JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Ljosraud tråd

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4653
20230428
4653
20230428

Denne gongen vert det fakta på fredag i spalta du les no. Men om du i førevegen veit det heile og alt om Carolina Wilhelmina Sandell, har me naturleg nok ikkje noko å tilføye. Sandell var ein svensk diktar som var fødd i 1832 og døydde i 1903. Blant nære vener vart førenamnet forenkla til Lina, og som salmediktar er ho såleis best kjend som Lina Sandell.

No skal det nok vere ein lesar eller tre som vil vete kvifor boklækjaren i dag kjem slepande med ein svensk salmist. Det finst det ei solid og syltynn forklaring på. Frå Sandell og til løysingsboka går det nemleg ein raud tråd. Kan hende er tråden ljosraud, kan hende er han spinkel, men ein tråd er det. Det har seg slik at det er Lina Sandell som har skrive teksten til salmen «Tryggare kan ingen vara». På norsk kjenner me songen som «Ingen er så trygg i fare», og vips, der har me tittelen på boka me skulle fram til denne veka.

Konkrete kjensgjerningar skal ein ikkje kimse av, og boklækjaren stør seg som oftast på Kjartan Fløgstad, som skal ha sagt at fakta har makta. Men no og då kan ein verte i tvil.

Inge Strand skriv: «Sitatet denne gongen sa meg ikkje noko med det same, men opplysninga om ein hovudperson som leiter etter far sin, fekk klokker til å ringje. Det minner meg om Kapo og Kain på tur til Novgorod på ein raud motorsykkel for å leite etter Kapos far.

Opplysningane elles høver også til Jørgen Norheims roman: Ingen er så trygg i fare. Romanen er i tillegg ei ganske frodig skildring av mellom anna jappetid og skatteopprør på seint 1900-tal, men skildringa av Kapo og Kain er den berande. Ei flott bok som vart nominert til Nordisk råds litteraturpris, men som likevel ikkje fekk den merksemda eg meiner ho fortente. Kapo finn far sin, som gjennom boka blir omtalt som S, men som vi mot slutten får vite er Sergej.»

Laurits Killingbergtrø skriv: «Så var det å stø seg på nobelprisvinnarar att, da. Eg fann tre aktuelle år som både var skotår og hadde ein fransk vinnar: 1952, 1960 og 1964. Wikipedia er flink til å føre opp norske forfattarar på desse åra, men til mitt føremål med «irriterande» mange nynorske. Heldigvis (framleis til mitt føremål) hadde få av dei gjeve ut bok i 2002, slik som Lars Amund Vaage og Jørgen Norheim, begge fødde i 1952. Det vart såleis ein del vandring i bibliotek og bokhandlar for få kåra den endeleg vinnaren, og det vart Jørgen Norheim med boka Ingen er så trygg i fare. For hipp-hipp, der stod sitatet på rett side. (Jubel!) Eg juksa litt med lesinga av den digre boka, for eg forstod det slik på boklækjaren at namnet på denne faren kom litt seint i boka. Rett nok, på side 279 av i alt 295 får endeleg hovudpersonen Kapo (og eg) greie på at faren heiter Sergej. PS: Eg er sjølvsagt storglad for alle dei nynorskskrivande forfattarane som markerer seg i den norske litteraturen!»

John Olav Johnsen skriv: «Eg er i gang. Ei ny leseglede. Takk.»

Kjell Helge Moe skriv: «Denne boka har jeg lest. Kan absolutt anbefales!»

Desse klokingane kom ikkje til å fare vill, men kom trygt fram til rett svar på oppgåve 1574: Signar Myrvang, Eli Winjum, John Olav Johnsen, Skeiseblinkotekaren i LASK, Ragnhild Eggen, Bjørn O. Bjørnsen, Vigdis Hegna Myrvang, Eli Hegna, Ingebjørg Sogge, Bjørn Myrvang, Laurits Killingbergtrø, Lise Haaland, Ole Husby, Inge Strand, Jorunn Røyset, Inger Anne Hammervoll, Reidar Birkeland, Gunnar Bæra, Roar Øvrebust, Audun Gjengedal, Olav Holten, Torhild Bru, Camilla Høvik, Sigrun Gjengedal Ruud, Kjell Helge Moe, Eirik Holten, Thana Rongen, Per Trygve Karstensen, Sjur Joakim Fretheim, Gunder Runde, Jan Alfred Sørensen, Else Gjesdahl Sørensen, Inger Margrethe Berge, Jorunn Øxnevad Lie, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Gunnar Eide, Robert Øfsti, Fritjof Lampe, Ole G. Evensen, Tiril Bonnevie og Dei kvasse på Fana. Bokvinnaren denne gongen heiter Thana Rongen. Gratulerer!

Klok på bok 1576

Fortiden trodde på datoer. Et menneskes liv besto av datoer. Datoer ga livet rytme og en følelse av at man beveget seg opp en trapp. Så kunne man fra høyden av en eller annen dato se seg tilbake og ned og betrakte fortiden. En klar, begripelig fortid som var delt inn i kvadrater og linjer etter begivenheter og veivalg.

Sitatet er frå side 161 i boklækjarutgåva (2022). På originalspråket kom boka ut i 1996. Me skal fram til ein forfattar som hadde fødselsdag førre helg, og som ikkje er ukjend for faste lesarar av Dag og Tid. Mot slutten av boka oppheld hovudpersonen seg ei god stund i eit spelelokale, og før eg godkjenner svaret, vil eg vete namnet på denne plassen. Send namn på spelelokale, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 6. mai.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis