Klok på bok

Pianokonsert

Publisert

Til stor begeistring i bokstova gjekk Nobelprisen i litteratur 2021 til Abdulrazak Gurnah. Når sant skal seiast, er det ikkje mange i Klok-redaksjonen som har lese noko av Gurnah, men lat no det liggje. I jubelbruset vart det dessutan klart at einaste innvendinga me har mot prisvinnaren i år, er at han førebels ikkje har vist seg på ein namngjeten poesifestival i Ulvik.

Blant førehandsfavorittane var sjølvsagt Jon Olav Fosse. Me er overtydde om at nokon kjem til å komme med den glade bodskapen til Jon Olav ein dag, men i år skulle det altså ikkje vere.

Mange lesarar har interesse for fakta om folk som skriv fiksjon. I dag tek me med at Doris Lessing er den eldste vinnaren av Nobelprisen i litteratur. Ho var 88 år då ho fekk prisen i 2007. Den yngste var Rudyard Kipling i 1907. Då var han 41 år. Er det ikkje utruleg kva ein lærer av å lese spalta her?

No skal me lære litt om løysingsboka i dag. Laurits Killingbergtrø skriv: «Takk for ny oppgåve, Medikus, og til lykke med nummer 1500! Eg synest det er artig med desse hinta som gjev oss ein språkleg innfallsvinkel til tittelen på boka vi søkjer. Denne gongen er hintet ’ei bølgjerørsle som verkar på høyreorgana’. Det som verkar på høyreorgana, er lydar, og ifølgje fysikklovene blir det ikkje lyd utan at noko er i rørsle. Eg var ikkje mykje i tvil da eg gjekk på bokhandelen og bad om boka Lyden av to hender, og der stod sitatet på side 293, ja. Boka er skriven av Sunniva Relling Berg frå Ålesund. Det er fint at det blir henta fram så mange unge norske forfattarar i spalta, fleire av dei nynorskskrivande. Og dei skriv god nynorsk òg, slik som i den boka eg sit med no. Sunniva Relling Berg er fødd i 1988 (same året som Thor Vilhjálmsson fekk Nordisk råds litteraturpris). Ho debuterte i 2011 med romanen Utfor, og den vart ho nominert til Brageprisen for. Men no held eg fram og les.»

Gunder Runde skriv: «Gratulerer med jubileet! Sunniva Relling Berg er på grensa av det me på våre kantar kallar ’næraste slekt’ (mor hennar er tremenningen min). Boka heiter Lyden av to hender. Hovudpersonen i boka, Lotte, er musikkstudent i Wien, men vert skuffa når ho ikkje vert utteken til ein stor konsert i byen, og reiser heim att for mellom anna å søkje trøyst hos den tidlegare pianolæraren sin, Jakob. Han sit heime, blind og bitter, og det er ein del ting Lotte ikkje skjønar som har samanheng med fortida hans, så ho prøver å finne ut kva som har skjedd. Det utviklar seg til ei slags detektivhistorie, og det utdraget som er brukt i oppgåva, er frå ei viktig hending i livet hans: kona får eit dødfødt barn, og han sjølv har ikkje fått med seg at ho var køyrd til sjukehuset, før han var komen heim att etter ei halv natt ’på byen’, og har overnatta på sofaen i stova. Forfattaren har tidlegare skrive tre ungdomsbøker, for den første vart ho nominert til Brageprisen. Dette er hennar første roman for vaksne.»

Tor Inge Tennfjord skriv: «Kjekt at det var ein ung forfattar frå Sunnmøre som fekk æra av å vere nummer 1500.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement