«Det er godt å kåmmå hematt», song Ivar Simastuen, og det kan det ofte vere mykje sant i. Men det finst òg tilfelle der draumen me ber på, ikkje er heim att. Slik har eg det når eg sit ved vatnet og veit at det vert ei stund til eg igjen får sjå kveldssola avslutte dagen med å gå ned i Middelhavet. Der og då vert det fort freistande å sitere Store-Knut: «Jeg sidder og er hjemme her, det vil sige borte, altsaa i mit Æs.»
Ein veg ut av tungsinnet når eg saknar havet i midten, er å lese ei bok. I dag vil eg tilrå alle lesarane å lese noko av den amerikanske forfattaren Thomas Wolfe. Det same ville forresten Olav Duun og Agnar Mykle tilrådd. I staden for romanen You can’t go home again, som ikkje er omsett til norsk, går Olav, Agnar og boklækjaren for Finn veien, engel. Det er ei bok som vil gå heim hos mange.
Om leitinga og løysingsverket denne veka skriv Inge Strand: «Den danske historikaren Kristian Erslev drog for meir enn hundre år sidan fram ’findekunsten’ som eit viktig element i historisk metode. Denne vekas Klok på bok-oppgåve utfordra verkeleg findekunsten. Sitatet gav meg inga hjelp, og eit summarisk søk gjennom titlar frå 2020 gav heller ikkje noko svar. Nobelprisvinnaren måtte vere frå 1976 eller 1978, og mellom nynorsk-skrivande forfattarar fødde i 1976, fann eg til slutt Ingvild Holvik og romanen hennar Ho er fri. Der fann eg sitatet, og likeså namnet på ungane til Andrea; János og Julia. No skal eg jammen lese boka, eg òg.»
Inger Merete, Kirsti og Grete skriv: «Ein lærer utruleg mykje når ein skal løyse Klok på bok. Vi starta jakta på det vi meinte måtte vera ein norsk, kvinneleg forfattar fødd anten i 1976 eller 1978; begge desse åra var det ein forfattar med jødisk bakgrunn som fekk nobelprisen i litteratur. Vi fann fram til ei dame som er fødd i 1976, og som har skrive ein roman om ei som bur i ein halvt serbisk, halvt ungarsk by. Der passar jo namnet Ivan inn. Etter å ha vitja biblioteket er vi heilt sikre på at vi skal fram til Ingvild Holvik: Ho er fri.»
Skeisebibliotekaren i LASK skriv: «Ved gjennomgang av resultatene etter søket nynorskromaner for voksne, på papir, utgitt i 2020 av en forfatter fra Norge (76 treff), var første treff der forfatteren var født samme år som en forfatter med jødisk bakgrunn fikk nobelprisen året 1976, året da den kanadiskfødte amerikanske forfatteren Saul Bellow fikk prisen og den norske forfatteren Ingvild Holvik ble født i Bergen. Boken det da dreier seg om, er Ho er fri.»
Else Gjesdahl Sørensen skriv: «Ukens forfatter er Ingvild Holvik. Hun har gått på forfatterstudiet i Tromsø og arbeider som konsulent i Norsk forfattersentrum i Nord-Norge. Hun debuterte med den skjønnlitterære romanen Lykkefeltet. Hun har mottatt Jan Roar Leikvolls minnepris i 2017 og Arbeidsstipend for nordnorske forfattere i 2020.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.