JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

På vektskåla

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4510
20220128
4510
20220128

Eit bittersøtt minne mange av oss ber på, er knytt til kjærleiken. Ja, eg tenkjer på den gongen då du vart vegen og funnen for lett. Det gjer vondt å vere den som vil leike med nokon ein har kjær, når han eller ho ikkje vil vere med på leiken.

Når ein ikkje får i stand eit ynskt kjærleiksforhold, vert det spor. Om desse spora passerer som avtrykka frå ei lita mus i skogen ei vinternatt med tungt snøvêr, eller vert verande som eit krater etter eit kraftig vulkanutbrot, er sjølvsagt individuelt. Her finst det ikkje fasit.

På slutten av diktet «Ungt Spil» av Knut Hamsun får me servert ei betraktning om dette. Store-Knut skriv:

Og underlig er det med Hjærtets Spil:

jeg bytter de andre som straks slog til

for hende som ikke vilde.

Løysingsforfattaren denne veka er inne på noko av det same. Me fekk særs mange fine attendemeldingar på oppgåve 1514, og når innsendarane er like begeistra som eg over ei bok, er det ein fryd å vere boklækjar.

Norunn Askeland skriv: «Takk igjen for spennande oppgåve som førte til at eg vart meir kjend med ein forfattar eg burde ha lese for lenge sidan. Sidan det såg ut til at sitatet handla om å ikkje vere fri til å ta kontakt med kjærasten når ein vil, kunne det handle om å ha eit forhold til ein gift og oppteken mann. Gitt dette temaet, trudde eg først at det var frå ei vidgjeten bok av Rønnaug Kleiva, ei bok det vart rettssak om, då personar involvert i eit tilsvarande drama i det verkelege livet, kjende seg igjen i fiksjonen. Men Rønnaug Kleiva har ikkje berre éin vokal i førenamnet sitt. Så gjaldt det å finne ein forfattar som skreiv på nynorsk og som gav ut bok i 2019, som var fødd i det same året som Nobelprisen gjekk til ein spansk forfattar. Ein sjekk på nettet viser at det aktuelle årstalet kan vere 1977. Då kom Therese Tungen på banen, fødd i 1977. Ho har éin vokal i førenamnet, og den same vokalen brukt heile tre gongar. Ho har skrive ei novellesamling med den pirrande og kloke tittelen Kjærleik og det som liknar. Eg fekk tak i boka på biblioteket, fann sidene sitatet er henta frå, lånte boka og har no lese fleire av novellene der. Supert lesestoff for damer med utdanning som leitar etter kjærleik, og som ofte finn det som liknar. Livet er ikkje lett for nokon, og i alle fall ikkje for slike damer. Men dei kan ha det moro likevel, og dei kan både skrive og lese og gråte og le. Super bok!»

Bente Ubostad skriv: «Takker Medikus Libri for å ha gjort undertegnede oppmerksom på en strålende novellist jeg ikke har gjort bekjentskap med tidligere!»

Svar som ikkje berre likna på løysinga, men som var heilt rette, fekk me frå: Gunn Bull-Berg, Signar Myrvang, Ragnhild Eggen, John Olav Johnsen, Skeisebibliotekaren i LASK, Eli Winjum, Ole G. Evensen, Else Gjesdahl Sørensen, Laurits Killingbergtrø, Inger Anne Hammervoll, Ingebjørg Sogge, Jon Østbø, Inge Strand, Arne Thorvik, Ole Husby, Nils Farstad, Gunder Runde, Pål Amdal, Gunnar Bæra, Erik Aamlid, Inger Dyrnesli, Gunnar Eide, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Norunn Askeland, Jan Erik Røed, Magnhild Reisæter, Olav B. Larsen, Håvard Rydland, Audun Gjengedal, Olav Holten, Bente Ubostad, Jan Alfred Sørensen, Fritjof Lampe, Eli Hegna, Kjell Helge Moe, Petter Kristensen, Jorunn Øxnevad Lie, Folke Kjelleberg, Turid Tirevold, Torbjørn Ohnstad Skaim, Reidar Birkeland, Sigrun Gjengedal Ruud, Jorunn Røyset, Eirik Holten, Brita Lundeland, Anne Berit Skaarer, Hans M. Gautefall, Ingeborg Helvik, Inger Margrethe Berge, Marte Myklebust, Viggo Østebø, Robert Øfsti, Dei kvasse på Fana, Per Trygve Karstensen, Sjur Joakim Fretheim, Lise Haaland, Sissel Gunnarshaug og Torleik Stegane.

I dag heiter bokvinnaren Bente Ubostad. Gratulerer!

Klok på bok 1516

Mange, mange mennesker har opplevd den samme moralske og åndelige krisen som du er inne i akkurat nå. Til alt hell har noen av dem skrevet om sine egne bekymringer. Du kommer til å lære av dem – hvis du vil. Akkurat som andre en dag vil lære av deg, hvis du har noe å gi dem. Det er en vidunderlig, gjensidig ordning. Og det handler ikke om utdannelse. Det handler om historie. Det handler om poesi.

Sitatet er frå s. 214 i boklækjarutgåva. Denne gongen skal me fram til ei bok som på originalspråket kom ut fyrste gong i 1951. Løysingsforfattaren er fødd i eit år då Nobelprisen i litteratur gjekk til ein forfattar som skreiv på tysk. Mange vil meine at det å vere i ein vanskeleg alder er teke på kornet i romanen. Send namn på forfattar og verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 5. februar.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis