Fretheim. Denne gongen heiter bokvinnaren John Olav Johnsen. Gratulerer!
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.