JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Inn med Linn

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4629
20220902
4629
20220902

I dag vil me ikkje nemne Poesifestivalen i Ulvik med eit einaste ord i spalta du les no. Me hoppar elegant over at festivalen går føre seg 9.–11. september. At boklækjaren står for ein kviss om Olav H. Hauge laurdag kveld i fruktbygda, er heller ikkje noko me vil gjere eit nummer av.

Apropos Hauge kom eg over ein fin filmsnutt med diktarhøvdingen på internettet. Der freista han å seie noko om kva poesi er for noko. Hauge kjem diverre, eller heldigvis, ikkje fram til ein krystallklår definisjon, men eg beit meg merke i at han meinte at det som er poesi for éin, ikkje nødvendigvis er poesi for ein annan. Så kjem det eit framifrå døme på påstanden: «For ein slik ein som Isak Sellanraa, var det sikkert poesi i bruksanvisningane på slåmaskinen. For han var det stor poesi.» Det er ikkje veldig vanskeleg å vere glad i Olav H. Hauge.

Så til løysinga denne gongen. Gunder Runde skriv: «Bortsett frå utgjevingsåret for dagens bok er det lite handfast å finne som kan vere til hjelp i bokgåta denne veka. Så då må ein til med finlesing av tekstutdraget: 1) Ein såkalla ’eg-roman’, med kvinneleg hovudperson (faren ville nok ha brukt ’skyggebror’ dersom han tala til ein mann). Utan at det er heilt klart, så har eg nok ei kjensle av at romanen har ein viss sjølvbiografisk tone. 2) Ein far med språkleg originalitet, samtidig poetisk, både i oppbygging og i ordval. Forfattar, eller noko som liknar… Det gløder så vidt i tampen, for å få full fyr må eg sjekke den boka eg tenkjer på. I vårt hus er det alltid eitt eller to lad av nylesne/’skal snart lese’-bøker. Ein venlegsinna representant for slumpelukko (jf. Sivle) har ordna det slik at nett denne boka ligg i eit slikt lad. Rask (og truleg unødvendig) blading til s. 236 fastset resultatet: Jente, 1983 av Linn Ullmann (f. 1966, dvs. 16–17 år gamal i 1983, noko som stemmer godt med handlinga i boka). Heilt frå debuten i 1998 (Før jegsovner) har Linn Ullmann hausta lovord i alt som heiter bokmeldingar, krydra med terningkast 6 og 5. Såleis også for denne boka, som eg no har lagt øvst i bunken av ’skal snart lese’-bøker. Ullmann har gitt ut i alt 7 romanar, og har mottatt (eller vore nominert til) ei rekkje prisar, både her i landet og utanlands. Ho gjer ikkje skam på opphavet sitt, dei verdskjende kunstnarane Liv Ullmann og Ingmar Bergman, og har truleg overtatt ein god del gen frå desse to!»

Torleik Stegane skriv: «Fin timing når det gjeld forfattar. Ho har nettopp teke imot gjæv pris frå Aschehoug forlag.»

Eli Hegna skriv: «Tydeligvis en svært etterspurt roman – 747 lånere på venteliste på Deichman, så jeg.»

Marit Vardehaug skriv: «En meget sterk leseopplevelse.»

Desse klokingane sirkla inn Linn og fann dimed fram til rett svar på oppgåve 1542: John Olav Johnsen, Signar Myrvang, Arne Thorvik, Vigdis Hegna Myrvang, Jan Alfred Sørensen, Bjørn Myrvang, Synnøve Kåset, Else Gjesdahl Sørensen, Ingebjørg Sogge, Ole Husby, Inger Anne Hammervoll, Randi Brenden, Yngve Skjæveland, Marit Vardehaug, Jorunn Øxnevad Lie, Eli Hegna, Marte Myklebust, Marianne Haaland, Laurits Killingbergtrø, Inger Dyrnesli, Fritjof Lampe, Pål Amdal, Camilla Høvik, Målfrid Utne, Eli Winjum, Petter Kristensen, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Audun Gjengedal, Anne Berit Skaarer, Turid Tirevold, Per Trygve Karstensen, Janneken Øverland, Ragnhild Eggen, Marit Skytterholm, Folke Kjelleberg, Gunnar Bæra, Knut Einar Johannessen, Aning og Dreis, Gunder Runde, Dei Kvasse på Fana, Ståle Ritland, Nils Farstad, Sigrun Gjengedal Ruud, Ingunn Bergem, Inger Margrethe Berge, Kristin Antonsdatter Stensholdt, Asrid H. Malmin, Gunnar Eide, Sjur Joakim Fretheim, Torleik Stegane, Robert Øfsti, Torbjørg Langdal og Ole G. Evensen. I dag heiter bokvinnaren Marianne Haaland. Gratulerer!

Klok på bok 1544

En gang var han forelsket i søsteren min og hadde det med å stå utenfor gården vår og se opp mot vinduet hennes. Hun ville ikke ha ham, selv om han så bra ut. Senere gjorde han det godt og tjente mye penger. En gang leste jeg et intervju med ham i en avis, hvor han fortalte at han hadde vært heldig. Hans kone er en professor som dukker opp i debatter. Man kan se på nakken hennes at hun er et friluftsmenneske.

Sitatet er frå side 64–65 i ein roman som kom ut i 2018. Me skal fram til ein fleirsidig forfattar som er fødd i eit år då Nobelprisen i litteratur gjekk til ein russisk forfattar. I løysingsboka får me høyre om eit møte med ein mann som et salat, og før eg godkjenner svaret, vil eg vete namnet på denne figuren. Send namn på han som et salat, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 10. september.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis