Kunstig kunnskap
Det måtte jo skje, og det er ikkje noko vedunderleg ved det. Ein ærleg innsendar tilstår blankt at han har nytta KI, kunstig intelligens, for å finne svaret på oppgåva her i bokhjørnet.
No er det ikkje slik at Klok-redaksjonen har ei lang og streng liste med forbodne hjelpemiddel når lesarane er på leit etter løysinga på bokgåta. Tvert imot, i bokstova tillèt me kva som helst av verktøy og reiskap for å komme fram til rett svar. Kan hende er me i overkant liberale når me heller ikkje har dopingkontroll, men det vert for vanskeleg å handheve eit regelverk på området.
Lat oss sjå litt nærare på korleis det gjekk når kunstig intelligens skulle bryne seg på oppgåve 1650. Som vanleg skulle me fram til ein forfattar og eit verk, og forslaget frå KI-en var slett ikkje dårleg, nemleg Olaug Nilssen og boka Uønska åtferd. Det var berre ein liten hake ved framlegget, og det var at svaret var fullstendig feil.
I staden for kunstig, vil boklækjaren tilrå naturleg intelligens når det skal grublast her i det gåtefulle. Det er ikkje utenkjeleg at gleda over å spore opp svaret er større om du har gjort det sjølv.
Det er ikkje noko kunstig over Gunder Runde. Han skriv: «Ei bok som er komen i nytt opplag allereie same året som utgjevinga, ho må vere anten skriven av ein vidgjeten forfattar eller ei bok som har fått særs god omtale. Eg slår opp på boklista for Samlaget 2023, og der finn eg straks ei bok som høver til føresetnadene eg har stilt, nemleg Odel av Dordi Strøm. Denne boka las eg straks ho kom ut, og ho gjorde eit sterkt inntrykk. Før eg byrja å lese, venta eg meg ei slags Per Bufast-historie, men så viste det seg at Odel er eit jentenamn. At boka så snart kom i nytt opplag, kjem truleg av at ho vann Lyttaranes romanpris for 2023, noko gamlefar ivrig applauderte frå sin plass i hornet på veggen. På garden Stein bur ekteparet Inga og Olov, og borna Ommund og Odel. Odel er slett ingen Per Bufast, ho reiser tidleg frå bygda, som student, og er heimom berre i korte periodar. Ein gong kjem ho heim med ei nyfødd jente, det er Liv, som for ein stor del fører ordet i denne romanen. Liv er observerande, og til dels aksepterande, bortsett frå då hunden Bowie vert påkøyrd og ho går til angrep på sjåføren. Elles får vi i små innslag informasjon om dagleglivet på Stein, sett frå eit barnesynspunkt. Liv går inn i rekkja av gode barneskildringar i norsk litteratur (Veien til verdens ende, Allis sønn, Det store spelet osv.). Ei nydeleg skildring av eit barnesinn. Men ein mørk skugge: Ho veit ikkje kven som er far hennar, og Odel vil ikkje seie det. Og så var det bånsullen. Det er Ommund som syng Byssan lull, eg reknar med at det er dette som er bånsullen. Dordi Strøm vart fødd i 1971, og har utdanning som scenograf og kostymedesignar. Ho har gitt ut berre ei bok før Odel, nemleg Flog, 2021. Eg trur vi er mange som ser fram til hennar neste bok!»
Reidar Mikal Bringedal skriv: «Eg takkar for ei strevsam økt.»
I tilleggsspørsmålet denne gongen etterlyste me ein bånsull. Det viste seg å vere fleire vegar til Roma, for sjølv om Ivar Aasen-sambandet omtaler Liti Kjersti som ein mellomalderballade, har me sjølvsagt godkjent at også denne melodien kan nyttast som voggevise.
På oppgåve 1650 sender me heider og ære til: Signar Myrvang, Eli Winjum, Ragnhild Eggen, Paul Henrik Hage, Ellen Lian, Ingebjørg Sogge, Fritjof Lampe, John Dag Hutchison, Vigdis Hegna Myrvang, Terje Solbakk, Per Trygve Karstensen, Ole Husby, Inger Anne Hammervoll, Eli Hegna, Nils Farstad, Bente og Mads, Jorunn Øxnevad Lie, Arnfrid Vågslid Skjæveland, Gunder Runde, Jan Erik Røed, Ole G. Evensen, Skeisebibliotekaren i LASK, Inger Merete, Kirsti og Grete, Olav Holten, Audun Gjengedal, Folke Kjelleberg, Torstein Arne Svendsen, Robert Øfsti, Reidar Birkeland, Sigrun Gjengedal Ruud, Gunnar Bæra, Eirik Holten, Laurits Killingbergtrø, Frode Torvund, Inger Margrethe Berge, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Line Arneberg, Kjell Helge Moe, Solrun Haukedalen, Reidar Mikal Bringedal, Torleik Stegane, Magnhild Reisæter, Olav B. Larsen, Marta Kløve Juuhl, John Olav Johnsen, Sissel Gunnarshaug, Gunnar Eide, Nina Korbu, Irene og Tore på Tranby, Jorunn Kleppe og Kristine Fluge. Denne veka er Jorunn Kleppe vinnar av ein bokpremie. Gratulerer!
Klok på bok 1652
Eg er så sturen. Det er så einsamt her. Kan vi ikkje sette oss ned og lyge litt, seier han. De skal få ein kopp kaffi.
Sitatet er frå side 175 i ein roman som kom ut i år. I dag skal me fram til ein forfattar som er fødd i eit år då Nordisk råds litteraturpris gjekk til ein dansk forfattar. Før eg godkjenner svaret, vil eg vete kor me er når forteljaren i boka får oppfylt ein draum om å komme med under jorda. Send inn namn på underjordisk anlegg, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 30. november.
Medikus Libri
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Mmm, nam-nam? Tja, om scobyen ser litt rar ut, så vert den fermenterte tedrikken sett pris på av menneske verda over.
Foto via Wikimedia Commons
Fermentert te breier seg i butikkhyllene – til solide prisar.
Foto via Wikimedia Commons
«Hulda Garborg er ein av dei store, gløymde forfattarskapane i Noreg.»
Fuktmålaren syner at veggen er knuskturr. Er det truverdig?
Foto: Per Thorvaldsen
«Frykta er ein god læremeister. Eg sit no og les Byggforsk-artiklar om fukt for harde livet.»
Wako er Kjetil Mulelid, Simon Olderskog Albertsen, Bárdur Reinert Poulsen og Martin Myhre Olsen.
Foto: Eirik Havnes
Sprudlande samspel
Wako serverer ei heilakustisk jazzplate.
Sitrusmarinert kamskjel med estragon, lime og olivenolje.
Alle foto: Dagfinn Nordbø