Klok på bok
Finsk framferd
Det var stor suksess då Klok-redaksjonen sist veke presenterte eit finsk ordtøke. Av alle reaksjonane frå lesarane var det ikkje ein einaste som var negativ. No fekk me ingen tilbakemeldingar på den finske seiemåten, men likevel.
I dag vil me følgje opp på det finske og snakke litt om røynsla boklækjaren har med folk frå Finland. For lenge sidan, då me alle saman var yngre, budde eg i Praha, og der var det flust med finlendingar. Det vil seie at det var mange av dei der eg var. Og eg var på bar.
Sjølv om ein skal vere varsam med generaliseringar og ikkje spreie einsidige stereotypiar, lyt eg medgi at når det vart seint på vertshus i Praha, var det som oftast finsk sisu som gav siger. Dei ville ikkje avslutte aftanen, det var alltid for tidleg å gå heim.
No er det ikkje alt som er like klårt frå desse kveldane, men eg hugsar at Kaisa frå Kuopio hadde eit motto ho ikkje kunne nemne for ofte. Ho pla seie: «Å kunne kysse som ein nybegynnar krev ganske stor erfaring.»
Me held fram i det finske når me går vidare til løysinga denne gongen. Laurits Killingbergtrø skriv: «I dag fekk eg smake min eigen medisin. Ut frå årstala til Medikus fann eg tidleg ei sannsynleg løysing, og det var På hjemmefronten av finske Kari Hotakainen. Så ville eg vere snøgg og låne boka før konkurrentane for å sjekke sitat og ekstraspørsmål. På Deichman Røa skulle det stå eitt eksemplar, såg eg på nettet. Då eg kom dit, hadde nokon snappa boka før meg. Simpelt gjort. Så til sentrum og Norli bokhandel: boka utseld frå forlaget. Siste freistnad var det nye flotte Deichman-bygget. Den aktuelle boka stod ikkje i dei timeterlange reolane med skjønnlitteratur. Men så kom det ei hjelpsam dame og vart med meg to etasjar ned, for der stod boka i kjellaren. Sitatet stod på rett side 209–10, så boka var den eg trudde. Heimkomen bar det til å lese til eg kom til desse sidene, og der las eg både fram og attende utan sikkert napp. Men jau da, ti sider tidlegare hadde hussøkjaren Matti Virtanen skildra korleis han hadde teke seg inn i dette huset som han vona å få kjøpt.»
Olaug Denstadli skriv: «Eg fann raskt fram til bok og forfattar, men kven denne Reino ville slå ned, vart verre. Eg starta med namnet Reino, og fekk stadfesta at det kunne vere i bruk i Finland. Dit ville eg gjerne, og etter søk på omsette bøker frå 2004, landa eg fort på Kari Hotakainens På hjemmefronten, utgitt i Finland i 2002. Og forfattaren var fødd same år som Albert Camus mottok Nobelprisen, i 1957. Altså bingo. Så: boka var ikkje å oppdrive i omlandet mitt, og da var gode råd dyre. Men vår kjære bibliotekar visste heldigvis råd, for no var eg blitt gira. (Og det vart ho, bibliotekaren, også.) Eg vart innvilga åtte timars ’forsking’ på boka via Nasjonalbiblioteket, og der, på side 183, observerer Matti at Taisto finn ein ekstranøkkel til huset under det tredje trinnet i trappa, og dermed kan Matti på side 201 også finne nøkkelen og spasere rett inn for å sjå seg om i huset ... Endeleg! Svaret er altså: Reino tilbyr seg å slå ned Matti.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.