Fyrst på programmet her i bokhjørnet i dag står ein roande rapport til lesarane. I så vel den reelle som i den imaginære brevkassa i bokstova har det vore spørsmål om det også i år vert ein runde med dei særs omtykte Hamsun-gåtene til jul. Til glede for gamle og nye lesarar er svaret: Ja, det vert kviss med Knut i år òg. Siste utgåve av Dag og Tid 2021 kjem på julaftan, og neste utgåve kjem fyrst 7. januar. Altså vert det god tid til å ta seg eit glas og gruble, både i romjula og over nyttår.
For deg som ikkje har dei samla verka til Hamsun ståande i bokhylla, er det framleis mogleg å ymte eit ynske til slekt og kjenningar som du synest skuldar deg ei gåve. Kan hende har du ein onkel eller eit syskenbarn som enno ikkje har kjøpt julepresang til deg? Ei siste løysing om du har hund, katt eller skjelpadde, er å kjøpe ei gåve til deg sjølv frå kjæledyret. Du finn Store-Knuts samla verk i ein bokhandel eller i eit antikvariat nær deg.
Heile 76 innsendarar leita seg fram til løysinga denne veka. Petter Kristensen skriv: «Waliseren Dylan Thomas må ha vært den største kultpoeten i forrige århundre! Han var en globetrotter, men tilbrakte sine siste dager i New York City, hvor han delte tiden mellom å være gjest på Chelsea Hotel og å drikke seg fra sans og samling på brune barer i Greenwich Village. Kpb-diktet ’Do not go gentle into that good night’ blir av mange regnet som hans beste. Det kom på trykk i et italiensk tidsskrift, Botteghe Oscure, i 1951. Dette var en Kpb-oppgave vi kan like!»
Norunn Askeland skriv: «Dette er eit dikt av Dylan Thomas som på engelsk heiter ’Do not go gentle into that good night’, omsett til norsk av Åsmund Bjørnstad i 2014 i samlinga Dikt på min gebursdag i høve 100-årsdagen for Thomas sin gebursdag. Thomas var fødd i 1914, det året vart det ikkje delt ut Nobelpris i litteratur. Diktet er også omsett av Tor Obrestad i 1996. Den kjende verselinja er av Obrestad omsett til ’Gå ikkje mjukt inn i den gode natt’, mens Bjørnstad har formulert det slik: ’Gå ikkje mild inn i di gode natt’. Kva slags natt det er snakk om? Natta er ein metafor for død, og han som snakkar i diktet, oppfordrar den døyande faren sin til ikkje å akseptere døden, men kjempe mot han, også når kampen som kjent har ein viss utgang. Sjølv om døden nærmar seg, har mennesket potensial til å kjempe til siste andedrag. Kampen er ein nødvendig del av livet, vi kjempar mot døden slik vi kjempar for det gode i livet, for ideane og verdiane våre. Sterke saker, dette! Skrive av ein som hadde nok å kjempe med i livet, som depresjon og alkoholisme.»
Randi Aamodt skriv: «Ett av mine favoritt-dikt! Jeg leste det første gang i en avis på en togtur i 2003. Jeg hadde da drevet med molekylær aldringsforskning i noen år. Jeg viste det etter min mening fabelaktig gode diktet til min tilfeldige sidemann, vi kom i prat, og det åpnet veien til flere års videre forskning på temaet aldring og dens konsekvenser, blant annet et flott år i USA. Så et dikt kan få stor betydning i et liv, hvis det treffer en på riktig tid!»
Utan å vere altfor milde har me godkjent svara frå desse klokingane på oppgåve 1509: Signar Myrvang, John Olav Johnsen, Gunn Bull-Berg, Janneken Øverland, Ragnhild Eggen, Eli Winjum, Skeisebibliotekaren i LASK, Ingebjørg Sogge, Ragna Ådlandsvik, Nils Farstad , Inger Anne Hammervoll, Odd Jarle Kjørstad, Ellen Lian, Gunder Runde, Jan Gulliksen, Else Gjesdahl Sørensen, Hallvard Kjelen, Jan Alfred Sørensen, Ole Husby, Randi Aamodt, Olav Holten, Bjørn Myrvang, Laurits Killingbergtrø, Jan Erik Israelsen, Marte Myklebust, Tore Børtveit, Vigdis Hegna Myrvang, Bente Ubostad, Norunn Askeland, Christa Skanding, Eli Hegna, Petter Kristensen, Bente Elnan, Jorunn Røyset, Gunnar Bæra, Pål Amdal, Synnøve Kåset, Thana Rongen, Jorunn Øxnevad Lie, Cyno Grassator, Hans M. Gautefall, Gunnar Eide, Kjell Helge Moe, Kirsten Bakke, Olav B. Larsen, Magnhild Reisæter, Audun Gjengedal, Tor Einar Loftesnes, Arne Thorvik, Per Bjørn Foros, Folke Kjelleberg, Bjørn Backe, Ola T. Bjørntvedt, Bjørn O. Bjørnsen, Hallgeir Dale, Turid Tirevold, Reidar Birkeland, Robert Øfsti, Dei kvasse på Fana, Thorleif Haukvik Skobba, Sigrun Gjengedal Ruud, Lise Haaland, Eirik Holten, Oddlaug B. Walaker, Torbjørn Ohnstad Skain, Jan Erik Røed, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Fritjof Lampe, Per Trygve Karstensen, Bjørn Gjermundsen, Toril Ringholm, Erik Aamlid, Torleik Stegane, Inger Margrethe Berge, Sjur Joakim Fretheim og Ole G. Evensen. Bokvinnaren i dag er frå Fjaler og heiter Odd Jarle Kjørstad. Gratulerer!
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.