Klok på bok

Fred og forsoning

Publisert

På med setebeltet, denne gongen har me mykje me skal nå i spalta du les no. Fyrst lyt me konstatere at omgrepet «å hoppe etter Wirkola» med åra har tapt litt glans og farge. Ikkje av di me har mista respekt for kjernekaren og krafthopparen Bjørn Tore Wirkola, men sanninga er jo at mange av dei som for tida hoppar etter Wirkola, flyg vesentleg lenger gjennom lufta enn det Bjørn Tore gjorde. Landar gjer dei òg. Så fekk me det på plass og kan sprette vidare.

No og då, mest no, kan det vere interessant å lytte til kva filosofane seier om tidbolken me er inne i. Diverre er det ikkje alle tenkjarane som har vore så opptekne av julehøgtida og fenomenet ferie. Bertrand Russell er eit unnatak. Han hevda: «Eit av symptoma på å nærme seg nervøst samanbrot er trua på at arbeidet ein gjer, er så frykteleg viktig, og at å ta ferie vil føre med seg alle slags katastrofar. Om eg var lækjar, skulle eg ordinere ferie til alle pasientar som reknar arbeidet sitt som viktig.» Boklækjaren meiner omtrent det same.

Så til løysinga i dag. Gunder Runde skriv: «Denne boka hadde vi i lesesirkelen vår så seint som i februar i år. Og sitatet kjende eg att, det er å rekne som vendepunktet i denne nydelege romanen, som altså er Forsoningen av Fred Uhlman. Det er ikkje mange bøker som har oppnådd like stor grad av samstemmig ros i gruppa vår som denne. Takk til Rita som gjorde oss merksame på boka! Handlinga i romanen startar i 1932 i Stuttgart. Den jødiske ungguten Hans Strauss blir kjend med adelsætlingen Konradin von Lothenburg, og det utviklar seg til eit nært og varmt vennskap mellom dei to unggutane. Men noko skurrar. På operaframsyninga som er nemnd i oppgåva (Fidelio av Beethoven) er begge gutane i operaen. I pausen vil Hans ta kontakt med Konradin, men han berre går forbi utan å reagere (han er saman med foreldra sine). Når Hans seinare konfronterer Konradin med dette, vedgår han at foreldra er Hitler-vennlege, og at særleg mora ber på eit intens hat mot jødane. Dette er starten på slutten av vennskapet. Fred Uhlman var fødd i 1901, og døydde i 1985. Boka vart først utgitt på eige forlag i 1960, før Arthur Koestler gjenoppdaga henne, og fekk henne utgitt på nytt. ’Eit meisterverk’, skreiv Koestler om boka. Litteraturgruppa vår var unisont samd i dette.»

Skeisebibliotekaren i LASK skriv: «En av de sterkeste leseopplevelsene jeg har hatt var da jeg for mange år siden slukte Forsoningen av Fred Uhlman. Verken før eller siden har siste setning – enn si siste ord – i en fortelling gitt meg en så umiddelbar reaksjon at jeg i befippelse mistet boken på gulvet. Sterk virkning hadde den også nå, selv om jeg aldri så mye visste hvordan siste setning lød. En sterk og troverdig historie fra maleren som gjorde det hans romanfigur alltid hadde villet, han skrev én god bok!»

John Olav Johnsen skriv: «Boka er eit lite meisterverk. Godt å bli mint på at denne boka finst. Slik fekk eg høve å lesa ho endå ein gong. Minne om venskap, natur og kultur i det vakre Schwaben er skildra med vemod og lengsel sett gjennom auga til ein kunstmålar. Takk for denne påminninga!»

Anne Berit Skaarer skriv: «Takk for et godt leseforslag!»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement