JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Forboden frukt

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4881
20210129
4881
20210129

No og da hender det at boklækjaren vert omtalt som «språk-nazi». Slike grunnlause skuldingar, skjellsord utan rot i røynda, tek eg lett på. Sant nok kan eg ein sjeldan gong (les: alltid) gjere merksam på at det ikkje skal vere fuge-s i timevis, dagevis, vekevis og årevis, men at i månadsvis er det korrekt. At jubelen for slike små rettingar er tyst, er jo langt ifrå det same som at han ikkje finst.

Utanfor den inste krinsen vert det verre å vere språkpoliti. Blant folk eg kjenner, finst det heile to som seier «advokado» om den pæreforma frukta som veks på avokadotreet. Ja, eg riv meg i håret, og eg krummar tærne, men eg er stille som snø der eg sit og lyttar til galskapen.

I staden for å søke juridisk bistand vil eg høyre med lesarane: Er det best å kimse eller å korrigere i ein slik situasjon? Drøft dilemmaet, gjerne i små grupper, og send konklusjonen til bokstova. Fruktbare framlegg får laurbær i spalta.

I løysingsboka denne veka vert dei vaksne tatt på fersken når dei kjem med utsegner som ikkje samsvarar med det røynlege hos hovudpersonen. Folke Kjelleberg skriv: «Sitatoppgåva er henta frå romanen Dei vaksnes løgnaktige liv, utgjeven på Samlaget i 2020, omsett av Kristin Sørsdal. Så var det forfattaren då: Det er ein person som nyttar pseudonymet Elena Ferrante. I alle år sidan debutromanen i 1992, L’amore molesto har det vorte lansert mange ’alternative løysingar/ alternative sanningar’. Då første romanen hennar kom på norsk i 1994, med tittelen Hjemreise, omsett av Brit Jahr, så skreiv bokmeldaren i Aftenposten, Terje Stemland, at Ferrante ’var fra Italia og bosatt i Hellas’. Då siste boka i Napoli-kvartetten kom i norsk omsetjing i 2016, vart Kristin Sørsdal heidra med Målprisen og Elena Ferrante vart innstilt til Booker-prisen. Eitt av dei mange forslag til kven som skjuler seg attom namnet Elena Ferrante, er historieprofessor Marcella Marmo, fødd i 1943 i Napoli. Ei anna er Anita Raja, fødd i 1953, og gift med forfattaren Dominico Starmone – han som vitja Lillehammer under Litteraturfestivalen i 2018. Så langt utan at nokon har funne svaret. Men eitt er sikkert: Denne tvilen er godt for Samlaget og nynorsken.»

Laurits Killingbergtrø skriv: «Nøtta denne gongen var vel overmogen å kalle. Eg har venta lenge på at Elena Ferrante skulle bli plukka ut til Klok-forfattar. Bøkene hennar har vore bestseljarar, ja, både i heimlandet Italia og andre land, såleis òg lykkelegvis i Noreg. Med Kristin Sørsdal som omsetjar av heile ti bøker har det ført til ein stor auke av den nynorske bokheimen.

Siste romanen av Ferrante kom ut 2019 med tittel La vita bugiarda degli adulti. Den norske omsetjinga av Sørsdal har tittelen Dei vaksnes løgnaktige liv og kom i 2020. Namnet Elena Ferrante skal visst vere eit pseudonym, og fleire framlegg til ’rett’ namn er reiste. Men eg tykkjer Elena er så vakkert eit namn at det held hundre prosent for meg.»

På oppgåve 1466 var det desse klokingane som fann fram til Ferrante: Gunn Bull-Berg, Signar Myrvang, Skeisebibliotekaren i LASK, Marit-Solveig Abrahamsen, Ingebjørg Sogge, Ragnhild Eggen, Inger Dyrnesli, Laurits Killingbergtrø, Jon Østbø, John Olav Johnsen, Fritjof Lampe, Inger Anne Hammervoll, Ole Husby, Olav Holten, Eli Winjum, Torhild Bru, Gunnar Bæra, Eli Hegna, Jorunn Øxnevad Lie, Asbjørg Apalset, Ståle Ritland, Marte Myklebust, Gunder Runde, Pål Amdal, Gunnar Eide, Kjell Helge Moe, Bjørn Gjermundsen, Sissel Gunnarshaug, Petter Kristensen, Oddlaug Bringe Walaker, Else Gjesdahl Sørensen, Tor Inge Tennfjord, Jan Alfred Sørensen, Kari Vevatne, Hildur Øvsthus, Mathias Sunde Valseth, Turid Tirevold, Sjur Joakim Fretheim, Folke Kjelleberg, Jorunn B. Fjeldheim, Eirik Holten, Eiliv Olsen, Magnhild Reisæter, Olav B. Larsen, Torbjørn Ohnstad Skaim, Hans M. Gautefall, Marta Kløve Juuhl, Per Trygve Karstensen, Anne Berit Skaarer, Anne-Karine Garstad, Erik Aamlid, Lars Moa, Inger Margrethe Berge, Christine Løvold, Tvillingene, Vigdis Hegna Myrvang og Ole G. Evensen. I dag heiter bokvinnaren Magnhild Reisæter. Gratulerer!

Klok på bok 1468

Det er over. Hanskane hennar er mjuke i hendene mine; eg gnir det brune, vakkert brukte skinnet mellom to fingrar; med eine handa tek eg messinghandtaket og dreg ut den øvste kommodeskuffen. Så legg eg hanskane på plass. Det er over. Eg tek to steg til sida; biletet mitt glid ut av spegelen og eg går inn i kjøkkenet.

Sitatet er frå s. 45 i boklækjarutgåva (1990). Forfattaren me skal fram til denne gongen, er fødd på slutten av eit år då Nobelprisen i litteratur gjekk til ein fransk forfattar. Ho som eigde hanskane me høyrer om i sitatet, skulle vore med i ei dramatisering av ein russisk roman. Før eg godkjenner svaret, vil eg ha tittelen på denne romanen.

Send tittel på romanen som ifylgje forteljinga skulle dramatiserast, namn på forfattar og verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 6. februar.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Foto: Privat

DiktetKunnskap
Svein Gjerdåker

Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid

«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Thor Magnus Tangerås debuterte som lyrikar i 2022.

Foto: Tove K. Breistein

Meldingar

Flyg høgt

Thor Magnus Tangerås skriv ujamt om naturen og teknikken i Landskap med vindturbinar.

Kjetil Berthelsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis