JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Hare hare

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4421
20220107
4421
20220107

Fyrst på programmet i det nye året står å ynskje lesarane velkomne til nok ein sesong med bokgåter. Her i bokstova har me supplert bokhyllene med ny og gammal litteratur av ypparste klasse. Klok-redaksjonen vil også i år leggje lista høgt når det gjeld kvaliteten på bøkene me presenterer i spalta. Som alle veit, er det lettare å krype under når lista ligg høgt.

2022 er i utgangspunktet eit morosamt namn på eit år, men det var 2020 òg. Boklækjaren tør tilstå at eg er usikker på kor store forventingar ein skal ha til seg sjølv og til året me no er inne i. Kan hende var det denne uvissa som gjorde meg så oppglødd over ei scene i ein film eg såg att i romjula. Det er Once Upon a Time in America-figuren Deborah Gelly som postulerer eit noko ambisiøst mål for livet. Ho seier: «I read books. I want to know everything.»

Så skal me sjå på løysinga denne veka. Petter Kristensen skriv: «Dette var noe å bryne seg på! Jeg fant en håndfull profilerte poeter som alle ga ut diktsamling på bokmål i 2019, som var født i år da Nordisk råd-prisen gikk til Sverige, og som hadde vært involvert i poesifestivalen i Ulvik: Tone Hødnebø, Gro Dahle, Erlend O. Nødtvedt, Pedro Carmona-Alvarez og Øyvind Rimbereid. Så tenkte jeg at boklækjaren kunne lagt igjen enda et subtilt hint i sitatet som kunne passe med tankene til en hund – et par av poetene hadde et nært forhold til hunden sin. Det var først i etterhand jeg skjønte at hintet viste til tittelen på Øyvind Rimbereids diktsamling Hvit hare, grå hare, svart og diktet ’Svart hare’. Det siste diktet i samlingen viser til Essostasjoner. Øyvind R. var sju år i desember 1973 under oljekrisa og minnes Essostasjonen fra den gang, der han og faren gikk i snøen på biltomme veier.»

Folke Kjelleberg skriv: «Sitatet er henta frå diktsamlinga Hvit hare, grå hare, svart utgjeven på Gyldendal i 2019. Forfattaren er Øyvind Rimbereid, fødd i Stavanger i 1966, same året som svenske Gunnar Ekeløf vann Nordisk råds litteraturpris. I siste diktet i denne boka, ’Snø i juli’, er det Essoen som vert omtala. Essoen viser til oljeselskapet Esso sine bensinstasjonar. Esso-namnet har sitt opphav i SO (= Standard Oil) som i dag heiter Exxon/Mobil. Esso etablerte seg i Noreg i 1893, og i 1915 kjøpte dei opp det norske selskapet Tiger, som var eigd av Vestlandske Petroleumscompagni i Bergen (jf. ’Putt en Tiger på tanken’). Øyvind Rimbereid debuterte i 1993 med novellesamlinga Det har begynt. Han har m.a. vore deltakar på Poesifestivalen i Ulvik i 2021, då han las ’På Ørnetuva’ av Olav H. Hauge.»

Gunder Runde skriv mellom anna: «Rimbereid er ein av våre aller fremste lyrikarar. Han har vore nominert til Nordisk råds litteraturpris både for Herbarium (2008) og Jimmen (2012), han har fått kritikarprisen to gonger (som den einaste lyrikaren) og har mottatt ei mengd prisar: Sult-/Aschehoug-/Gyldendal-/Dobloug-… Og i 2008 fekk han Brageprisen. Men den kanskje mest omtala (og etter mi meining: den mest interessante) av bøkene hans er nok Solaris korrigert frå 2004, der han opererer med eit framtids-norsk, blanding av bokmål/nynorsk/stavangerdialekt/engelsk, som gjer diktsamlinga både utfordrande og spennande å lese. Eit godt val!»

Ingen veit kvar haren hoppar, men på oppgåve 1511 kan desse klokingane hoppe i vêret: Skeisebibliotekaren i LASK, Signar Myrvang, Gunder Runde, Pål Amdal, Jorunn Øxnevad Lie, Ragnhild Eggen, Laurits Killingbergtrø, Eli Hegna, Petter Kristensen, Sjur Joakim Fretheim, Gunnar Bæra, Ingebjørg Sogge, Olav Holten, Eirik Holten, Erik Aamlid, Bjørn Ole Bjørnsen, Hans M. Gautefall, Jan Alfred Sørensen, Bjørn Backe, Else Gjesdahl Sørensen, Fritjof Lampe, Eli Winjum, Audun Gjengedal, Folke Kjelleberg, Sigrun Gjengedal Ruud, Jorunn Røyset, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Olav B. Larsen, Robert Øfsti, Magnhild Reisæter, Torleik Stegane og Ole G. Evensen

Fyrste bokvinnar i år er frå Sotra, og ho heiter Jorunn Øxnevad Lie. Gratulerer!

Klok på bok 1513

Ver kvart avskil i forkant, som om det svint er

bak deg, lik vinteren som nett no går.

For mellom vintrar finst ein så endelaus vinter

at får ditt overvintrande hjarta sjå nokon vår?

Sitatet er frå s. 83 i ei gjendikting av eit verk som på originalspråket kom ut fyrste gong i 1922. Løysingsforfattaren døydde på slutten av eit år då Nobelprisen i litteratur gjekk til ei kvinne. Send namn på forfattar og verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 15. januar.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis