Heimeoppgåve
I dag byrjar me med ein liten rapport frå Praha. Boklækjaren er på ekskursjon, og her får eg særs relevant fagleg påfyll. At noko av påfyllet kjem i flytande form, vert mellom oss. For å gjere ære på poeten og presidenten Václav Havel vart det fatta vedtak om at ein delegasjon, beståande av boklækjaren, skulle på ei obligatorisk utflukt til gravlunden i Vinohrady. Det var ein kald laurdag ettermiddag, men likevel var det meir enn 30 tende stearinlys på grava til Havel då eg kom dit. At gravplassen også var full av nye blomar, tyder på at tsjekkarane ikkje heilt har gløymt kven Václav var. Eller kva han stod for, og kva han gjorde. For meg vert han ståande som ein stor statsleiar og ein framifrå forfattar.
Frå Havel skal me heim og til løysingsforfattaren denne veka. Ho heiter Kjersti Bjørkmo og er særs godt likt av oppgåveløysarar som har lese noko av henne. Eg tok kontakt med Bjørkmo og bad henne seie litt om hennar forhold til nynorsk. Ho svara: «Eg er glad i nynorsk. Akkurat som eg er glad i språk. Og i nyansar. Og i korleis ordval og målform kan endre pulsen i ei historie. Nynorsk i bokhylla er like lite spektakulært som vatn i springen. Men like forfriskande. Om eg skal trekkje fram tre nynorske verk eg er glad i, vil jeg fyrst nemne Tove Bakkes gjendikting av Alejandra Pizarnik. Boka heter Ho som reiser med tomt glas. Så har eg lyst til å ta med Eli Fossdal Vaages diktsamling Estalåni frå 2019. Det er frekk, varm og oppriktig poesi. Siste verket eg vil trekkje fram, er Helge Torvund. Ja, eg trur Torvund kan kategoriserast som eit stort nynorskverk i seg sjølv. Han har vore viktig for meg.»
Så til løysingsboka. Gunder Runde skriv: «Dette er ei diktsamling med eit fantasirikt og særmerkt utgangspunkt: Kjersti Bjørkmo har tatt utgangspunkt i slagord frå fleire norske (og nokre svenske) kommunar, og bygd opp diktsamlinga kring desse. Det har vorte ei både interessant og tankevekkjande samling ut av dette, med ein særs intelligent tittel: Hadde du bodd her hadde du vært hjemme nå. Til mi store glede finn eg både min opphavlege heimkommune Herøy (Ei båtlengd føre), min noverande bustadkommune Ulstein (Der baug bryt båre) og ikkje minst Sande (der kona mi kjem frå) (med sitt sjølvironiske slagord: «Utanfor allfarveg – heldigvis!») representerte i samlinga. Kjersti Bjørkmo er fødd i Vestvågøy og oppvaksen i Tromsø. Ho er fødd i 1971, det året chilenske Pablo Neruda fekk Nobelprisen i litteratur. Debuten hennar var i 2014. med diktsamlinga Jeg har prøvd å bli venn med dyrene. Ei hyggjestund med diktsamlinga hennar før eg set på kaffikjelen og leiter fram restane frå julekakeboksane.»
Øystein Stokland skriv: «Dette er ei diktsamling som er lett å like.» Magnhild Reisæter skriv: «Ei bok med artige, tankestimulerande kommentarar til ambisiøse kommuneslagord!» Torleik Stegane skriv: «Tittelen på verket denne gongen er så djup at eg knapt kan anda. Dette er tittelen sin, det!» Jorunn Øxnevad Lie skriv: «Dette var en morsom diktsamling, tilgjengelig for oss som strever litt med moderne lyrikk.»
Desse høyrer heime på lista over folk med rett svar på oppgåve 1517: John Olav Johnsen, Signar Myrvang, Eli Winjum, Ingebjørg Sogge, Skeisebibliotekaren i LASK, Olav Holten, Vigdis Hegna Myrvang, Jan Alfred Sørensen, Fritjof Lampe, Gunder Runde, Kjell Helge Moe, Ole Husby, Gaute Øvrebotten, Else Gjesdahl Sørensen, Jorunn Øxnevad Lie, Petter Kristensen, Gunnar Bæra, Laurits Killingbergtrø, Gunnar Eide, Pål Amdal, Eli Hegna, Inge Strand, Lise Haaland, Arne Thorvik, Brita Lundeland, Ragnhild Eggen, Inger Anne Hammervoll, Erik Aamlid, Olav B. Larsen, Magnhild Reisæter, Nils Farstad, Bente Ubostad, Folke Kjelleberg, Jorunn Røyset, Bjørn Myrvang, Hilde Katrine Eriksen, Øystein Stokland, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Catharina Schønning-Lykke, Audun Gjengedal, Ståle Ritland, Harald Gjørtz, Per Trygve Karstensen, Sigrun Gjengedal Ruud, Bjørn Gjermundsen, Anne Berit Skaarer, Torbjørn Ohnstad Skaim, Sjur Joakim Fretheim, Dei Kvasse på Fana, Helge Flæte, Hans M. Gautefall, Eirik Holten, Torbjørg Langdal, Sissel Gunnarshaug, Inger Margrethe Berge, Robert Øfsti, Torleik Stegane, Jorunn Kleppe og Ole G. Evensen.
Bokvinnaren i dag heiter Olav B. Larsen. Gratulerer!
Klok på bok 1519
Jeg arvet en mørk skog men i dag går jeg i en annen skog, den lyse. Alt levende som synger og bukter seg svinser og kryper! Det er vår og luften er meget sterk. Jeg har eksamen fra glemselens universitet og er like tomhendt som en skjorte på en tørkesnor.
Sitatet er frå s. 171 i boklækjarutgåva (1996). Me skal fram til ei bok med samla dikt av ein forfattar som døydde drygt tre år etter at han fekk Nobelprisen i litteratur. Omsetjinga er fint gjord av ein kjend norsk lyrikar. Før eg godkjenner svaret, vil eg vete originaltittelen på diktsamlinga sitatet er henta frå. Send namn på forfattar og originaltittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 26. februar.
Medikus Libri
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eit hus i Ål kommune vart teke av jordskred under ekstremvêret "Hans" i august i fjor.
Foto: Frederik Ringnes / NTB
Husforsikring i hardt vêr
Kan klimaendringane føre til at også norske heimar blir umoglege å forsikre?
Folkerørsla for lokalsjukehusa demonstrerer mot helseføretakmodellen utanfor Stortinget i 2017.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Vestre må avslutte konflikter og beklage
«Svært mange av de 300.000 som jobber i Helse-
vesenet, merker daglig følgene av Helseforetaks-
modellen som nå videreføres av Ap og Sp.»
Teikning: May Linn Clement
Tid for realitetsorientering
Valet av Donald Trump til president er ikkje noka tilfeldig ulukke, men ei fylgje av dårleg politisk handverk gjennom lang tid.
Ruslan Gorovij sender pengane han tener som artist, heim til Kyiv, der vener kjøper vedlass til ukrainarar som treng varme i vinter.
Foto: Ukrainian online sales
Eit nytt lovframlegg som legg opp til at det skal bli straffbart å selje ulovleg hogd skog, vil ikkje minst råke folk i øydelagde hus.
James Rebanks på Lillehammer sist veke.
Foto: Morten A. Strøksnes
Ein mann for alle årstider
LILLEHAMMER: Etter å ha skrive to svært populære bøker om landbruk og sauehald hamna James Rebanks i ei krise som førte han til eit dunvær på Helgeland.