JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Knaus i Køben

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4707
20230519
4707
20230519

For boklækjaren er livet enkelt: På veg heim frå Berlin går turen innom København. Så stoppar eg.

No var det ikkje heilt tilfeldig at eg hamna i København. Ein fugl hadde kvitra om at Karl Ove Knausgård var i byen, og når den danske hovudstaden er god nok for Karl Ove, er han det for meg òg.

Når danskane skal namngje noko, er det ikkje den minste tromma det vert slege på. Det var Det Kgl. Bibliotek som hadde invitert Knausgård til International Forfatterscene i Den Sorte Diamant denne torsdagen. Der skulle han samtale med kulturredaktør i Weekendavisen, Kathrine Tschemerinsky, og konversasjonen skulle sjølvsagt gå føre seg i Dronningesalen.

Det var fullt opp med folk, og det vart ein særs triveleg og interessant seanse, ikkje minst for dei av oss som forstår både dansk og norsk. Ikkje alle gjer det i Danmark.

Eit fornøyeleg høgdepunkt var då Tschemerinsky ville vete korleis Knausgård i den nye romanserien kunne skrive truverdig om tankane og livet til ei russisk dame. Knaus fortalde at han mellom anna hadde vore i Moskva på feltarbeid i ni dager, men at han fekk ei viktig retting frå omsetjaren då han sende fyrsteutkastet til Russland. Han hadde skrive om eit dobesøk på eit russisk tog, og der var det ein passasje som måtte skrivast om. Det var nemleg heilt utenkjeleg at det fanst dopapir på toalett på russiske tog.

Det er ei tid for alt, og etter samtalen på scena var det tid for at Karl Ove skulle signera bøker. Med 250 menneske bak meg i køen var det ikkje rette plassen for ein lengre passiar, men på vegner av lesarane fekk eg spurt Knausgård om kven han rekna som den største nynorskforfattaren. Då eg måtte presisere at det var gjennom alle tider me meinte, såg han på meg som om svaret var innlysande: «Det er Tarjei Vesaas.»

Frå Knausgård til Killingbergtrø og til løysinga denne veka. Laurits K. skriv: «Eg var heldig med å snoke meg fram på nettet denne gongen, Medikus. Med å leggje inn dei tre sentrale søkjeorda ‘novellesamling 1986 nobelprisvinner’ kom Alice Munro opp som første namnet. Og rett nok, på Wiki står kanadiske Alice Ann Munro (fødd Laidlaw) oppført med novellesamlinga The Progress of Love i 1986, og med norsk omsetjing Forunderlig er kjærligheten i 1988. Det var ikkje lett å skaffe seg denne boka, utlånt som ho er frå alle bibliotek her i byen. Men ho er til sals i bokbuer, så no er eg i gang med å lese meg fram til ekstraspørsmålet. Der slapp eg òg lett, for i boka på 296 sider kom svaret alt på side 34: Det var tre tusen dollar i papirpengar som mor til jeg-personen kasta inn i logane i omnen. Som ein mann av ære heldt eg likevel fram og las boka ut, men det var nok sant å seie mest fordi eg vart meir og meir fengd av skildringane i desse ti novellene. Alice Munro er da òg rekna som ein av dei mest omtykte og produktive novellistane vi har, ifølgje dei som har fyldigare samanlikningsgrunnlag enn eg har.»

John Olav Johnsen skriv: «Eg er ikkje kjend med denne forfattaren, men dette gav meirsmak.»

Det var forunderleg mange som kom i mål på oppgåve 1577. Me nemner i fleng: Eli Winjum, John Olav Johnsen, Else Gjesdahl Sørensen, Vigdis Hegna Myrvang, Ingebjørg Sogge, Skeisebibliotekaren i LASK, Per Trygve Karstensen, Torhild Bru, Laurits Killingbergtrø, Bjørn Myrvang, Gunnar Bæra, Arve Kjøstvedt, Ole Husby, Signar Myrvang, Jorunn Øxnevad Lie, Inger Anne Hammervoll, Inge Strand, Sidsel Spilde, Jan Alfred Sørensen, Eli Hegna, Ole G. Evensen, Ragnhild Eggen, Tone Støylen Holgersson, John Dag Hutchison, Gunder Runde, Olav Holten, Olav B. Larsen, Magnhild Reisæter, Inger Margrethe Berge, Anne Berit Skaarer, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Lise Haaland, Paul Henrik Hage, Bjørn O. Bjørnsen, Nils Farstad, Jorunn Røyset, Eirik Holten, Audun Gjengedal, Folke Kjelleberg, Fritjof Lampe, Kjell Helge Moe, Brita Lundeland, Gunnar Eide, Sissel Gunnarshaug, Turid Tirevold, Robert Øfsti, Sigrun Gjengedal Ruud, Dei Kvasse på Fana, Torleik Stegane, Reidar Birkeland og Rolv Stølen.

Denne gongen heiter bokvinnaren Olav B. Larsen. Gratulerer!

Klok på bok 1579

Kysse, kysse og kysse. Og vekselsvis: Dantes guddomlege komedie. Ho likar dette, ho likar å lese bøker som dei andre i klassen ikkje les. Ser ho ei bok som ser tjukk og vanskeleg ut, utan freistande omslag, tek ho den.

Sitatet er frå side 167 i boklækjarutgåva (2008). Me skal fram til ein forfattar som er fødd i eit år då Nobelprisen i litteratur gjekk til ein søreuropeisk forfattar. Det er eit rikt persongalleri i løysingsromanen, og før eg godkjenner svaret, vil eg vete det litt sjeldsynte namnet på ei dame som spelar bass. Send førenamn på bassist, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 27. mai.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis