JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Prest med brest

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4722
20211210
4722
20211210

Med ujamne mellomrom kan eg merke at eg saknar Leonard Cohen. No er det over fem år sidan poeten og songaren døydde. Han gjekk bort like før det vart klart at Donald Trump var vald til president i USA. Det er freistande å seie at det var eit velvalt tidspunkt å døy på, men det våger eg ikkje. Jau, eg gjer det.

Sjølv om Cohen er borte, er han stadig til stades. Mykje av musikken og bøkene til Leonard har noko evigvarande over seg. Eit opplagd døme finn me i desse linjene frå songen Anthem: «There is a crack, a crack in everything/ That’s how the light gets in.» I Esther Moes fine omsetjing vert det: «I alle ting finst det eit skår, det er slik lyset kjem inn.»

I løysingsboka denne veka får me høyre om ein prest som kunne funne trøyst hos Leonard Cohen. Folke Kjelleberg skriv: «Sitatet er henta frå romanen Alle kjenner vel presten? som vart utgjeven på Cappelen i 1991 og heidra med Tarjei Vesaas’ debutantpris same året. Forfattaren er Sylvelin Vatle, fødd i 1957, det året då franske Albert Camus vann Nobelprisen i litteratur. Hovudpersonen i romanen er presten Jakop Brakås, og kona hans heiter Svanhild. Sylvelin Vatle er fødd i dåverande Arna kommune (no Bergen) og oppvaksen på Osterøy. Ho har gjeve ut i alt 12 bøker, halvparten av desse er barnebøker, og ei er det sonen som har illustrert.»

I dag er det Inger Anne Hammervoll som har ansvaret for å nemne poesifestivalen i Ulvik. Ho skriv: «Vi har i dag det finaste vintervêr ein kan ønskje seg. 6–7 minus og eit passe snølag på bakken. Det er lett å gløyme det grisevêret som elles har prega hausten, når sola skin og trea står i ro.

Ulvik. Ein gong for fleire år sidan kjørte vi til Bergen, skunda oss gjennom om lag 66 tunnelar, og hadde ein kveld, ei natt og ein halv dag i denne fine byen. Turen til og frå baud på fleire minneverdige hendingar. Ei var overnattinga i Granvin, på eit lite pensjonat som var bygd over same lest som barndomsheimen min. Det var rart å gå opp trappa ’heime’ og legge seg i dobbeltsenga til foreldra mine. Og naborommet var ein kopi av mitt soverom. Men! Vi hadde ikkje bar i 1. etasje. Det hadde pensjonatet. Baren var open for alle, men vertskapet hadde ein avtale med bygdefolket om at når/dersom det kom gjestar, vart baren stengd. Huset var (som min barndomsheim) ikkje veldig godt isolert. Vi bad innstendig om at dei måtte vente litt med stenginga, for det var jo ei kjempestor og gledeleg overrasking at vi kunne gå på bar seint ein kveld i Granvin. Det vart ein svært triveleg aften. Neste ettermiddag kjørte vi gjennom Ulvik. Vi speida etter Hauge, men såg berre husa og frukttrea, viss det var rett gard som vart utpeika for oss. Dersom vi skulle oppleve å komme på poesifestival, ville vi ha overnatta denne gongen òg i Granvin, for maken…! Kona heiter Svanhild i Sylvelin Vatle sin roman Alle kjenner vel presten?

Janneken Øverland skriv: «En bok om prinsipper som møter virkeligheten.»

På oppgåve 1508 fann desse klokingane fram til Sylvelin og Svanhild: Signar Myrvang, Eli Winjum, John Olav Johnsen, Ingebjørg Sogge, Vigdis Hegna Myrvang, Skeisebibliotekaren i LASK, Bjørn Myrvang, Inger Anne Hammervoll, Ove Bjørkhaug, Gunder Runde, Ragnhild Eggen, Laurits Killingbergtrø, Jorunn Øxnevad Lie, Ole Husby, Jorunn Røyset, Olav Holten, Eirik Holten, Jan Alfred Sørensen, Pål Amdal, Lise Haaland, Hans M. Gautefall, Eli Hegna, Petter Kristensen, Laura Killingbergtrø, Inge Strand, Jan Erik Røed, Else Gjesdahl Sørensen, Arne Thorvik, Anne Berit Skaarer, Nils Farstad, Gunnar Bæra, Turid Tirevold, Audun Gjengedal, Janneken Øverland, Fritjof Lampe, Folke Kjelleberg, Dag Skarstein, Magnhild Reisæter, Sigrun Gjengedal Ruud, Reidar Birkeland, Olav B. Larsen, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Bjørn Gjermundsen, Dei Kvasse på Fana, Gunnar Eide, Sissel Gunnarshaug, Kjell Helge Moe, Geir Instanes, Inger Margrethe Berge, Robert Øfsti, Sjur Joakim Fretheim, Torleik Stegane og Ole G. Evensen. Bokvinnaren i dag er sjølvaste Gunder Runde, og han er ifrå Ulsteinvik. Gratulerer!

Klok på bok 1510

Ein dompap satt i juleneket og kvitra glad. Det var veltjulekvelden, og eg bar inn litt ved og la i omnen. Mor hadde vaska golvet og song så smått på julekveldsvisa mens ho fekk orden på glitteret. I sofaen satt far og bror og reparerte eit par korger. Eg sette meg i vindauget og såg mot fjøset.

Sitatet er frå s. 166 i ei billegutgåve av ei bok som kom ut fyrste gong i 2003. Løysingsforfattaren er fødd i eit år då Nobelprisen i litteratur gjekk til ein forfattar som skreiv på spansk. Før eg godkjenner svaret, vil eg vete namnet på kjærasten til hovudpersonen i romanen. Send namn på kjærast, på forfattar og verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 18. desember.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis