Hurra for høvdingen
Det er ikkje alltid slik at påskemorgon sløkkjer sorga. Av di me før påske gløymde å hugse at sjølvaste storskalden Ragnar Hovland kunne feire 70-årsdag på langfredag, sat me stadig i skam om morgonen første påskedag.
Det kjem alltid nye dagar, men der og då var det ikkje akkurat stemning for å sveve over vatna. Det var like før eg tok bussen til Peking saman med katten til Ivar Aasen.
Med støvlane fulle av salat vil boklækjaren ynskje høvdingen Hovland varmt til lykke med vel overstått 70-årsdag. På litt avstand liknar du framleis ein på 20.
Så til løysinga denne veka. Nokre treng ei gulrot for å ete meir vegetarisk. Andre treng Klok på bok for å lese meir polsk prosa. Audun Gjengedal skriv: «Takka vera Dag og Tid har eg no lese ei bok av ein polsk nobelprisvinnar.»
Laurits Killingbergtrø skriv: «Takk for ny gåte, Medikus; den lærte eg mykje av. Dei som kjenner meg, er ikkje imponerte over den litterære kunnskapen min, men meir over at eg er så utkropen til å snoke meg fram på nettet. Slik kom eg også denne gongen fram til forfattaren, som er Olga Tokarczuk frå Polen. Ho vann Nobelprisen i litteratur i 2018. Boka hennar frå 2018 i spalta vår har originaltittel Opowiadania bizarne. Den norske omsetjinga frå 2020 ved Julia Wiedlocha har tittelen Bisarre fortellinger. Så var det å fare på byen og skaffe meg boka for å få sanksjonert valet mitt. Rett. Eg tok ho med på det lokale seniorsenteret (min andre heim) og gav meg til å lese for å finne ut om desse mystiske frimerka. Dei andre ved bordet hadde ikkje (liksom eg) høyrt om boka. Men så kjem det ei dame forbi som seier: ’Denne boka er fin; den har eg lese!’ Eg vart litt i fyr og flamme og informerte henne om denne Klok på bok-spalta i Dag og Tid. Eg bad henne også sende inn, gjerne med kommentar, sidan ho verka bokkunnig. Vi får sjå om ho kjem på lista om fjorten dagar. Vonlaust er det ikkje, for eg kan vel røpe så pass at ho er frå same landsdelen som vår flittige Gunder… Men det var desse frimerka, da. Gamle herr B. svimrar når han oppdagar at alle frimerke på både gamle og nye brev i huset er runde!»
Gunder Runde skriv: «Då var det kanskje på tide med ein nobelprisvinnar – ein av dei ferskaste, nemleg Olga Tokarczuk (fødd 1962, det vil seie same året som Nordisk råds litteraturpris vart utdelt for første gong, og då til ein annan nobelprisvinnar, nemleg Eivind Johnsson). Olga Tokarczuk har eg hatt stor glede av å lese. Eg trur eg har vore gjennom alle bøkene av henne som er komne på norsk. Særs allsidig, og med ein hang til det absurde som spritar opp bøkene hennar. I dag er det altså Bisarre fortellinger som er svaret på Kpb-gåta. Den forteljinga som utdraget er henta frå, heiter 'Sømmen', og det er filosoferinga over saumane på sokkane til hovudpersonen som har gitt namn til forteljinga. Den stakkars mannen slit på mange vis, og ikkje minst når han oppdagar at frimerka 'no for tida' er runde (som om det skulle vere ei skam).»
Petter Kristensen skriv: «Fortellingene var både overraskende og bisarre, og det var vanskelig å gi seg før de var ferdigleste.»
Klokingane som kom fram til rett svar på oppgåve 1525, er: Signar Myrvang, John Olav Johnsen, Skeisebibliotekaren i LASK, Ragnhild Eggen, Eli Winjum, Janneken Øverland, Ingebjørg Sogge, Laurits Killingbergtrø, Per Trygve Karstensen, Inger Anne Hammervoll, Ole Husby, Hans M. Gautefall, Eli Hegna, Ingeborg Helvik, Jorunn Øxnevad Lie, Fritjof Lampe, Hallgeir Dale, Pål Amdal, Gunder Runde, Torbjørn Ohnstad Skaim, Arne Thorvik, Sjur Joakim Fretheim, Jan Alfred Sørensen, Else Gjesdahl Sørensen, Gunn Bull-Berg, Petter Kristensen, Olav Holten, Erik Aamlid, Gunnar Bæra, Bjørn Gjermundsen, Nils Farstad, Randulf Rønningen, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Audun Gjengedal, Folke Kjelleberg, Ingunn Bergem, Christine Løvold, Eirik Holten, Inger Margrethe Berge, Marta Kløve Juuhl, Brita Lundeland, Bjørn Myrvang, Vigdis Hegna Myrvang, Ingvar Engen, Robert Øfsti, Olav B. Larsen, Magnhild Reisæter, Sigrun Gjengedal Ruud, Kjell Helge Moe, Øystein Stokland, Solrun Haukedalen, Yngve Skjæveland, Gunnar Eide, Tvillingene, Rolv Stølen, Torleik Stegane, Dei kvasse på Fana og Ole G. Evensen.
I dag skal me til Mo i Rana for å finne bokvinnaren, og han heiter Per Trygve Karstensen. Gratulerer!
Klok på bok 1527
Han hadde funnet kjærligheten og mistet den igjen. Han kom aldri mer til å oppleve noe lignende, det sto for ham som opp- og avgjort. Og kampen mot begjæret som fortsatt kunne bruse i ham av og til, tenkte han å utkjempe alene helt til det siste.
Sitatet er frå s. 102–103 i boklækjarutgåva (2019). På originalspråket kom løysingsromanen ut i 2014. Forfattaren er fødd i eit år då Nordisk råds litteraturpris gjekk til ein svensk forfattar. Før eg godkjenner svaret, vil eg vete kva månad det er når hovudpersonen i romanen døyr. Send namn på månad, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 30. april.
Medikus Libri
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.