Klok på bok

Pasjon for pastis

Publisert

I veka som kjem, har Johann Wolfgang von Goethe gebursdag. Av naturlege årsaker kan han ikkje sjølv vere til stades under feiringa den 28. august, men så er det jo desto viktigare at me som har moglegheit, markerer dagen. Det skal me gjere med å fortelje ein vits mange har høyrt før:

– Goethe var ein stor poet.

– På tysk skal det uttalast ’ø’ når o og e står saman.

– Å ja, Gøthe var ein stor pøt!

Det er vel heller tvilsamt om Johann Wolfgang fekk høyre denne vitsen, og endå mindre sannsynleg at han hadde flirt om han fekk han fortald. Heilt humørlaus var Goethe likevel ikkje, me veit at han no og då likte å spele folk eit puss. Kan hende vert han vurdert som ein streng surpomp av di han postulerte: «Ingenting avslører karakteren til eit menneske meir enn kva det synest er morosamt.»

Utan å gje Goethe karakter for utsegna smett me over til svaret me skulle fram til denne veka. Gunder Runde skriv: «Eg vart fort klar over at forfattaren denne gongen var ei fransk kvinne, fødd i 1937. Med årstalet for første gongs utgjeving, 1965, hadde eg altså fire punkt å ta fatt i for å løyse gåta. Finurlege (og til dels fantasirike) kombinasjonar av desse fire gav i første omgang ingen resultat. Men ein får ikkje gi opp, og før eg visste ordet av det, poppa det opp ein liten artikkel i Store norske leksikon, med overskrifta Albertine Sarrazin. Og der stemte alt saman! Vidare forsking i den norske, engelske og franske utgåva av Wikipedia gav fleire opplysningar: Albertine Sarrazin var altså fødd i 1937, og døydde allereie i 1967. Ein elendig barndom, adoptert, i forbetringsanstalt, tidleg debut som prostituert, og etter kvart ein driven kriminell, med mange fengselsopphald. Julien, som er nemnd i tekstutdraget, med etternamnet Sarrazin, vart både ektemann og medkriminell. Boka som utdraget er henta frå, heiter på fransk L’Astragale, på norsk: Astragalen , og vart faktisk utgitt her i landet allereie i 1979 (Lanternebok), med tittelen Bruddet (viser til ankelbrotet som hovudpersonen vart utsett for under ei flukt frå fengselet). Boka har sterke sjølvbiografiske trekk, ho er skriven under eitt av forfattaren sine mange fengselsopphald. Naturleg nok har ikkje Sarrazin nokon stor produksjon, sidan ho døydde så ung, men ho gav i alle fall ut tre bøker til saman. Denne boka vart utgjeven på nytt i 2014, etter initiativ frå Patti Smith, som var svært begeistra for både boka og forfattaren, og som også har skrive føreord til nyutgåva. Boka har forresten vore filma to gongar, i 1968 og 2014. Og så var det tilleggsspørsmålet. ’Produsent av pastis’ er litt svevande, vi får opplyst at hovudpersonen drikk både Pernod og Ricard. Pernod har namn etter det opphavleg sveitsiske firmaet, medan Ricard viser til den franske produsenten (opphavleg frå Marseille). Hovudpersonen oppheld seg både i Marseille og i Aix-en-Provence, så eg held ein knapp på at det er Ricard som er det aktuelle svaret. Albertine Sarrazin har stundom vore samanlikna med ein annan fransk, kriminell forfattar, nemleg Jean Genet (Tyvens dagbok, 1949), ikkje ei ueffen samanlikning!»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement