JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Ein Gard

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4841
20240524
4841
20240524

Det skal ikkje vere enkelt å få stort førarkort i litteratur. Ifylgje gjeldande lov lyt du ha lese minst eit verk av alle nobelprisvinnarane i litteratur for å verte sertifisert. Kan hende finst det lesarar som finn trøyst i at også boklækjaren ferdast på litteraturvegen utan førarkort. Men eg kjem nærmare.

Medan det var pinstirøke over delar av landet til kvitsunn, sat boklækjaren i Nice med boka Jean Barois av nobelprisvinnaren Roger Martin du Gard. At forfattarskapen til Roger Martin har mista litt glans og farge med åra, er ikkje umogleg å forstå. Samstundes skal det nok vere nokre som blir forblinda av setningar som: «Et uimodstaaelig Udbrud af Lidenskab har rystet Paris’ natlige Hjerte.» No har du òg lese noko av du Gard.

På Cimetière du Monastère de Cimiez var det ikkje mykje utbrot av lidenskap å sjå. Der var det taust som i grava. Målaren Henri Matisse og Roger Martin du Gard kviler på same kyrkjegard, men medan Matisse hadde flust med nyleg utsprotne blomstrar, var det berre ein einsleg blomster i porselen på grava til du Gard. Me vonar helsingane frå lesarane og Klok-redaksjonen var til oppmuntring for Roger Martin.

Ein forfattar med høg kurs på noteringane i bokstova, er Paul Auster. Diverre gjekk han bort 30. april, og det var med vemodsfull takksemd me valde ei bok av Auster som løysing denne gongen. Inge Strand skriv: «Denne veka var du vrien… Det er mange fransktalande nobelprisvinnarar i den aktuelle perioden så det er ikkje lett å ringe inn alderen på forfattaren, og så mange andre eksakte opplysningar var det ikkje. At bestefaren var fødd i eit europeisk land, indikerer at forfattaren bur utanfor Europa og er av innvandrarslekt. Det er nærliggande å tenkje på Sambandsstatane… Eg saumfor ’Årets bøker 1998’ for å sjå etter titlar som kunne hjelpe meg vidare. Utan hell. Dei eg fann interessante, var ikkje skrivne av ein forfattar som var fødd i eit år med fransk… Eg var nær ved å gje opp, men tenkte det kunne vere ein idé å søkje mellom amerikanske romanar frå 1982. Der dukka det opp ei memoarbok av Paul Auster, The Invention of Solitude, som verka lovande, Auster var fødd i 1947, og då var det ein fransk nobelprisvinnar, og boka vart utgjeven i Noreg i 1998 under tittelen Ensomhetens grunn. Resten er historie. Bestefaren til Auster heitte Harry Auster og var fødd i Austerrike.»

Per Trygve Karstensen skriv: «Bøkene til nylig avdøde Auster har gitt meg mye glede.»

Eirik Holten skriv: «Hustveit er ein liten veglaus gard mellom Voss og Vinje på Vossestrand. Det var nok ikkje lett å livberga seg der, så Ivar Hustvedt drog, som så mange andre, til Amerika. Sonen Lars, gift med Mathilde Anette Underdahl (veglaust der òg på den tida), var far til Lloyd Hustvedt, som vart professor i skandinavisk litteratur ved St. Olaf College. Lloyd Hustvedt var òg norsk gift. Ekteparet fekk fire døtrer, mellom dei Siri. Her er det oppgåveforfattaren kjem inn: Siri vart gift med Paul Auster. Han døydde for snaue tre veker sidan, og det er kanskje ein av grunnane til at oppgåva denne gongen er sjølvbiografien The Invention of Solitude. Bestefar til forteljaren var frå Austerrike. Det er vel difor dei heiter Auster?»

Det var Knut Ofstad som stod for omsetjinga av løysingsboka. Desse stod for å sende inn rett svar på oppgåve 1626: John Olav Johnsen, Eli Winjum, Signar Myrvang, Per Trygve Karstensen, Nils Farstad, Peter Larsen, Fritjof Lampe, Ingebjørg Sogge, Laurits Killingbergtrø, Ragnhild Eggen, Gunnar Bæra, Ole Husby, Eli Hegna, Inge Strand, Paul Henrik Hage, Inger Anne Hammervoll, Ole G. Evensen, Lise Haaland, Skeisebibliotekaren i LASK, Olav Holten, Jan Alfred Sørensen, Else Gjesdahl Sørensen, Audun Gjengedal, Torleik Stegane, Inger Merete, Kirsti og Grete, Bjørn Myrvang, Vigdis Hegna Myrvang, Sigrun Gjengedal Ruud, Reidar Birkeland, Erik Steineger, Kjell Helge Moe, Marta Kløve Juuhl, Nina Korbu, Irene og Tore på Tranby, Eirik Holten, Jorunn Øxnevad Lie, Robert Øfsti og Gunnar Eide. Denne veka vart Per Trygve Karstensen uttrekt som bokvinnar. Gratulerer!

Klok på bok 1628

Akkurat når det man trenger er en ryddig oppsummering, får man et hastig, vanvittig glimt av noe, som fra en berg-og-dal-bane. Og så sitter man der etterpå og har festet seg ved feil idé, for det må da være feil. At en som er død kanskje lever likevel og bor i Jakarta.

Sitatet er frå s. 102 i boklækjarutgåva (2000). På originalspråket kom boka ut i 1998. Me skal fram til ei novellesamling av ein nobel forfattar som var fødd i eit år då Nobelprisen i litteratur gjekk til ein skandinavisk forfattar. I novella sitatet er henta ifrå, får me høyre om ei svigermor som spelte piano, og før eg godkjenner svaret, vil eg vete namnet på denne dama. Send namn på pianospelande svigermor, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 1. juni.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis