JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

På pinebenken

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4839
20231215
4839
20231215

I normale år kjem jula snikande allereie i slutten av november. Slik har det alltid vore her i bokstova. Før første desember har me hamra nellikspikrar i ein appelsin, det er syrgd for gløgg ad libitum i heile julemånaden, og som det siste hengjer me nissehuva på portrettet av Hamsun.

Slik skulle det ikkje verte i år. Me har hatt all merksemd retta mot Sverige og Stockholm. Det kom ikkje på tale å pynte til jul før me var ferdige med feiringa av Jon Fosse. Og for ei feiring det vart! Ein samla Klok-redaksjon såg sjølvsagt nobelforedraget på direkten, og slik vart me med på ei hending for historiebøkene. Har du enno ikkje fått med deg foredraget, er det rett i seng utan kveldsmat.

Det seier seg sjølv at Store-Knut ikkje var nøgd med å måtte vente på Fosse-kallen før han fekk på seg julepynten. Men Hamsun er ikkje langsint, no har han igjen funne fram eit skjelmsk smil under nissehuva. Med håp om at lesarane kan vere like overberande med tida på pinebenken, kan me i dag avsløre at i juleutgåva vert det kviss med Knut i år òg. Mange reelle, og nokre få fiktive, innsendarar har etterlyst tradisjonen, og no går det nok eit sukk av lette over landet.

Før me kan la julefreden senke seg, lyt me sjå på løysinga me skulle fram til denne gongen. Laurits Killingbergtrø skriv: «Ny fredag med ny bokgåte. Denne gongen tykte eg at eg fekk ein flygande start med tipsa frå Medikus. Eg kopla saman dei tre punkta ‘noveller + 1997 + 2000’ og la dei inn på min kjære nettstad Oria. Eg fekk nokså mange tilslag, men alt det fjerde var det eg festa meg mest med. Det var samlinga Blinddøra av Hans Herbjørnsrud. Det vart eg heilt sikker på da eg såg på nobelprisvinnarar i litteratur. Hans Herbjørnsrud er fødd i 1938, det året Pearl S. Buck vann, ei kvinne altså. Herbjørnsrud gjekk bort for berre ei veke sidan; tragisk å tenkje på. Og nobelvinnaren i år var nordisk, slik kravet var, men no hugsar eg ikkje namnet i farten. Meir hell: Boka kan lesast på nettet, og det nytta eg meg av og koste meg svært. Det var litt komisk at ei dør i ranglås skulle føre til så mykje bruduljar. Ein språkleg finesse var at eg-personen omtalte døra som ‘hun’, og det skjøna ikkje låsesmeden. Men som ekstraspørsmål skulle vi fram til namnet på ein hund, og der er svaret Pan. Eg fekk ein mistanke om at Medikus kanskje i bakhovudet sat og førebudde den store Hamsun-tevlinga i slutten av året og dermed umedvite smetta eit namn derifrå inn i Klok-gåta.»

Gunder Runde skriv: «Ein av våre aller beste novelleforfattarar. Herbjørnsrud må lesast sakte, språkleg nyting frå A til Å! Takk til Klok-sida for eit verdig avskil med ein stor forfattar.»

Marta Kløve Juuhl skriv: «Hans Herbjørnsrud var fødd i 1938 og døydde no i november. Eg tenkjer meg at du vil heidra minnet hans med ei oppgåve frå hans forfattarskap.»

Me held døra open for at somme sleit, men desse kom uansett i mål på oppgåve 1605: Eli Winjum, Signar Myrvang, John Olav Johnsen, Jon Grepstad, Paul Henrik Hage, Ragnhild Eggen, Erik Steineger, Ingebjørg Sogge, Jorunn Øxnevad Lie, Nils Farstad, Tone Styrmoe, Vigdis Hegna Myrvang, Jorunn B. Fjeldheim, Bjørn Myrvang, Arve Kjøstvedt, Inger Anne Hammervoll, Jarle Fanebust, Ole Husby, Jan Alfred Sørensen, Else Gjesdahl Sørensen, Eli Hegna, Gunder Runde, Per Trygve Karstensen, Laurits Killingbergtrø, Lise Haaland, Kirsten Hundvebakke, Olav Holten, Thana Rongen, Erik Aamlid, Skeisebibliotekaren i LASK, Anne Berit Skaarer, Audun Gjengedal, John Dag Hutchison, Reidar Birkeland, Folke Kjelleberg, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Kjell Helge Moe, Torleif Bertelsen, Geir Nævdal, Bjørn Ole Bjørnsen, Fritjof Lampe, Kari Vevatne, Marta Kløve Juuhl, Brita Lundeland, Sigrun Gjengedal Ruud, Gunnar Bæra, Ragna Barkve, Åse Sletten, Inger Margrethe Berge, Inge Strand, Turid Tirevold, Eirik Holten, Gunnar Eide, Magnhild Reisæter, Ole G. Evensen, Olav B. Larsen, Robert Øfsti, Torleik Stegane og Sissel Gunnarshaug. Denne veka heiter bokvinnaren Åse Sletten. Gratulerer!

Klok på bok 1607

Det er bedre å lese tolv linjer i en bok med høyeste intensitet og altså trenge fullt og helt inn i disse linjene, kan man si, enn å lese hele boken som den normale leser, som når han er ferdig kjenner den boken han har lest, like dårlig som en flypassasjer kjenner det landskapet han har fløyet over.

Sitatet er frå s. 21 i boklækjarutgåva (1991). På originalspråket kom boka ut fyrste gong i 1985. Me skal fram til ein komedie og ein forfattar som var fødd i eit år då Nobelprisen i litteratur gjekk til ein nordisk forfattar. Mange kunstnarar er nemnde i boka, og før eg godkjenner svaret, vil eg vete namnet på minst to forfattarar som skreiv på tysk blant desse. Send namn på omtala forfattarar som skreiv på tysk, tittel på verk og namn på løysingsforfattar til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 23. desember.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis