JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Oppstuss i Sverige

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4890
20231110
4890
20231110

I dag lyt me fyrst minne lesarane på fristen for å vere deltakar i Nobelpris-undersøkinga er til og med i morgon. Om du nøyer deg med å vere tilskodar, treng du ikkje gjere noko.

Alt no kan me melde om stort sprik blant innsendarar som har ei meining om forbigåtte forfattarar i åra mellom Undset og Fosse. Nokre har berre éin kandidat, fleire har to eller tre, men når det gjeld klokkartru på norsk litteratur, er det ingen som er i nærleiken av Skeisebibliotekaren i LASK. Diverre har me ikkje spalteplass nok til å ta med alle dei prisverdige forfattarane han har på lista si, men me kan telje.

Ifylgje kuleramma endar Skeisebibliotekaren med 46 kvalifiserte kandidatar til den noble prisen. Me vil gje ros for innspelet, men samstundes har me mistanke om oppstuss dersom Svenska Akademien annankvar gong tildelte ein norsk forfattar Nobelprisen i litteratur.

Så til løysinga me skulle fram til denne veka. Gunder Runde (som har vore deltakar sidan oppgåve nr. 1) skriv: «Dette var grei skuring (TRUDDE EG!). Det var berre å leite fram katalogen Årets bøker 1994 og bla meg fram til aktuelle novellesamlingar frå grannelanda Sverige, Danmark, Finland og Russland. Men då tok eg feil! Trass i to gongars leiting i katalogen fann eg inga novellesamling som passa. Så då var det å starte med den tungvinne leitinga på diverse Wikipedia-sider. Ingen danske eller svenske funn, så då var det Finland sin tur, og der dukka knappenåla fram frå høystakken: Finsk-svenske Mirjam Tuominen (1913–67) debuterte i 1938 med novellesamlinga Tidig tvekan, omsett til norsk i 1994 med tittelen Ung uvisshet. Utdraget i Klok på bok er frå novella «De tapte sedlene», der hovudpersonen heiter Magdalena og søstera heiter Paula. Krunglete oppgåve denne gongen, men det bør vel vere såpass når vi passerer 1600!»

Laurits Killingbergtrø skriv: «Takk for ei ny og noko utfordrande bokgåte. Medikus gjev oss nokre tips, der eg rekna det som mest lønsamt å gå ut frå året 1938, da boka kom ut på originalspråket. Og så er forfattaren frå eit naboland. Eg slo meg inn på Wikipedia og ‘litteraturåret 1938’. Der fann eg to aktuelle forfattarar, svenskane Jan Fridegård og Gustaf Hellström. Begge fall igjennom ved nærare gransking. Men kanskje verdt å prøve den svenske Wikipedia? Der var det sjølvsagt mange fleire svenskspråklege, men når eg såg bort frå dikt og romanar, stogga eg ved den einaste novellesamlinga: Tidig tvekan av den finsk-svenske forfattaren Mirjam Tuominen. Den boka kom i norsk omsetjing av Nøste Kendzior i 1994 med tittelen Ung uvisshet. Eg såg på nettet at eg måtte langt av garde for å få lånt denne boka. Men eg fann også at ho kan lesast på nettet, så dermed kunne eg framleis sitje i hoseleistom og lese boka på datamaskina. Den rørande novella vi skal fram til, har tittelen «De tapte sedlene». Og det er nett nokre setlar som ho mistar med vilje, som skaper slik sjelekval for sjuåringen Magdalena. Foreldra ser kor plaga ho er, så ho får liggje inne hos dei ei natt og ikkje som elles saman med systera Paula. Ein slags happy end, da, men den vare og klårtenkte sjuåringen lærte nok mykje av hendinga.»

John Olav Johnsen skriv: «Ei gripande novelle om ondskap og skyld.»

Jorunn Øxnevad Lie skriv: «Det var en sterk opplevelse å lese denne novellen.»

På oppgåve 1600 var Paula ein del av løysinga. Desse klokingane slepp å høyre eit pauli ord frå boklækjaren: Eli Winjum, John Olav Johnsen, Eli Hegna, Ingebjørg Sogge, Ragnhild Eggen, Skeisebibliotekaren i LASK, Inger Anne Hammervoll, Jorunn Øxnevad Lie, Laurits Killingbergtrø, Ole Husby, Tor Fjeldstad, Jorunn Røyset, Gunder Runde, Else Gjesdahl Sørensen, Jan Alfred Sørensen, Paul Henrik Hage, John Dag Hutchison, Signar Myrvang, Lise Haaland, Bjørn O. Bjørnsen, Inge Strand, Nils Farstad, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Ragna Barkve, Ole G. Evensen, Reidar Birkeland, Per Trygve Karstensen, Folke Kjelleberg, Magnhild Reisæter, Olav B. Larsen, Inger Margrethe Berge, Olav Holten, Torleik Stegane, Gunnar Eide og Eirik Holten. Denne gongen heiter bokvinnaren Signar Myrvang. Gratulerer!

Klok på bok 1602

Men på samme tid er dette grunnen til at det føles så godt å bryte sammen og gråte foran andre, eller å le, eller å tale i tunger, eller å messe på bengali – det er ikke engelsk lenger, det blir ikke lenger presset gjennom noe hull.

Så bare gråt så mye du vil, jeg skal ikke si det til noen.

Sitatet er frå s. 208 i boklækjarutgåva (2012). På originalspråket kom boka ut fyrste gong i 2004. Me skal fram til ei novellesamling. Forfattaren var fødd i eit år då Nobelprisen i litteratur gjekk til ein forfattar som skreiv på engelsk. I novella sitatet er henta frå, fortel hovudpersonen om ei stesyster, og før eg godkjenner svaret, vil eg vete førenamnet på henne. Send namn på stesyster, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 18. november.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Foto: Privat

DiktetKunnskap
Svein Gjerdåker

Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid

«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Thor Magnus Tangerås debuterte som lyrikar i 2022.

Foto: Tove K. Breistein

Meldingar

Flyg høgt

Thor Magnus Tangerås skriv ujamt om naturen og teknikken i Landskap med vindturbinar.

Kjetil Berthelsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis