JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Grått nytt hår

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4818
20220513
4818
20220513

Det er i Men livet lever av Knut Hamsun at August vert tankefull og kjem med dette gullkornet: «De Fine og Fanterne har hver sit at staa i og du har dit, ingen er undtat, vi baler alle.»

Det seier seg sjølv at når ingen er unnateken, så balar boklækjaren òg. No skal ikkje dette verte ein klagesong, men eit par døme lyt eg ta med. For det fyrste hadde eg ein plan om å prokrastinere meir i år, men det har eg enno ikkje fått gjort. Ikkje nok med det. Når det kjem til stykket, slit eg med å motstå freistinga med kake. Alle lesarane vil kanskje ikkje vere med på at det er store ting eg strir med, men då seier eg som Elvis Presley: «Gå 1609 meter i skoa mine.»

I løysingsboka denne gongen får me høyre om ein som ikkje var eit hår betre når det gjaldt å bale. Eiliv Olsen skriv: «I 1999 utkom diktsamlinga Ars vivendi eller de syv levemåter av retorikaren, professoren og skribenten Georg Johannesen (1931–2005). Samlinga har 49 dikt, det vil seia sju dikt for kvar vekedag. Kvart dikt viser til ei av dei sju dygdene: tru, von, kjærleik, mot, måtehald, rettferd og klokskap. Oppgåvesitatet er henta frå onsdagsdiktet til dygda ’måtehald’, og er både ein kommentar til Descartes sin tese: ’Eg tenkjer, altså er eg’, og astronomen Kepler som konstruerte lovene om planetbanane som ellipsar med sola i det eine brennpunktet. Om dette høyrest gåtefullt ut, er det heilt naturleg. Dikta til Johannesen er ikkje for kven som helst. I ein annan samanheng skreiv han at Gro Harlem Brundtland ikkje har noko åndsliv.»

Gunder Runde skriv: «Elegante formuleringar, med assosiasjonar til filosofi og glede over paradoks og uvanlege kontrastar: dette kan ikkje vere andre enn Georg Johannesen, kjend som roman- og skodespelforfattar, essayist, retorikkprofessor, og ikkje minst: LYRIKAR! Johannesen debuterte som romanforfattar med Høst i mars i 1957, og etter det kom det alle slags litterære og essayistiske verk frå hans hand, mellom anna fire diktsamlingar, den første i 1959 (Dikt 1959). Dagens tekst er frå den fjerde og siste samlinga, Ars vivendi eller de syv levemåter. Denne bør sjåast på i samanheng med samlinga frå 1965: Ars moriendi eller de syv dødsmåter. Dei to samlingane er bygde opp på liknande måte, med den viktige skilnaden at samlinga frå 1965 konsentrerer seg om dei sju dødssyndene, medan 1999-samlinga skriv om dei sju dygdene, med ei veke for kvar dygd. Diktet som er delvis sitert i Kpb har tittelen ’Kepler’, og er knytt til onsdag, i Johannesens eigne ord ’en maktdag for allviterens (= Odins) gåter og gåtefulle dikt(ater)’. Dei tre dikta som er nemnde som gjendiktingar, er alle av kinesiske forfattarar, det siste diktet er knytt til Li Ho, som klagar si naud til keisaren med følgjande ord: ’Lange dikt slet ut mine klær/ korte dikt ga meg grå hår’, og så avsluttar Johannesen diktet (og diktsamlinga) med følgjande ord: ’Diktet er ferdig, mitt hår har skiftet farge’. Ein særs viktig forfattar i norsk boksoge, ikkje minst er hans essay omkring den norske tenkemåten/-skrivemåten/-lesemåten sentrale verk innanfor retorikken (som var Johannesens arbeidsfelt mot slutten av livet, som professor i Bergen).»

Kristin Flo skriv: «Ei fin samling med dikt om kunsten å leve!»

Me vonar at desse klokingane ikkje fekk grå hår av å leite etter løysinga på oppgåve 1528: Signar Myrvang, John Olav Johnsen, Eli Winjum, Nils Farstad, Fritjof Lampe, Lise Haaland, Ragnhild Eggen, Skeisebibliotekaren i LASK, Ingebjørg Sogge, Laura Killingbergtrø, Jorunn Øxnevad Lie, Ole Husby, Inger Anne Hammervoll, Yngve Skjæveland, Bjørn Gjermundsen, Arne Thorvik, Olav Holten, Laurits Killingbergtrø, Gunder Runde, Gunnar Bæra, Eli Hegna, Erik Aamlid, Folke Kjelleberg, Pål Amdal, Jan Alfred Sørensen, Kjell Håve, Torbjørg Langdal, Else Gjesdahl Sørensen, Audun Gjengedal, Sjur Joakim Fretheim, Brita Lundeland, Inger Margrethe Berge, Turid Tirevold, Magnhild Reisæter, Olav B. Larsen, Jan Erik Røed, Sigrun Gjengedal Ruud, Torbjørn Ohnstad Skaim, Per Trygve Karstensen, Kristin Flo, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Gunnar Eide, Marta Kløve Juuhl, Reidar Birkeland, Eiliv Olsen, Eirik Holten, Dei kvasse på Fana, Robert Øfsti, Kjell Helge Moe, Torleik Stegane, Rolv Stølen og Ole G. Evensen.

Denne veka heiter bokvinnaren Marta Kløve Juuhl. Gratulerer!

Klok på bok 1530

Man må ville straks eller aldri ville.

Det var slutt, det var over, det som aldri hadde vært noe skulle heller aldri bli noe.

Sitatet er frå s. 148 i boklækjarutgåva (1998). På originalspråket kom romanen ut fyrste gong i 1996. Forfattaren er fødd i eit år då Nobelprisen i litteratur ikkje vart delt ut. Før eg godkjenner svaret, vil eg vete førenamnet på faren til ho som byrjar å fortelje i boka. Send førenamn på far, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 21. mai.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis