JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

På ville vegar

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4871
20240301
4871
20240301

Det finst folk som strør om seg med ordtøke og andre visdomsord, som om det er sjølve sanninga dei siterer. I dag skal me ta føre oss ei gammal seiing som heilt openbert inneheld store feil. Seiinga er: «Alle vegar fører til Roma.»

Om du køyrer E6 til du kjem til tettstaden Korgen i Nordland fylke, kan det vere interessant å følgje fylkesveg 806 i retning 8647 Bleikvasslia. Når du kjem til Bleikvasslia, vert det fort freistande å fylgje fylkesveg 7356. Etter ei stund kjem du då tett på den nest største innsjøen i Noreg, Røssvatnet, men du kjem ikkje til Roma. Fylkesveg 7356 endar nemleg på Nymoen i Hemnes kommune. Derfrå er det om lag 3450 kilometer til Peterskyrkja. Så kom heller ikkje her og sei at det er tett på.

Kan hende er det litt urettvist mot uttrykket å ta det så bokstavleg. I løysingsverket denne veka var det nemleg fire vegar til rett svar. Eg bad om namnet på ein av nobelprisvinnarane som var nemnde i boka, og blant innsendarane var det jamn og fin spreiing mellom desse kandidatane: Henri Bergson (1927), Thomas Mann (1929), Luigi Pirandello (1934) og André Gide (1947).

Eli Hegna skriv: «Nathalie Sarraute tilhørte kretsen av ’de nye’ i det litterære miljøet i Frankrike tidlig på 1950-tallet. Denne kretsen ville fornye den franske romanen. Gullfruktene er en satire over det litterære miljøet i Paris. Nesten hele romanen er skrevet i dialogform. Tittelen refererer seg til en bok det snakkes om – starter som en hyllest til et mesterverk for deretter gradvis å diskuteres ned av kritikerne og misunnelige venner. Thomas Mann, som fikk Nobelprisen i litteratur i 1929, er en av flere forfattere nevnt i boka. Nathalie Sarraute mottok Prix international de littérature for Gullfruktene i 1964.»

Inge Strand skriv: «Sitatet denne veka gav meg ei viss aning om kvar vi skulle… Men med huset fullt av feriegjestar vart ikkje arbeidet fullført før i siste liten. No på morgonkvisten ligg dei og slikkar såra etter det bitre tapet for Bodø/Glimt i går kveld, og eg kan konstatere at løysinga er ’boka om boka’; Nathalie Sarrautes roman Gullfruktene frå 1963. Eg minnest norsklæraren min på realskulen ivra for denne boka og brukte henne som argument for at vi måtte lære oss fransk. Viss boka ikkje vart omsett til norsk før i 2002, hadde han jammen eit poeng.»

Folke Kjelleberg skriv: «Sitatet er frå romanen Gullfruktene, omsett av Elin Beate Tobiassen. Originalen Les Fruits d’Or kom ut i 1963. Forfattar er franske Nathalie Sarraute, fødd i Ivanovo i Russland i 1900 (sjølv meinte ho at det var i 1902, men truleg mintest ho feil...) og død i Paris i 1999, det året då tyske Günter Grass vann Nobelprisen i litteratur.»

Inger Merete, Kirsti og Grete skriv: «Kirsti las seg fram til at ein person som heiter Elin Beate Tobiassen, har skrive doktorgraden sin om Nathalie Sarraute. Ho prøvde å finne han i fulltekst på Nasjonalbiblioteket, men fekk ikkje lese han. Da skreiv ho i staden ein mail til Tobiassen – og fekk prompte svar: Ein av nobelprisvinnarane er Henri Bergson. Og den same Tobiassen fann vi ut er oversetjaren av Gullfruktene

På oppgåve 1615 var det desse klokingane som fann ein eller fleire vegar til rett svar: Laurits Killingbergtrø, Eli Winjum, Signar Myrvang, Jorunn Øxnevad Lie, Ingebjørg Sogge, Skeisebibliotekaren i LASK, Vigdis Hegna Myrvang, Bjørn Myrvang, Else Gjesdahl Sørensen, Jan Alfred Sørensen, John Dag Hutchison, Eli Hegna, John Olav Johnsen, Ole Husby, Ragnhild Eggen, Inger Anne Hammervoll, Thore Desserud, Wenche Berger, Olav Holten, Eirik Holten, Magnhild Reisæter, Inger Merete, Kirsti og Grete, Olav B. Larsen, Audun Gjengedal, Folke Kjelleberg, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Kjell Helge Moe, Nils Farstad, Reidar Birkeland, Per Trygve Karstensen, Sigrun Gjengedal Ruud, Fritjof Lampe, Inger Margrethe Berge, Gunnar Eide, Inge Strand, Paul Henrik Hage, Torleik Stegane, Robert Øfsti, Ole G. Evensen og Sjur Joakim Fretheim. Denne gongen heiter bokvinnaren John Olav Johnsen. Gratulerer!

Klok på bok 1617

– Det har kanskje vore litt mange kvinner i livet ditt? seier ho.

– Det kjem vel an på kva ein reknar som mange, seier eg. – Eg har ein teori om at det er fordi eg ikkje fekk meg nokon kjærast før eg var godt over tjue år. Og at eg dermed har hatt ein underbevisst trong til å ta igjen det forsømte. Eg var alltid redd for å få meg kjærast tidleg, fordi eg frykta det ville ta slutt etter kort tid, og at eg ikkje ville takle det, at sorga ville bli for stor.

Sitatet er frå s. 82 i boklækjarutgåva (2011). Me skal fram til ein forfattar som er fødd i eit år då Nobelprisen i litteratur gjekk til ein fransk forfattar. I forteljinga får me høyre om eit leikedyr med eit mannsnamn, og før eg godkjenner svaret, vil eg vete namnet på dette dyret. Send namn på leikedyr, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 9. mars.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis