Det går mot vintertid, og i brevkassa her i bokstova er det tydeleg at folk no skal ruste seg til kaldvêr og faren for å snø inne. I år er det påfallande mange av dei fiktive lesarane som vurderer å ynskje seg gamasjar til jul, og spørsmålet som fleire vil ha svar på, er: Er det moderne med gamasjar no?
Motviljug lyt me medgje at boklækjaren ikkje er særleg sakkunnig når det dreier seg om klesplagg til å spenne over ankel og legg. Me har difor rådført oss med ein spesialist i gamasjefaget, nemleg Knut Hamsun. Han gjer fyrst merksam på at han ikkje estimerer ordet gamasjar, då ordet snesokker er meir presist og kling betre.
Det er i Fra det moderne Amerikas Aandsliv me får høyre om då Store-Knut gjekk omkring med snesokker i Sambandsstatane: «Om jeg havde været et vandrende Teater, kunde jeg ikke vakt større Oppsikt, og jeg følte meg slet ikke tryg for et Engagementstilbud fra et eller annet Varietéemusæum. Tilsidst blev den Opmærksomhed, jeg paadrog mig ved mine Snesokker, lidt betænkelig. Selv Politibetjentene stod og saa på dem, og spekulered paa om de kunne undgaa at arrestere de Snesokker. Følgen var at jeg gav dem bort, det gjorde jeg – gav dem bort til min værste Uven, en Tømmermann fra Texas, med hvem jeg saaledes sluttet et hjærteligt Forlik.»
Frå snøsokkar til svaret me skulle fram til denne veka. Gunder Runde skriv: «Når du no har gått inn på systemet med gjenbruk, var det truleg ingen betre å starte med enn Agnes Ravatn og årets bok frå hennar hand: Gjestene. Agnes Ravatn er ein kjend og kjær penn for oss som har vore Dag og Tid-abonnentar nokre år. Artiklane hennar i avisa for nokre år sidan er ei rein glede å minnast – nokre av dei er heldigvis komne i bokform etterpå. Eg såg med stor glede fram til å lese årets bok av Ravatn, og passa på å vere tidleg i køen på ’bokbitane’, og dermed har eg for lengst lese boka, og sjølv om eg ikkje kjende att dette sitatet, så var eg i alle fall ikkje i tvil når eg såg namnet Kai og las om hans evner som bryggebyggar. Men sjølvsagt hugsa eg ikkje etternamnet, og sidan det no er lange ventelister på boka på både bokbitar og -samlingar, måtte eg snikblade på bokhandelen i Ulsteinvik. Det tok si tid, men med hjelp av ein betre halvdel (vi tok kvar vår bok, éin bladde bakfrå og éin framanfrå) fann vi til sist, på side 112, etternamnet, som er Braaten. Det er ikkje så verst å ha ein samarbeidsvillig ektefelle i slike situasjonar! Hovudpersonen i boka, Karin, er ein typisk Ravatn-figur, ei kvinne med ein god del sjølvinnsikt, men som ikkje heilt klarer å styre kjenslene sine, spontant set ho i gang ei lang rekkje med lygner som ho har problem med å vikle seg ut av. Det er hyttenaboane som er ’skurkane’ i forteljinga, og heldigvis har ho (tilsynelatande) stødige Kai ved si side til hjelp i lygeprosessen. Mot slutten av boka skjer det ei uventa vending i handlinga, men dette får dei som står i kø til å lese boka, finne ut av sjølv. Ravatn skuffar ikkje denne gongen heller! Glitrande framstilling av Karin sine sprell, med hennar eigne refleksjonar av sine litt negative sider.»
Petter Kristensen skriv: «Bokhandleren på Ark i Sandakersenteret hadde lest boka uka før og kunne ikke få fullrost den nok.»
Ole G. Evensen skriv: «Stor takk til kona mi som let seg overtale til å opne bokgåva (frå meg) lenge før jul.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.