Det skal nok vere lesarar som synest at spalta her er altfor alvorleg. Kan hende meiner nokre at me skulle tatt med meir tant, medan andre føretrekkjer meir fjas. Som ein sørvis for alle som saknar smil i spalta, vil me i dag presentere ei røvarhistorie som ifylgje boklækjaren er humor for dei kresne.
Me skal attende i tida, til omkring 600 år før vår tidsrekning. Filosofen Thales frå Milet går inn på ein kafé og bestiller ein kopp kaffi. Thales tek ein slurk av kaffien og spyttar han straks ut i avsky, før han ser opp mot servitøren og roper: «Dette er jo berre vatn!»
Ja, der fekk me oss ein god lått. Diverre, eller heldigvis, stiller resten av Klok-redaksjonen seg skeptisk til at boklækjaren skal få spalteplass for fleire sjølvlaga skjemt.
Når latteren har lagd seg, kan me sjå på svaret me skulle fram til denne gongen. Skeisebibliotekaren i LASK skriv: «Etter å ha søkt på nynorsk skjønnlitteratur for vaksne utgjeven i 1994 i ein svær bibliotekbase, stod eg att med berre 71 treff, og då eg allereie på fyrste side fann boka Italia forteller – italienske noveller (valde og presenterte av Magnus Ulleland), trudde eg at eg hadde treft blink. Det hadde eg ikkje. Neste omsetjing på lista var Miroslav Holubs Den forsvinnande lungas syndrom, men den var det heller ikkje, for Holub var ikkje fødd då forteljinga vi skal fram til, stod på prent for fyrste gong. Daisy Miller av Henry James er neste på lista. James var 35 år i 1878. Han døydde i 1916 – von Heidenstam! Ai, ai, ai. Verdt eit forsøk, om ikkje anna. Eg må innrømme at eg ikkje har hatt stort å gjere med forfattaren, men vi får sjå – til bokhylla! Det fyrste eg ser: omsetjing ved Grethe Fatima Syed og etterord ved Jon Fosse. Sagt på ein annan måte: altså noko eg burde ha lese. Trua steig med dette, og på side 39 fann eg sitatet, så då var det berre å lese, for å finne italienaren. Eg har stor tru på at det handlar om herr Giovanelli.»
Gunder Runde skriv: «Humoristisk replikk frå 1878? Sikkert ikkje tysk eller russisk, neppe italiensk, og for lite elegant til å vere fransk. Me satsar på britisk. Så var det dødsåret: Mange skandinavar har fått nobelprisen, heilt frå 1903 og utover. Eg trur kanskje vi kan halde oss til perioden fram til ca. 1928 (Undset). Eg finn fram til to mogleg aktuelle britiskspråklege forfattarar som døydde i denne perioden: Henry James i 1916 og Thomas Hardy i 1928. Men av desse to er det berre James som har fått omsett ei bok til norsk i 1994, nemleg Henry James (1843–1916). Me satsar på denne boka, med tittelen Daisy Miller, utgitt i 1879, noko som kan stemme med formuleringa ’fyrste gongen på prent i 1878’. Henry James var ein velrenommert forfattar i si tid, han var nominert til Nobelprisen i litteratur i både 1911, 1912 og 1916. Etter kvart kom han kanskje meir i gløymeboka, men i det siste har han vel fått ein slags renessanse. Den mest kjende boka av han er The Portrait of a Lady. Eg må vedgå at eg ikkje har lese noko av James – ei ’unnlatingssynd’, er det ikkje det det vert kalla?»
Desse fann fram til Giovanelli, Henry James og Daisy Miller som svar på oppgåve 1533: John Olav Johnsen, Eli Winjum, Vigdis Hegna Myrvang, Fritjof Lampe, Skeisebibliotekaren i LASK, Ingebjørg Sogge, Eli Hegna, Laurits Killingbergtrø, Inger Anne Hammervoll, Jorunn Øxnevad Lie, Ragnhild Eggen, Signar Myrvang, Bjørn Gjermundsen, Gunnar Bæra, Gunder Runde, Erik Aamlid, Audun Gjengedal, Pål Amdal, Arne Thorvik, Lise Haaland, Jan Alfred Sørensen, Else Gjesdahl Sørensen, Nils Farstad, Reidar Birkeland, Brita Lundeland, Sigrun Gjengedal Ruud, Per Trygve Karstensen, Gunnar Eide, Anne Berit Skaarer, Folke Kjelleberg, Turid Tirevold, Inger Margrethe Berge, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Dei kvasse på Fana, Torleik Stegane, Laura Killingbergtrø, Kjell Helge Moe, Yngve Skjæveland, Robert Øfsti, Sjur Joakim Fretheim, Gjertrud Fanebust og Ole G. Evensen. I dag heiter bokvinnaren Fritjof Lampe. Gratulerer!
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.