Klok på bok

Lokkemat

Publisert

Det har vore val i Noreg, men sidan Klok-redaksjonen er politisk nøytral, vil me ikkje komme med spissfindigheiter om valresultatet. Her har me fyrst og fremst fokus på forfattarar og på litteratur. Ei finurleg finte no kunne vere å sleppe til Ivar Aasen og litt livsrøynsle: «Det er leitt å ha valet og ta skalet.» Ordtøket peiker sjølvsagt på ein situasjon der ein kan velje fritt, men tek det ringaste. Det er vel heller tvilsamt at han Ivar hadde valet til kommunestyre og fylkesting 2023 i tankane når han skreiv ned fyndordet, men me kan ikkje fullt og heilt utelukke det.

Henrik Ibsen tek eit pussig val i løysingsboka denne veka. Marta Kløve Juuhl skriv: «Denne gongen er eg nesten programforplikta til å senda inn løysing, for boka står borti hylla med helsing frå forfattaren. Det er Erlend O. Nødtvedt som har vore på ferde att, med forteljinga Mordet på Henrik Ibsen. Han har ein ustyrleg fantasi. Det er eit dristig grep, fyrst å skriva seg sjølv inn i forteljinga, og så stadig skriva brev til Stefan Larsson, teatersjefen på Den Nationale Scene i notid, og foreslå ei sjølvskriven oppsetjing nettopp om den tida Henrik Ibsen var tilsett på teateret. Der skjedde dei utrulegaste ting, men noko mord på Henrik Ibsen var ikkje så lett å finna ut av. Sjøreisa du spør etter, er svært så livleg skildra på side 137–142. Henrik Ibsen var passasjer på ein båt til Danmark, dei kom ut for storm, og dei måtte søkja naudhamn i Sandviken, ikkje i Bergen, men utanfor Tvedestrand. Dei vart bedne inn til losen, og han kunne fortelja at sjølvaste Wagner òg hadde vore gjest hjå han. Som takk for redninga hadde han gitt losen ein hårlokk. Og denne hårlokken tok altså Ibsen i munnen, og han svelgde han ned. Ein må nesten vera Erlend Nødtvedt for å finna på noko slikt.»

Gunnar Bæra skriv: «Denne boka har eg nettopp lese. Det var med stor interesse og glede eg kunne setje meg ned og meske meg med den store diktaren sine eskapadar i Bergen. Ja, det er store og heilt ukjende hendingar forfattaren Erlend O. Nødtvedt, fødd 1984, kan leggja fram i romanen Mordet på Henrik Ibsen. Forfattaren har tidlegare gjeve ut fire diktsamlingar og ein roman. No presenterer han eit utsøkt måltid nattmat som byr på ’finere cognac’ og ’Richard Wagners hårlokk’.»

Nina Korbu skriv: «På denne oppgaven er svaret den fantastisk morsomme romanen Mordet på Henrik Ibsen av Erlend O. Nødtvedt. Boka kom ut første gang i 2021, og så var det det arkaiske språket i sitatet. Da jeg kom over Nødtvedts navn og passende fødselsår (1984) i oversikten min over utgitte romaner på norsk i 2021, tenkte jeg at dette måtte være et særdeles godt spor. Og det viste seg å stemme da jeg sjekket – og kjøpte – pocketutgaven. Jeg leser den nå, og boka er jo hysterisk morsom! I tillegg blir jeg utrolig nysgjerrig, for jeg lurer hele tiden på om noen – eller hvor mange – av alle de ’faktiske hendelsene’ og opplysningene er virkelige og korrekte. Her bare jeg undersøke en del ting nærmere.»

Anne Berit Skaarer skriv: «I denne boka kan alt skje, og skjer. Takk for lesetipset!»

På oppgåve 1592 var det desse klokingane som lèt seg lokke til å sende inn rett svar: Signar Myrvang, Eli Winjum, Ingebjørg Sogge, Laurits Killingbergtrø, Vigdis Hegna Myrvang, Ragnhild Eggen, Jon Grepstad, Reidar Birkeland, John Dag Hutchison, Inger Anne Hammervoll, Ole G. Evensen, Lise Haaland, Jan Alfred Sørensen, Gunder Runde, Skeisebibliotekaren i LASK, Eli Hegna, Per Trygve Karstensen, Turid Tirevold, Liv Sundheim, Nils Farstad, Audun Gjengedal, Brita Lundeland, Jorunn Røyset, Marta Kløve Juuhl, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Else Gjesdahl Sørensen, Kjell Helge Moe, Folke Kjelleberg, Jorunn Øxnevad Lie, Fritjof Lampe, Sigrun Gjengedal Ruud, Gunnar Bæra, Anne Berit Skaarer, Nina Korbu, Ragna Barkve, Torleik Stegane og Robert Øfsti. Denne gongen skal bokpremien til Bodø og til Ragnhild Eggen. Gratulerer!

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement