Naua kje bitten
Førre fredag fastslo me at Klok-redaksjonen er politisk nøytral. Boklækjaren kan ikkje bruke tid på tøys og dilldall som ikkje har med litteratur og språk å gjere. Dessutan er det vanskeleg å seie noko om sirkusframsyninga som no går føre seg, så lenge ordet «finnes» ikkje finst på nynorsk.
Som surrogat for sirkus vil me i dag sende ei varm helsing til alle innsendarane. Det er ein fryd å vere boklækjar når så mange finn fram til rett svar, godt over 70 perfekte løysingar fekk me på oppgåve 1593. Denne gongen var det særs mykje godlåt i svara, utan skugge av tvil er Ingvar Moe ein diktar mange set stor pris på. Norunn Askeland skriv: «Ei diktbok på sunnhordlandsdialekt som kom ut i 1975 og som i tillegg var ei debutbok? For oss som var unge og litteraturinteresserte i 70-åra, fell det naturleg å tenkje på Ingvar Moe, som fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for diktsamlinga Løktastolpefrø, skriven på etnedialekt. Moe var lærar på ungdomsskulen på Nøtterøy i mange år, og han skreiv fleire bøker etter debuten. Moe vart fødd i 1936, eit år då Nobelprisen i litteratur gjekk til ein forfattar som skreiv på engelsk. Den forfattaren var amerikanske Eugene O’Neill, han som skreiv Lang dags ferd mot natt, blant anna. Så då er første delen av gåta løyst. Andre delen av gåta var å finne tittelen på eit dikt i verket, der det kjem fram at om huset er oppussa utvendig, er det ikkje er så nøye korleis det ser ut inni, av di ingen kjem på besøk. På side 24 står tittelen og lyser: «Naua kje bitten», som betyr «Det gjer ikkje det minste». Og det som ikkje gjer det minste, er at huset er like stygt innvendig, sjølv om du har måla det og flytta det over fjellet til ein annan stad. Inni er det nemleg:
same flerredne i tapeten
skjoldedne i takjet
same lokto
i gongadne
Det gjer ikkje det minste, for ingen kjem innom lenger. Så begynte eg å tenkje. Er dette eit dikt som handlar om dei som har flytta frå ei vestlandsbygd til ein stad på Austlandet, over fjellet? Dei som har utdanna seg, kledd seg opp og ’måla huset sitt utvendig’? Men inne i seg har dei flengjer og sår frå barndommen, minne som ikkje er så lette å forsone seg med, og som gjer dei einsame? Ingvar Moe sjølv hadde vanskeleg for å forsone seg med den pietistiske vestlandskristendommen han møtte i oppveksten. Det er framleis forskjell på aust og vest. Og folk kjenner seg framleis einsame om dei ikkje kan dele erfaringane sine med andre.»
For at lesarane skal få ei føling med kor begeistra innsendarane er for Løktastolpefrø og for Ingvar Moe, har eg kryssklipt litt her og der i svarbunken: «Ei samling dikt som verkeleg får ein gamal rogalending til å smile og glede seg.», «tittelen gjør meg glad», «framifrå diktar», «Det er en gripende samling dikt.», «Gildt attersyn!», «leser Ingvar Moes dikt med stor fryd!», «den geniale diktsamlinga» og «Herlege Ingvar Moe!».
Klokingar på oppgåve 1593 var: Signar Myrvang, John Olav Johnsen, Eli Winjum, Else Gjesdahl Sørensen, Ragnhild Eggen, Eli Hegna, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Ingebjørg Sogge, Skeisebibliotekaren i LASK, Jan Alfred Sørensen, Ragna Barkve, John Dag Hutchison, Ingeborg Olsen, Fritjof Lampe, Laurits Killingbergtrø, Atle Aas, Inger Anne Hammervoll, Jorunn Øxnevad Lie, Ole G. Evensen, Randi Brenden, Ole Husby, Irene og Tore på Tranby, Jarle Fanebust, Tom Lotherington, Sverre Almenningen, Erik Aamlid, Liv Sundheim, Solrun Haukedalen, Svein Heggheim, Gunnar Bæra, Inge Strand, Bjarne Strøm, Yngve Skjæveland, Audun Gjengedal, Gunder Runde, Norunn Askeland, Lise Haaland, Marit Skytterholm, Jorunn Røyset, Per Trygve Karstensen, Eirik Holten, Kjell Helge Moe, Nils Farstad, Magnhild Reisæter, Vigdis Hegna Myrvang, Bjørn Myrvang, Oddny Ystanes, Olav B. Larsen, Brita Lundeland, Folke Kjelleberg, Viggo Østebø, Trude Bendiksen, Leif Dybing, Reidar Birkeland, Paul Henrik Hage, Thana Rongen, Marta Kløve Juuhl, Bent Arne Sæther, Sigrun Gjengedal Ruud, Sissel Gunnarshaug, Aning og Dreis, Gunnar Eide, Karna Hauge, Jorunn Kleppe, Geir Ragnhildstveit, Turid Tirevold, Nina Korbu, Tone Carlsen, Nina Caspari, Tine Sunde, Torleik Stegane og Robert Øfsti. Vinnar av bokpremie vart Bjarne Strøm. Gratulerer!
Klok på bok 1595
Han tenkte utvilsomt at ved å mørbanke meg, ville hans kjærlighet triumfere, og i påvente av det, henga han seg med nytelse til sitt raseri. Det er dette den sanne lidenskap består i: for en kvinnes kjærlighet å gi sin neste et knusende slag. Du skjønne og stolte idé!
Sitatet er frå side 77 i boklækjarutgåva (1996). På originalspråket kom boka ut fyrste gong i 1946. Me skal fram til ein forfattar som var fødd i eit år då Nobelprisen i litteratur ikkje vart delt ut. Ein stad i boka finn forteljaren seg ei danseveninne, og før eg godkjenner svaret, vil eg vete kva språk denne kvinna ordlegg seg på. Send talemål på dansande dame, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 30. september.
Medikus Libri
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto via Wikimedia Commons
«Hulda Garborg er ein av dei store, gløymde forfattarskapane i Noreg.»
Fuktmålaren syner at veggen er knuskturr. Er det truverdig?
Foto: Per Thorvaldsen
«Frykta er ein god læremeister. Eg sit no og les Byggforsk-artiklar om fukt for harde livet.»
Wako er Kjetil Mulelid, Simon Olderskog Albertsen, Bárdur Reinert Poulsen og Martin Myhre Olsen.
Foto: Eirik Havnes
Sprudlande samspel
Wako serverer ei heilakustisk jazzplate.
Sitrusmarinert kamskjel med estragon, lime og olivenolje.
Alle foto: Dagfinn Nordbø
«Måltidet skreid fram under både lågmælte og høglydte sukk og stønn.»
Stillinga i VM-kampen mellom Ding Liren og Gukesh var 4–4 etter 8 av 14 parti.
Foto: Eng Chin An / FIDE