JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Murverk

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4378
20220715
4378
20220715

Kan hende har me ymta frampå om dette før, men i spalta du les no, kan det jo aldri verte for mykje propaganda for Poesifestivalen i Ulvik. I år er det festival i fruktbygda frå 9. til 11. september, og det er eit særs godt program vertskapet har snikra saman. Speleplanen finn du på heimesida til Haugesenteret, og eit døme på noko boklækjaren ikkje vil gå glipp av, går føre seg i festivalkroa laurdag kveld. Ta det som eit hint, det er nemleg det det er.

Frå ein anonym lesar som saknar gamle dagar, har me motteke eit hjartesukk. Personen synest det er lenge sidan nokon kom bort til henne og spurde om kva klokka var. No undrast ho på når det vil skje igjen. Ein samstemd Klok-redaksjon meiner at det nok berre er eit spørsmål om tid.

Dag og Tid held velfortent sommarferie dei neste to vekene. For boklækjaren vert det same prosedyre som kvart år. Eg skal til Italia og til havet i midten. I Liguria vil eg lese meg opp på Olav H. Hauge, og det vil eg tilrå alle å gjere.

Som ei sommargåve til lesarane frå oss i bokstova, vil me presentere diktet The Red Wheelbarrow av William Carlos Williams i norsk språkdrakt. Gjendiktinga er av Grethe Fatima Syéd og Jon Fosse. Her kjem «Den raude trillebåra»:

Så mykje kjem an

ei raud trille

bår

skinande av regn

vatn

ved sida av dei kvite

kyllingane.

Marta Kløve Juuhl var ei av mange som leita fram løysinga denne gongen. Ho skriv: «Utruleg kva ein las på gymnaset, rettare sagt, kva Johanna Schwarz fekk oss til å lesa. På slutten av 60-talet var valfag noko nytt. Eg trur me var prøveklutar, og me kunne få velja litteratur. Det var stort! Johanna bad oss mellom anna om å kjøpa Muren av Jean-Paul Sartre. Me las tydelegvis dei to fyrste novellene, for der er det mange kommentarar i boka mi. Men eg må vedgå at eg hugsar ikkje om eg har lese dei andre novellene seinare. Eg hugsar òg at me las Frøken Julie av Strindberg, så det var ikkje den mest opplagde litteraturen me fekk bryna oss på. Løysinga i Kpb denne veka er altså tittelnovella i novellesamlinga Muren av Jean-Paul Sartre (1905–1980). Førenamnet til Gris er Ramon. Eg måtte lesa denne oppatt no, og uhyggestemninga i dette fangeholet under den spanske borgarkrigen er til å ta og føla på. Alle reknar med at dei er dødsdømde, og dei reagerer på ulike måtar. ’Vrien’ til slutt er temmeleg uventa. Det er vel det som kjenneteiknar stor novellekunst.»

Desse møtte muren og fann følgeleg fram til rett svar på oppgåve 1537: Eli Winjum, Signar Myrvang, Nils Farstad, Jan Alfred Sørensen, Vigdis Hegna Myrvang, Ingebjørg Sogge, Else Gjesdahl Sørensen, Skeisebibliotekaren i LASK, John Olav Johnsen, Bjørn Myrvang, Knut Hegna, Aning og Dreis, Laurits Killingbergtrø, Bjørn Gjermundsen, Inger Anne Hammervoll, Laura Killingbergtrø, Nina Therese Maubach, Ole Husby, Anne Mette Strand, Per Trygve Karstensen, Erik Aamlid, Pål Amdal, Eirik Holten, Gunnar Bæra, Fritjof Lampe, Yngve Skjæveland, Gunder Runde, Bent Arne Sæther, Hilde Frigstad, Eli Hegna, Jorunn Øxnevad Lie, Petter Kristensen, Brita Lundeland, Ragnhild Eggen, Reidar Birkeland, Knut Einar Johannessen, Inger Margrethe Berge, Turid Tirevold, Folke Kjelleberg, Olav Holten, Ingeborg Helvik, Anne Berit Skaarer, Jan Erik Røed, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Ole G. Evensen, Arne Thorvik, Marta Kløve Juuhl, Camilla Høvik, Jorunn Brekke Fjeldheim, Robert Øfsti, Kjell Helge Moe, Tone Bjørnsen, Gunnar Eide, Sjur Joakim Fretheim og Torleik Stegane. Siste bokvinnar før sommarferien heiter Bjørn Gjermundsen. Gratulerer!

Klok på bok 1539

Det var noen som gikk i sted, uten å si fra, uten å ha kommet til syne. Det er en smule uhøflig, synes jeg, men det får ingen konsekvenser, siden jeg ikke vet hvem det kan ha vært. Det ville for så vidt ikke fått noen konsekvenser uansett. Man er ikke like oppmerksomme mot hverandre på slutten av dagen, det har tatt på og de fleste tenker mer og mer på seg selv og sine egne behov. Det er naturlig nok.

Sitatet er frå siste kapittelet i fyrste delen av ein roman som kom ut i 2000. Me skal fram til ein forfattar som er fødd i eit skotår og som har gjeve ut bøker på båe skriftspråka. I løysingsboka får me høyre litt om ei dame som heiter Gitz, og før eg godkjenner svaret, vil eg vete namnet på han ho er gift med. Send namn på mannen til Gitz, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 30. juli.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis