Klok på bok

Fossekallen

Publisert Sist oppdatert

Her i bokstova har me framleis ikkje fått armane ned etter tildelinga av Nobelprisen i litteratur torsdag i førre veka. Enn at noko så vedunderleg skulle skje!

Sjølv folk med minimal interesse for ornitologi veit at fossekallen (Cinclus cinclus) er utpeikt som nasjonalfugl i Noreg. At namnet på nasjonalskalden i Noreg framover vil vere omtrent det same, er neppe tilfeldig.

Klok-redaksjonen gratulerer Jon Olav Fosse med ein særs velfortent nobelpris. At prisen også har ein verdi for nynorsken som ikkje kan overvurderast, er ei kjensgjerning.

Så skal me sjå på løysinga me skulle fram til denne gongen. Laurits Killingbergtrø skriv: «Eg har visst tidlegare røpa at eg er flinkare til å søkje på nettet enn til lese bøker. Sitatet gav meg difor heller ikkje denne gongen noko svar. Men tipsa frå Medikus var til god hjelp i kombinasjon med nettstadene Wiki og Oria. Medikus gjev opp dei to sentrale årstala 1943 og 1976, men dei vart for snaue. Eg leitte så etter eit tredje årstal, eit år med skandinavisk nobelprisvinnar. Sidan boka kom i 1943, starta eg framanfrå på lista over nobelprisvinnarar og fann skandinaviske i 1903, 1909, 1916, 1917. Det siste gav resultat med denne kombinasjonen på Oria: ’1976 1943 1917’. Det aller første tilslaget der var Barndommens gate av Tove Ditlevsen. Eg lånte boka på Deichman og fann at ho var den rette. Eg gav meg til å lese, både for å nyte forteljinga og for å vere på særskild utkik etter vekedagar. Men særleg lysteleg er ikkje forteljinga. Ungjenta Ester (som kanskje i mangt er Tove sjølv), hadde langt frå nokon lykkeleg barndom og oppvekst med familie og omgangsvener i København. Som lesar tykkjer eg likevel det var både interessant og lærerikt å bli kjend med dette miljøet. I tilleggsspørsmålet skulle vi fram til ein viss vekedag som er ’mannen sin’. Dette var noko dulramt, men på side 136 står det klart og tydeleg at ’Søndagen er mannfolkenes dag.’ No i etterkant ser eg elles at det nemnde årstalet 1976 som hjelpte meg så mykje, også var det året Tove Ditlevsen gjekk bort på ein så tragisk måte. No har eg vorte så kjend med henne at eg vil lyse fred over minnet hennar.»

Norunn Askeland skriv: «Denne gongen kjende eg skrivestilen og språktonen i sitatet med ein gong. Eg er med i eit litteraturgruppe der vi nettopp har lese fleire såre bøker av den same forfattaren. Sitatet er frå Barndommens gate, som kom ut første gong i 1943. Forfattaren er Tove Ditlevsen, fødd i 1917, året då Nobelprisen i litteratur hamna hos to danske forfattarar: Henrik Pontoppidan og Karl Adolph Gjellerup. Medikus Libri er god til å finne intrikate spørsmål, som spørsmålet om kva for ein vekedag det er som er mannen sin. Først tenkte eg at det rette svaret var alle vekedagar, men etter å ha leita med lys og lykter i boka, fann eg svaret: ’Søndagen er mannfolkenes dag. Da går de gjerne ærend fordi dagen er lang og det er hyggelig en gang imellom å se gaten i dagslys og leve litt opp mellom arbeid og søvn.’ Det er vel så sant som det er sagt.»

Inger Anne Hammervoll skriv: «Løysingsboka er ei perle.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement