JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Månelyst

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4852
20230630
4852
20230630

Det finst mange ord og uttrykk som med tida har tapt både kraft, glans og farge. Ei seiing som hadde visna litt alt då boklækjaren var barn, var skremsla om at det kom til å bli månelyst om eg ikkje gjorde som dei vaksne sa eg skulle gjere. Kva var det for ein trugsel? Månen var jo ein ven i mørkret. Dessutan var det jo der Åkken Bom budde.

Kan hende finst det lesarar som ikkje er familiære med herr Bom, så her kjem ei lita oppfrisking: Åkken Bom er ein under middels høg mann som er folkeregistrert på månen. Av fritidssyslar er det særleg å spele på ei ause han konsentrerer seg om. Om personlegdomen til Bom kan me fastslå at han er forfengeleg, men at han neppe har lese Norsk Klædebunad.

Herr Bom har ein hatt av blautkake, og utan å vere altfor kritiske, lyt me påpeike at dette er eit upraktisk og litt merkeleg hovudplagg. Vidare har han ei jakke av kjøttkaker, der knappane er av rundstykke. Igjen ein påklednad som kan sette kven som helst i stuss. Innanfor jakka har han ein vest av knekkebrød. Dette er noko som gjev meining. Saman med klangen frå ausa trur me knekkebrød vil gje ein særs god atterljom i verdsrommet. Moralen i soga om Åkken Bom er at alt er musikk, og at ein ikkje treng å framstå som moteløve frå Milano når ein bur på månen.

Førenamnet på forfattaren me skulle fram til denne veka har tydinga «mengd som kan teljast» på nynorsk. Diverre har me ingen madjarar i fast stilling her i bokstova, så kva namnet Antal Szerb tyder på ungarsk, får stå i uvissa. Laurits Killingbergtrø skriv: «Romanen vår denne gongen kom lokalt ut i 1937, og forfattaren er fødd eit år det var fransk nobelprisvinnar. Da ser det mest realistisk ut at ein må tilbake til første året prisen kom, i 1901, med vinnaren Sully Prudhomme. Men norske Wikipedia var irriterande påhalden med å nemne noko matnyttig under åra 1901 og 1937 og 2021. Da annleis med den engelske wikipediakollegaen. Under ‘1937 in literature’ var det rikhaldig med namn, og eg prøvde og feila før eg fann ein interessant type som heiter Antal Szerb og er frå Ungarn. Ei bok han gav ut det året, Utas és holdvilág, kom i norsk omsetjing av Éva Dobos i 2021 med tittelen Reise i måneskinn. Bingo? Ja, det viste seg at sitatet stod rett plassert da eg fekk kjøpt boka i ei bokbu. (Ho var utlånt i alle 13 avdelingane av Deichman i Oslo.) Etter dette strevet i 30 graders varme sette eg pris på at det gjekk veldig radig med ekstraspørsmålet. Eg har enno lese berre 30 av 263 sider og har alt funne fire hovudstader: Paris s. 10, London s. 17, Roma s. 19 og Budapest s. 22. Men eg skal lese meir når eg får avkjølt meg ­– æresord!»

Eli Hegna skriv: «Denne uka skal vi fram til en klassiker og kultroman som jeg burde ha visst om og lest. Men det har jeg ikke. Jeg skjønner nå at jeg må jeg prøve meg på Reise i måneskinn av ungareren Antal Szerb. Boka har vært sammenlignet med Mesteren og Margarita av Mikhail Bulgakov.»

Gunnar Sama skriv: «Takk for kviss! Hadde det ikkje vori for den, er det omtrent umogeleg at eg hadde lesi Szerb!»

Toril Mesna skriv: «Boka var fin og rar!»

Antal rette svar på oppgåve 1583 var 45, og då har me talt med desse: Signar Myrvang, Eli Winjum, John Olav Johnsen, Ingebjørg Sogge, Vigdis Hegna Myrvang, Bjørn Myrvang, Jorunn Øxnevad Lie, Laurits Killingbergtrø, Reidar Birkeland, Fritjof Lampe, Ragnhild Eggen, Ole Husby, Else Gjesdahl Sørensen, Gunder Runde, Jan Alfred Sørensen, John Dag Hutchison, Toril Mesna, Grete Gjelten, Nils Farstad, Audun Gjengedal, Eli Hegna, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Skeisebibliotekaren i LASK, Folke Kjelleberg, Paul Henrik Hage, Jorunn Røyset, Oddny Ystanes, Inger Anne Hammervoll, Robert Øfsti, Ole G. Evensen, Ragna Barkve, Kjell Helge Moe, Sigrun Gjengedal Ruud, Thana Rongen, Gunnar Sama, Sissel Gunnarshaug, Inge Strand, Per Trygve Karstensen, Magnhild Reisæter, Olav Holten, Olav B. Larsen, Gunnar Eide, Eirik Holten, Dei kvasse på Fana og Sjur Joakim Fretheim.

I dag sender me bokpremien til Drammen og til Gunnar Sama. Gratulerer!

Klok på bok 1585

Jeg tenkte på ham da jeg våknet imorges med et mektig knallrødt hyl av glede. Jeg tenkte på alle de elvene og trærne og hele denne nattens verden han har utforsket. Ja, sa jeg til meg selv, også jeg elsker det som flyter; elver, kloakker, lava, sæd, blod, galle, ord, setninger.

Sitatet er frå s. 256 i boklækjarutgåva, men boka finst i ei lang rekkje utgåver på norsk. På originalspråket kom ho ut fyrste gong i 1934. Me skal fram til ein forfattar som døydde i eit skotår då Nordisk råds litteraturpris gjekk til ein svenske. Også denne gongen skal me til ein forfattar som sette Knut Hamsun høgt. Før eg godkjenner svaret, vil eg vete namnet på minst tre tyske komponistar som er nemnde i boka. Send namn på tyske komponistar, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 8. juli.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis