Etter meir enn ei heil veke utan å vere på poesifestival i Ulvik, lyt eg innrømme: Eg saknar å vere på poesifestival i Ulvik. Det er noko urettvist med sjølve livet, dette at det ikkje alltid er poesifestival i Ulvik.
No veit eg at det heng noko naivt og truskuldig over folk som førestiller seg at livet kvar dag og kvar time skal vise seg rettvist. For ikkje å søkke altfor djupt ned i melankoli og medynk med meg sjølv har eg henta meg ein leveregel hos Knut Hamsun. I En Vandrer spiller med Sordin skriv Store-Knut: «Nei man skal ikke tro at man har Ret til mere Sukkertøj end man faar.» Eg prøver å hugse desse orda når det trengst. Det vil seie heile tida.
Frå øvinga med å lyfte seg sjølv etter nakkeskinnet skal me vidare til løysinga på oppgåve 1496. Laurits Killingbergtrø skriv: «Takk for ny oppgåve, Medikus. Denne gongen var eg meir på alerten da eg såg tipsa dine, enn eg var førre gongen. No sa det pang ut frå dei to nemnde greske filosofane. Både Heraklit og Tales frå Milet hadde som filosofi at eld og vatn er grunnemne som alt elles i naturen skriv seg frå. (Eg tenkjer jamvel på Heraklits ord om at ’alt flyt’, når eg ser meg rundt i husværet mitt somme gonger.) Forfattaren Sivert Nikolai Nesbø grip fatt i desse to urstoffa i tittelen på boka Varme og vatn. Eg har ikkje lese boka enno, men det skal skje når eg får lånt ho på biblioteket. Eg er spent på om han i det heile kjem inn på gresk filosofi, og på kva tittelen elles kan byggje på ut frå hendingane i boka. I tekstklippet i bokspalta vart det i alle fall ikkje noka bålbrenning. Sivert Nikolai Nesbø er frå Førde og fødd i 1982, det året Gabriel García Márquez frå Colombia vann Nobelprisen, og han skreiv på spansk.»
Folke Kjelleberg skriv: «Oppgåva er henta frå romanen Varme og vatn, utgjeven på Tiden Norsk Forlag i 2021. Forfattaren er Sivert N. Nesbø. Tipset om at dei to greske filosofane gjev hint som kan knytast til tittelen på romanen, viser til Heraklit (540–480 f.Kr.), som meinte at elden (varme) er urstoffet til livet, medan Tales frå Milet (624–545 f.Kr.) meinte at alt liv hadde sitt opphav frå vatn. Sivert N. Nesbø er busett i Bergen og har vore elev på Skrivekunstakademiet i byen og er no leiar ved det same akademiet. Han debuterte i 2013 med romanen Skårgangar og har seinare gjeve ut fleire bøker.»
Eli Hegna skriv: «Jeg måtte få Heraklit og Tales fra Milet på plass før jeg fant fram til Sivert Nesbø og Varme og vatn. Omtaler jeg fant om boka og ukas sitat, overbeviste meg om at dette var rett svar. Flott at du framhever unge (og ukjente) forfattere i din spalte.»
Kan hende var det oppgåveløysarar som gjekk over bekken etter vatn denne gongen, men kor som er, fekk me rett svar på oppgåve 1496 frå: Signar Myrvang, Gunn Bull-Berg, Ragnhild Eggen, Laurits Killingbergtrø, Skeisebibliotekaren i LASK, Eli Winjum, Ingebjørg Sogge, Inger Anne Hammervoll, Nils Farstad, Eli Hegna, Gunder Runde, Petter Kristensen, Gunnar Bæra, Jorunn Røyset, Per Trygve Karstensen, Olav Holten, Vigdis Hegna Myrvang, Folke Kjelleberg, Eirik Holten, Jorun Systad, John Olav Johnsen, Kjell Helge Moe, Jan Alfred Sørensen, Turid Tirevold, Sjur Joakim Fretheim, Else Gjesdahl Sørensen, Kjersti Mjør, Inger Margrethe Berge, Torbjørg Langdal, Sissel Gunnarshaug, Dei Kvasse på Fana, Fritjof Lampe, Torleik Stegane, Pål Amdal, Gunnar Eide, Robert Øfsti, Kirsten Bakke, Hans M. Gautefall og Ole G. Evensen. Denne veka heiter bokvinnaren Gunnar Bæra.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.