JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Klara og klarvêr

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4895
20230811
4895
20230811

Det er seinsommar. Etter late, lyse og lystige veker i Liguria, er det med fryd og stor entusiasme Klok-redaksjonen endeleg kan møtast i bokstova for å sleppe laus arbeidsgleda. Diverre er det upraktisk å skrive heile spalta med lygekross bak ryggen, difor lyt me vedgå at det er litt melankoli og mykje sirup over situasjonen dei fyrste dagane etter ferien.

For at lesarane ikkje skal ha alt for vondt av oss, som om det var ein fare, vil me straks ta på oss kenguruskorne og hoppe til løysinga på sommarkvissen. Der skulle me fram til ei mininovelle, «Dinosauren», av Augusto Monterroso. Det var fire klokingar som kom fram til rett svar, nemleg Torleif Bertelsen, Folke Kjelleberg, Ragnhild Eggen og Signar Myrvang. Vinnaren av bokpremie vart Folke Kjelleberg. Gratulerer!

Så til svaret på oppgåve 1587. Gunder Runde skriv: «Etter vellukka samarbeid med dotterdotter Eivor i jula (Hamsun-oppgåva) er tida no komen for nytt samarbeid, sidan Eivor er på feriebesøk og viser stor interesse for Klok på bok. Samarbeidet føregår på følgjande måte: Besten leiter fram åtte aktuelle årstal mellom 1962 og 1993 (amerikanske nobelprisvinnarar), og startar med det mødesame arbeidet å gå igjennom Wikipedias litteraturårliste for desse åra. Eivor tar ein enklare snarveg og noterer ned fødselsåra for nobelprisvinnarar frå i år og bakover i tida. Det tar berre to–tre minutt, så leverer ho følgjande forslag: Kazuo Ishiguro/ Hemingway/ 1954. Og då går det opp eit lys for gamlefar: Den kryptiske formuleringa ’kva for modell ho som har hovudrolla, er’ gir meining! Sjølvsagt er løysinga Klara og solen (2021) av nettopp Kazuo Ishiguro. Og modellen som Klara er representant for, vert kalla B.2, og han er litt gamaldags i forhold til nyvinninga B.3, som er meir populær. Klara er ein menneskeliknande og menneskeskapt robot, programmert til å vere hjelpar for handikappa ungdomar. Ishiguro greier på ein overtydande måte å skildre miljøet rundt Klara sett frå hennar (litt ufullstendige) synspunkt. Ei fascinerande og særs meiningsfull bok, som også fortel mykje om det (framtids)samfunnet som Klara er ein del av. (Og Eivor skal lese boka når ho kjem tilbake til Trondheim, seier ho.) Ishiguro vart fødd i Japan, men kom til England som femåring og skriv bøkene sine på engelsk. Han slo igjennom allereie i 1989 med romanen Resten av dagen, ei rørande forteljing om ein aldrande engelsk butlar som legg ut på ei bilreise for å finne att ei hushalderske som han kjende i sin ungdom. Boka er filmatisert, med Anthony Hopkins i hovudrolla. Fleire av dei seinare bøkene til Ishiguro har katastrofen i Hiroshima og Nagasaki som bakteppe. Seinare fokuserer han meir på eventuelle framtidige endringar i verda, og der står romanen Gå aldri fra meg frå 2015 sentralt. Denne boka går føre seg i eit miljø (ein kostskule) som tilsynelatande er ein omsorgsfull institusjon, men som etter kvart viser seg å vere noko heilt anna, nemleg ein anstalt for framtidige donorar, som då sjølvsagt får eit kort liv. Også denne boka er filmatisert. Samarbeidet med det særs litteraturinteresserte barnebarnet gir ein ekstra dimensjon til denne oppgåva, bestefar er både stolt og ikkje minst varm om hjartet i denne samanhengen. Kanskje er Eivor eit framtidig tilskot til den (etter kvart aldrande?) Klok-på-bok-gjengen?»

Å finne fram til Klara var det desse som klara: John Olav Johnsen, Ingebjørg Sogge, John Dag Hutchison, Jorunn Øxnevad Lie, Eli Winjum, Signar Myrvang, Per Trygve Karstensen, Ragnhild Eggen, Vigdis Hegna Myrvang, Bjørn Myrvang, Inger Anne Hammervoll, Eivor Runde Barlaug, Gunder Runde, Gunnar Bæra, Turid Tirevold, Jorunn Røyset, Folke Kjelleberg, Laurits Killingbergtrø, Torleif Bertelsen, Fritjof Lampe, Ragna Barkve, Jan Alfred Sørensen, Else Gjesdahl Sørensen, Inger Margrethe Berge, Sissel Gunnarshaug, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Nina Korbu og Robert Øfsti. Denne gongen heiter bokvinnaren Eivor Runde Barlaug. Gratulerer!

Klok på bok 1589

For første gang har jeg ikke lyst til å få vite slutten, ikke engang fortsettelsen, på dette eventyret. Jeg sitter naken i lenestolen og ser på Julien som sover, jeg har lyst til å bli sittende slik, stadig roligere, lunken, i stillheten som bare brytes av de regelmessige åndedragene våre, uten å måtte gjøre noen bevegelser eller si ord som forandrer og røper oss; dette minuttet er sant og levende, og jeg strekker det ut i all evighet …

Sitatet er frå s. 50 i boklækjarutgåva (2018). På originalspråket kom boka ut fyrste gong i 1965. Me skal fram til ein forfattar som var fødd i eit år då Nobelprisen i litteratur gjekk til ein fransk forfattar. I boka vert det konsumert ein del alkohol, og før eg godkjenner svaret, vil eg vete namnet på ein produsent av pastis som er nemnd i boka. Send namn på pastisprodusent, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 19. august.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis