Klok på bok

Naua kje bitten

Publisert Sist oppdatert

Førre fredag fastslo me at Klok-redaksjonen er politisk nøytral. Boklækjaren kan ikkje bruke tid på tøys og dilldall som ikkje har med litteratur og språk å gjere. Dessutan er det vanskeleg å seie noko om sirkusframsyninga som no går føre seg, så lenge ordet «finnes» ikkje finst på nynorsk.

Som surrogat for sirkus vil me i dag sende ei varm helsing til alle innsendarane. Det er ein fryd å vere boklækjar når så mange finn fram til rett svar, godt over 70 perfekte løysingar fekk me på oppgåve 1593. Denne gongen var det særs mykje godlåt i svara, utan skugge av tvil er Ingvar Moe ein diktar mange set stor pris på. Norunn Askeland skriv: «Ei diktbok på sunnhordlandsdialekt som kom ut i 1975 og som i tillegg var ei debutbok? For oss som var unge og litteraturinteresserte i 70-åra, fell det naturleg å tenkje på Ingvar Moe, som fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for diktsamlinga Løktastolpefrø, skriven på etnedialekt. Moe var lærar på ungdomsskulen på Nøtterøy i mange år, og han skreiv fleire bøker etter debuten. Moe vart fødd i 1936, eit år då Nobelprisen i litteratur gjekk til ein forfattar som skreiv på engelsk. Den forfattaren var amerikanske Eugene O’Neill, han som skreiv Lang dags ferd mot natt, blant anna. Så då er første delen av gåta løyst. Andre delen av gåta var å finne tittelen på eit dikt i verket, der det kjem fram at om huset er oppussa utvendig, er det ikkje er så nøye korleis det ser ut inni, av di ingen kjem på besøk. På side 24 står tittelen og lyser: «Naua kje bitten», som betyr «Det gjer ikkje det minste». Og det som ikkje gjer det minste, er at huset er like stygt innvendig, sjølv om du har måla det og flytta det over fjellet til ein annan stad. Inni er det nemleg:

same flerredne i tapeten

skjoldedne i takjet

same lokto

i gongadne

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement