JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Morgan Kane var hans namn

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4529
20230818
4529
20230818

Abstinensane etter solrike sommardagar og eit bekymringslaust liv i Italia er ved å døyvast. I det minste er det det boklækjaren prøver å fortelje seg sjølv. Kjem det ei kjensle av lengt etter Liguria, legg eg lok på. Slik vert saknaden etter sommar til ein bortgøymd tone. Som no og då, mest no, ligg og dirrar imellom Middelhavet og meg.

Det kan verte for mykje melankoli, me må vidare i teksten, og her i bokstova er me ikkje for fine til å ta med litt folkelesnad. Det er ein segnomspunnen revolvermann me vil minne om i dag. Han var fødd i 1855 ved Santa Fe, og det fyrste han fekk sjå var nokre knuste vogntog. Ein tøff start for vesle Morgan, altså.

Med song og melodi av Benny Borg, og med tekst av Kjell Hallbing, fauk «Balladen om Morgan Kane» i 1973 rett til topps på Norsktoppen. I teksten til balladen framgår det mellom anna: «Kun det våpen som han brukte ble hans venn,/ og det gjorde ham mest ensom i blant menn./ Morgan Kane var hans navn.»

Det kom i alt 83 bøker om Mr. Kane, berre i Noreg selde serien om lag 11 millionar bøker. I ei fornøyeleg scene i løysingsboka denne veka vert eit eksemplar av alle desse nytta på originalt vis. Laurits Killingbergtrø skriv: «Takk for ny bokgåte. Eg tenkte ikkje å trøytte lesarane med sjølvsentrerte skribleri denne gongen, men eg må berre fortelje om kva flaks eg hadde da eg skulle finne svar på tilleggsspørsmålet. Nokså radig fann eg at boka måtte vere romanen Eitranes av Lars Ove Seljestad. Ho har eg ikkje i huset, så eg strauk ut og kjøpte ho på Norli. Eg har nokre slektningar på vitjing desse dagane, og eg måtte bu dei på at det vart ikkje mykje prat med meg med det første. Sjå her, sa eg, denne tjukke boka på 504 sider må eg lese fordi Medikus krev svar på eit ekstraspørsmål. Eg lyfte boka i vêret så ho opna seg, og det tilfeldig på sidene 324–325. Og sanneleg, akkurat der er prøvebryllaupet skildra. Presten las ‘velsigninga over dei frå ei velbrukt Morgan Kane-bok som han heldt fram med to hender, som om han las frå sjølvaste Bibelen’. På det viset vart det prat her i huset likevel i helga da. Og boka kan eg lese etter kvart.»

Gunnar Bæra skriv: «Forfattaren og sosiologen Lars Ove Seljestad er fødd i 1961 og har bak seg åtte romanar, to diktsamlingar og ein essaysamling. Han debuterte med Blind i 2005 og oppgåveboka Eitranes (2022) er ein frittståande oppfølgjar.»

Marta Kløve Juuhl skriv: «Denne gongen er du nokså lokal, i alle fall for folk frå Hordaland. Lars Ove Seljestad er forfattar av romanen Eitranes, som kom ut i fjor. Ein stor del av forfattarskapet hans går ut på å skildra livet i industribyen Odda og smelteverkets vekst og fall. Slik også i denne forteljinga, som kan vera nokså brutal når han skildrar oppvekst, men heilt ubetaleleg i denne scene når han skildrar bryllaupet til Myggen, som du spør etter. Prøvebryllaupet gjekk føre seg på smelteverket, og bibelen i dette høvet var ei velbrukt Morgan Kane-bok. Denne scenen skulle eg gjerne sett på film!»

Klokingane som kom fram til rett svar på oppgåve 1588: Signar Myrvang, Ragnhild Eggen, Laurits Killingbergtrø, John Olav Johnsen, Ingebjørg Sogge, Vigdis Hegna Myrvang, Else Gjesdahl Sørensen, Olav Holten, Eli Hegna, Reidar Birkeland, Fritjof Lampe, Eirik Holten, Jan Alfred Sørensen, Per Trygve Karstensen, Kjell Helge Moe, Lise Haaland, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Anne Berit Skaarer, Folke Kjelleberg, Audun Gjengedal, Skeisebibliotekaren i LASK, Jorunn Røyset, Ole G. Evensen, Inge Strand, Inger Margrethe Berge, Ole Husby, Gunnar Eide, Eli Winjum, Sigrun Gjengedal Ruud, Turid Tirevold, Robert Øfsti, Marta Kløve Juuhl, Sissel Gunnarshaug, Gunnar Bæra og Torleik Stegane. Denne gongen heiter bokvinnaren Else Gjesdahl Sørensen. Gratulerer!

Klok på bok 1590

Når en setning kommer til verden, er den god og dårlig på én og samme tid. Hemmeligheten ligger i å kunne dreie, knapt merkbart. Du må la håndtaket ligge i hånden og varme seg. Å dreie på det må du gjøre bare én gang, ikke to.

Sitatet er frå s. 182–183 i boklækjarutgåva (2022). På originalspråket kom forteljingane i boka ut i samla form fyrste gong i 1931. Me skal fram til ein forfattar som både var fødd og døydde i eit år då Nobelprisen i litteratur ikkje vart delt ut. I ei av historiene fortel forfattaren om ei fuglekasse, og før eg godkjenner svaret, vil eg vete namnet på forfattaren denne forteljinga er dedisert til. Send namn på tileigna forfattar, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 26. august.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis