Klok på bok

Får får får?

Publisert Sist oppdatert

Svaret på tittelen i dag er sjølvsagt nei, får får ikkje får, dei får lam. Denne gongen vert det mykje ull og lite skrik i spalta du les no.

Men fyrst vil me minne om nobelprisundersøkinga der lesarane er inviterte til å komme med framlegg om forfattarar som fortente, men ikkje fekk, den noble litteraturprisen i åra mellom Undset og Fosse. Me har alt fått mange gode innspel, men det er framleis plass til fleire. Fristen for å sende inn namn på forbigåtte forfattarar til klok@dagogtid.no er til og med 11. november. Alle som deltek i undersøkinga, er med i trekkinga av ein bokpremie.

Det er nok ikkje berre boklækjaren som kunne tenkt seg å vete kva for forfattarar som opp gjennom tidene har vore nominerte til den gjæve prisen. Men svenskane er strenge. På heimesida til Svenska Akademiens Nobelkommitté står det: «Nomineringslistan lyder en femtioårig sekretessgräns och kommer inte att publiceras tidigare än så.»

Klok-redaksjonen har snoka litt i systema og kan avsløre at følgjande norske forfattarar var nominerte i åra mellom 1928 og 1950: Johan Bojer, Olaf Bull, Olav Duun, Alf Larsen, Ole Hallesby, Ewald Sundberg, Hans Henrik Holm, Johan Falkberget, Arnulf Øverland og Tarjei Vesaas. Mange fine folk på lista, men utan å nemne namn, Hallesby, Sundberg og Holm, var det nok òg nokre av dei som De Aderton neppe tok særleg seriøst.

Løysingsforfattaren denne veka har vore heit kandidat til Nobelprisen i litteratur i ein lengre periode. Tor Fjeldstad skriv: «Eg er ikkje så klok på bøker, men eg plar å følgje med når kona mi prøver å finne løysinga. Denne gongen vart eg på eit vis fanga av sitatet. Medan vi sat ved frukostbordet og funderte, bestemte eg meg for å prøve om Nasjonalbiblioteket kunne hjelpe meg. Der fekk eg napp, og då skjøna eg kvifor sitatet hadde fanga meg. Murakami er ein av mine favorittar. Men denne boka hadde eg ikkje lese. Så då måtte eg setje gang, og på side 181 fann eg hotell Delfinen. Eg las spent vidare, og på side 202 kom løysinga. Eigaren fortalde at hotellet har namnet sitt etter ein episode med delfinar i Moby Dick av Hermann Melville. Boka sitatet er henta frå, er Sauejakten av Haruki Murakami.»

Laurits Killingbergtrø skriv: «Med velprøvde søkjemåtar ut frå tipsa kom eg fram til ei sannsynleg bok: Sauejakten av Haruki Murakami. Men å få verifisert framlegget mitt var verre, for boka eg trudde på, finst ikkje på biblioteka her. Men ho er lesbar på nettet, fann eg ut, og der stod sitatet. Dermed kunne eg sitje i ro og mak framfor datamaskina i inneklede og nyte den gode forteljinga.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement