Januar var ein lang månad, men no vert det fart på. Det er ein særs stutt månad til årstida som lagar overgangen frå vinter til sommar kjem lurande. Hjå mange vert tida som er i kjømda, berre kalla våren. At våren er velkomen, finst det ikkje to meiningar om i bokstova. Når kulda går over i tøvêr, følgjer humøret med temperaturen og går gradvis opp.
Men før me får vår, skal me feire februar, denne veslebroren blant månadene. Ein god start på februar kan til dømes vere å tenkje over noko Olav H. Hauge skreiv i dagboka 8. februar 1968. Med utgangspunkt i Arkimedes og dei kjende orda «Gjev meg eit fast punkt» skreiv Hauge: «Det er seg sjølv menneske realiserer i sine moralske handlingar.
Den skaparkraft som danar all ytre ting, verkar i din ytre vilje, din moralske innstilling ligg i di eigi hand.
Du kjenner berre verdi so langt du kjenner deg sjølv. Kjenn deg sjølv!
Djupni i det ordet kjenner ein seint.»
Så til løysinga me skulle fram til denne gongen. Skeisebibliotekaren i LASK skriv: «Kordan gripe fatt i denne oppgaven, dåeh? Først sjekke nye bøker 1994 på Wiki. Ikkje heldig med den. Et avgrenset søk hos BOB då. Nynorsk skjønn for voksne – 71 treff. Overkommelig. Første debutant: Helga Gunerius Eriksen med Dersom du. Sjekket ut. Oi, neste ut e Tormod fra Bøvågen – eg vet at Under var hans debut, for eg leste den og de to neste med stor glede, og liker å bruke samletittelen Under varmare heller, som utgjør de en trilogi. Men e det rett debutant? Se, det må eg sjekke. Et øyeblikk. Nei! Å, dette var leit – fineste Tormod. Videre. Eva Jensen? Hon har eg òg truffet, nei, hon romandebuterte i 87. Neste romandebutant på listen e Solfrid Sivertsen; dessverre aldri lest. Søsteren te Kennethen, jo – han har vi et svært bilde av på veggen her. Hon debuterte med noveller i 86, kom så med dikt i 88, så noveller igjen i 91, derpå TO romaner i 94, korav enten Grøn koffert eller Langtidsvarsel va den første. Et øyeblikk. Ikkje Langtidsvarsel… Grøn koffert! Grøn koffert! Fikk til og med Nynorsk litteraturpris for den, så den må vere god! Så va det faren, et øyeblikk te. Rolf, han het Rolf, men e det nok, se det e et spørsmål, og der vekket eg hos meg sjøl assosiasjon til Ragnar Hovlands berømte ’Kor kjem vi frå, og kor går vi hen. Dette er to spørsmål.’ Rolf Tushingham? Tuller. Det blir Rolf. Gripende historie, forresten, takk for tipset.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.