JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Gåtefulle Knut

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4481
20211224
4481
20211224

I 1877 debuterte ein norsk forfattar med boka Den Gaadefulde, med undertittelen En kjærlighedshistorie fra Nordland. Boka er lita, men forfattaren skulle seinare vise seg å verte stor. Ikkje berre vart Knut Hamsun nobelprisvinnar i litteratur. Han fekk òg æra av å vere fast inventar i juleutgåva av Klok på bok. Heilt sikre på kva for heider Hamsun held høgast, er me ikkje, men me har ein mistanke. Me har jo det.

Klok-redaksjonen ynskjer lesarane ei god jul med barnleg lyst og tindrande ljos kvar kveld. Dessutan vil me takke for god ro og orden i 2021, og ynskje alle eit godt nytt år.

Så til løysinga i dag. Gunder Runde skriv: «Det er noko som heiter ’å gå i barndomen’. Dette kan gje seg ymse utslag – for mitt vedkomande: Eg har i det siste lese fleire barne- og ungdomsbøker. Den siste barneboka eg las, er den nydelege skildringa Snøballkrigen av Sigmund Løvåsen. Løvåsen er ein særs allsidig forfattar – han debuterte med romanen Nyryddinga i 2003 (som altså er dagens bok), som han vel fortent fekk både Tarjei Vesaas’ debutantpris og P2-lyttarane sin pris for. I 2006 kom det eit framhald av boka om Geir, nemleg Brakk. Og så dukka humoristen Løvåsen opp i roman nummer 3, Mamsell Iversen. Ikkje nok med det, han har også skrive ein framifrå biografi om Kjell Aukrust, ei nydeleg diktsamling med ein flott tittel: Med øksane dei haustar inn, og altså i år: ei barnebok. Løvåsen høyrer til dei forfattarane som eg følgjer nøye med, og les alt av. Sist sommar hadde me på Sunnmøre gleda av å møte han som festspeldiktar på Dei nynorske festspela i Ørsta, der han gjorde arrangementet til ein fest, bokstaveleg tala! Sigmund Løvåsen har også vore leiar av Den norske Forfatterforening, og han sit i ulike utval og nemnder som har med litteratur å gjere. Og så var det namnet på kjærasten til Geir i Nyryddinga – namnet hennar er Live.»

Desse klokingane rydda bort all tvil og fann fram til Live og Løvåsen på oppgåve 1510: John Olav Johnsen, Signar Myrvang, Laurits Killingbergtrø, Else Gjesdahl Sørensen, Eli Winjum, Vigdis Hegna Myrvang, Bjørn Myrvang, Ingebjørg Sogge, Skeisebibliotekaren i LASK, Ragnhild Eggen, Eirik Holten, Ole Husby, Inger Anne Hammervoll, Olav Holten, Kjell Helge Moe, Bente Ubostad, Torbjørn Ohnstad Skaim, Eli Hegna, Gunder Runde, Pål Amdal, Jan Alfred Sørensen, Petter Kristensen, Helge Flæte, Brita Lundeland, Lise Haaland, Audun Gjengedal, Gunnar Bæra, Jorunn Røyset, Nils Farstad, Reidar Birkeland, Folke Kjelleberg, Fritjof Lampe, Bjørn Gjermundsen, Erik Aamlid, Tor Einar Loftesnes, Hans M. Gautefall, Jorunn Øxnevad Lie, Anne Berit Skaarer, Turid Tirevold, Kirsten Bakke, Gunnar Eide, Sigrun Gjengedal Ruud, Jorunn Kleppe, Kjell Helge Moe, Dei Kvasse på Fana, Solrun Haukedalen, Magnhild Reisæter, Olav B. Larsen, Robert Øfsti, Inger Margrethe Berge, Torleik Stegane, Sjur Joakim Fretheim og Ole G. Evensen. Siste bokvinnar i år er Dei Kvasse på Fana. Gratulerer!

Klok på bok 1512

1. I Men livet lever seier ein sorenskrivar at plikta med å eksaminere fattigfolk ikkje er noko han trivst med. Han plar avhende oppgåva til fullmektigen og meiner han er betre skikka til arbeidet, av di han kjem ifrå ein bestemd landsdel i Noreg. Kva for landsdel kjem fullmektigen frå?

2. I ei av Hamsuns bøker blir det fortalt om ein mann som stel ei bok med ein hundrekronesetel inni. Kven var det som eigentleg skulle ha boka og setelen?

3. I Pan får me høyre om ein finsk baron. Kvar hadde baronen vore før han kom med Mack til Sirilund?

4. I Landstrykere får Edevart plutseleg fire hundre kroner frå uventa hald. Kven var det som på dødslega ville at Edevart skulle ha desse pengane?

5. Johan Nilsen Nagel har sterke meiningar om mangt. Mellom anna gjer han det klart at i Noreg har me berre éin diktar, før han proklamerer kven dette ikkje er. Kven er det Nagel ikkje reknar som diktar?

6. Kor gammal er ein vandrar når han byrjar spele med sordin?

7. I Rosa vert ein teolog omtalt som «selve Storseileren paa dette livsenske Hav». Kven er det som seier dette, og kven er teologen?

8. Hamsun skriv mykje fint om sopp, og eg vil vete namnet på minst to verk der han skriv om flugesopp.

9. I Markens grøde vert det sagt om ei kvinne at ho av mangel på freistingar hadde vore ærbar. Kva er namnet på denne kvinna?

10. I Victoria bergar Johannes ei jente frå å drukne. Kor gammal er Johannes når han bergar jenta?

Send svar på minst åtte av dei ti spørsmåla til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 8. januar 2022.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis