JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Jon og Knut

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4666
20231222
4666
20231222

Mykje har vore på skakke i året som no går mot slutten. At det likevel finst noko som kan vere i vater i verda, fekk me prov på 5. oktober. Endeleg hadde svenskane somla seg til å lese Jon Fosse, og så var ventetida over.

Det er vanskeleg å vete kva Knut Hamsun ville sagt om diktinga til Fosse. Motsett veg er det ikkje tvil om at Jon set stor pris på forfattarskapen til Knut. På heimesida til Hamsun-Selskapet kom me over eit fint intervju med Fosse. Til Knut J. Michelsen seier han mellom anna: «Eg er svært oppteken av diktinga til Hamsun.» Og: «Eg har hatt glede av alle Hamsun-bøkene eg har lese.»

Her i bokstova vil me ynskje alle lesarane ei harmonisk høgtid og eit godt nytt år.

Før me pakkar ut årets kviss med Knut, skal me sjå på løysinga me skulle fram til i dag. Folke Kjelleberg skriv: «Oppgåva er eit sitat frå romanen Broen over Drina, utgjeven på Cappelen i 1960 og omsett frå tysk av Waldemar Brøgger. Originalen vart gjeven ut i 1945. Forfattaren, som vann Nobelprisen i 1961, er jugoslaviske Ivo Andric, fødd i Bosnia i dåverande Austerrike-Ungarn. Han døydde i Beograd i noverande Serbia i 1975, det året då finske Hannu Salama vann Nordisk råds litteraturpris. Det tyske namnet på hotellet som er omtala i romanen, er Hotel zur Brücke.»

Inge Strand skriv: «Triveleg gjenmøte med Ivo Andrics store verk Broen over Drina. Møtet mitt med denne boka seint i tenåra gjorde sterkt inntrykk og var nok medverkande til at historie seinare vart faget mitt. I skjeringspunktet mellom ulike religionar, kulturar og herskarregime blir brua i Višegrad ein sentral arena for ei 600 år lang forteljing i Andric si bok, og eg minnest framleis mykje frå henne.»

Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen skriv: «Ivo Andric fekk Nobelprisen for verket. Det forstår vi godt.»

Inger Anne Hammervoll skriv: «Også ein av dei stadene ein skulle besøkt, og ei av dei bøkene ein sannsynlegvis ikkje hadde visst om var det ikkje for bokdokteren.»

Klokingane på oppgåve 1606 var: Eli Winjum, Signar Myrvang, Paul Henrik Hage, John Olav Johnsen, Ingebjørg Sogge, Nils Farstad, Per Trygve Karstensen, Ragnhild Eggen, Inger Anne Hammervoll, Laurits Killinngbergtrø, Ole Husby, Eli Hegna, John Dag Hutchison, Erik Steineger, Lise Haaland, Ragna Barkve, Skeisebibliotekaren i LASK, Else Gjesdahl Sørensen, Reidar Birkeland, Audun Gjengedal, Jan Alfred Sørensen, Jorunn Øxnevad Lie, Magnhild Reisæter, Thana Rongen, Olav B. Larsen, Folke Kjelleberg, Inge Strand, Anne Berit Skaarer, Gunder Runde, Kjell Helge Moe, Fritjof Lampe, Sigrun Gjengedal Ruud, Inger Margrethe Berge, Gunnar Eide, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Sissel Gunnarshaug, Irene og Tore på Tranby, Torleik Stegane, Robert Øfsti og Ole G. Evensen. Siste bokvinnar i år heiter Ragna Barkve. Gratulerer!

Klok på Knut 1608

1: I Redaktør Lynge fastslår redaktøren at han ikkje er kannibal. I same setninga kjem det fram kor Lynge står politisk. Kva for politisk parti er redaktør Lynge tilhengjar av?

2: I Sult har ein politimann merka seg ein mann som har sete ein halvtime på ei trapp og kvilt seg. Han kommenterer dette, og personen i trappa forlèt plassen i sinne. Kva heiter gata der dette går føre seg?

3: Ein stad i Victoria vil Johannes gje ein sint mann eit sigarettetui. Kva er føre- og etternamnet til ho som har gjeve Johannes etuiet?

4: Ein gut som teiknar, vert rådd til å farge hesten raud og bukken blå, i staden for at hesten vert blå. Men kva for farge var det på den vesle grisen som faren til guten ein gong bar med seg frå grannelandet?

5: Johan Nilsen Nagel går omkring med ei flaske med giftig innhald. Kva duftar det av innhaldet i flaska?

6: Ein stad i forfattarskapen skriv Hamsun: «Mig har tiden tæret på, jeg er blit dum og avblomstret og likegyldig, nu ser jeg på en kvinde som på litteratur. Det er enden. Hvad så? En ende skal alt ha.» Kva er tittelen på dette verket?

7: I Pan kastar Thomas Glahn ein sko i vatnet. Kva er førenamnet på han som reddar skoen frå å drukne?

8: I Paa gjengrodde Stier får me høyre om ein Martin Enevoldsen som kan spele orgel. Kva er namnet på skulelæraren som lærte Enevoldsen å spele orgel?

9: Ei fornem dame les eit dikt som ho har omsett sjølv. Diktet er frå landet der ho fødde barna sine, og som ho difor kallar fødestaden sin. Kva for land er det ho talar om, og kva heiter dama til førenamn?

10: Ei skuffa ung kvinne gjer det slutt med han ho er trulova med av di han er ein tjuv. Tidlegare har han gjeve henne eit tilnamn fordi ho var så snar til å prate. Kva var tilnamnet han gav ho, og kva er førenamnet hennar?

Send svar på minst 8 av dei 10 spørsmåla til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 6. januar 2024.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis