I brevkassa her i bokstova har det dei siste vekene vore ein flaum av appellar, det vil seie tre, frå oppgåveløysarar som meiner at tilleggsspørsmålet favoriserer folk med fritt tilgjenge til bibliotek. Boklækjaren seier seg samd med innsendarane, men her står me i eit dilemma. Etter kvart er det nemleg så mange som er flinke til å bruke diverse søkjemotorar, at om det ikkje var for dette siste hinderet, ville me fått nær 100 rette svar kvar veke. Det er ikkje eit alternativ korkje for bladstyraren eller for boklækjaren.
I bokstova har me to målsetjingar: å presentere forfattarar og verk som me synest held høg standard, og å utfordre lesarane med oppgåver som det skal vere strevsamt å løyse. Ja, me vil at spalta skal innehalde verdas vanskelegaste litteraturspørsmål. Ikkje mindre. Då kan ikkje svaret vere nokre få tastetrykk unna.
Det er ein gordisk knute, dette. Medan me ventar på Aleksander den store, skal me sjå på løysingsboka i dag. Laurits Killingbergtrø skriv: «Takk, Medikus, for ny og interessant bokgåte. Du ’skremmer’ oss litt med å sitere etterordet, der det står at forfattaren er umogeleg å gjendikte. Og vanskeleg for oss meinige å lese òg da, kanskje? Starten på tekstklippet i Klok-spalta verkar iallfall som ei opphoping av kraftfulle ord som ikkje er lette å samordne (for meg). Men kven er så denne litt særeigne forfattaren? Her har vi heldigvis god hjelp i dei klart avgrensande tipsa frå Medikus: forfattaren er fødd i eit skotår og døydde i eit skotår, den litterære forma er dikt, og eit utval av desse kom på norsk i 2004. Forfattaren heiter Paul Verlaine, er fødd i Metz i skotåret 1844 og døydde i Paris i skotåret 1896. I 2002 kom post mortem ei samleutgåve av dikt, Oeuvres poétiques complètes. Den ligg til grunn for samlinga Songar utan ord, som kom i 2004 i norsk omsetjing av Haakon Dahlen. Eg tør ikkje gje meg til med noka høgfløygd vurdering av Verlaine og diktinga hans, men vil di meir tilrå det opplysande etterordet i boka, skrive av Paal-Helge Haugen. Likevel vil eg seie, etter å ha lese boka, at dette var da både lettleseleg og fengslande. Og éin ting skal forfattaren ha: Han lagar dikt av den tradisjonelle måten som iallfall eg set pris på, med regelrette strofer og versliner, med fast rytme og enderim. Slik det var før. Verlaine ser såleis ut til å vere ekstra glad i sonetten. Au, no heldt eg på å gløyme diktet. Det har tittelen ’Det er lengtinga i begjæret’.»
Gunnar Bæra skriv: «Haakon Dahlen har gjort eit framifrå arbeid med dikta i samlinga Songar utan ord, sjølv om Paal-Helge Haugen i etterordet skriv at det er umogeleg å gjendikte denne diktaren. Mannen det er tale om, er den franske lyrikaren Paul Verlaine. Etter to år med vagabondliv saman med Arthur Rimbaud rauk dei to perlevenene usams, og Rimbaud vart såra av eit revolverskot. Det førte til at Verlaine sat to år i fengsel og kom ut att som eit nytt og betre menneske – i alle høve eit meir religiøst menneske.»
Desse klokingane var ikkje i beit for ord, men fann fram til godkjende svar på oppgåve 1532: John Olav Johnsen, Ingebjørg Sogge, Eli Winjum, Nils Farstad, Erik Aamlid, Skeisebibliotekaren i LASK, Laurits Killingbergtrø, Yngve Skjæveland, Inger Anne Hammervoll, Eli Hegna, Petter Kristensen, Kari Vevatne, Jan Alfred Sørensen, Dei kvasse på Fana, Ingunn Bergem og Tove Aurdal Hjellnes, Ragnhild Eggen, Else Gjesdahl Sørensen, Audun Gjengedal, Arne Thorvik, Vigdis Hegna Myrvang, Bjørn Myrvang, Knut Einar Johannessen, Robert Øfsti, Kristin Flo, Gunder Runde, Sigrun Gjengedal Ruud, Lise Haaland, Ole Husby, Folke Kjelleberg, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Per Trygve Karstensen, Marta Kløve Juuhl, Fritjof Lampe, Eirik Holten, Kjell Helge Moe, Olav B. Larsen, Gunnar Eide, Jorunn Øxnevad Lie, Magnhild Reisæter, Anne Berit Skaarer, Ståle Ritland, Olav Holten, Inger Margrethe Berge, Torbjørg Langdal, Ole G. Evensen, Sjur Joakim Fretheim og Torleik Stegane. Denne gongen heiter bokvinnaren Lise Haaland. Gratulerer!
Klok på bok 1534
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.