JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Edel Stein

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4905
20220819
4905
20220819

Det er seinsommar, og kan hende finst det folk i lesarkrinsen som trur at no er det berre gråt og illelåt i bokstova. Slik er det heldigvis ikkje. Stemninga er lettlyndt, og framleis er det sommarkjole eller shorts, sandalar eller berrføtt, som er kodane når Klok-redaksjonen dressar seg opp til arbeid.

Tidlegare har eg vore innom at seinsommar er eit diffust omgrep. For å få orden i sysakene, og slik at ein ikkje treng ta det opp att meir, arrangerte eg ei avrøysting om dette ein kveld eg var aleine på kontoret. Det viste seg at alle med røysterett ville at seinsommaren i år skulle vare til haustjamdøger, altså fredag 23. september. Så fekk me det på plass.

Det var mange som fann fram til fasiten denne gongen. Boklækjaren seier seg samd med Synnøve Kåset, som gjer merksam på at svaret på tilleggsspørsmålet «ikkje må røpast for den som ikkje har lese bokji». Eg har difor ikkje tatt med den delen av oppgåva når me no skal sjå på nokre av svara me fekk på Kpb-1540.

Norunn Askeland skriv: «Der hadde eg flaks. Dette sitatet kjende eg igjen med det same. I sommar hadde eg sett meg føre å lese romanen Fiskehuset av Stein Torleif Bjella. Eg er eigentleg ikkje interessert i fisking at eg vil lese ei heil bok om det, men heldigvis var det ikkje ei tjukk bok, og heldigvis handla ho om mykje meir enn fisking, men eg lærte no faktisk litt om fisking også. Både forteljaren Jon Aslesson Aal og forfattaren Stein Torleif Bjella er fleirsidige, på den måten at dei syslar med både skriving og musikk. I sitatet frå romanen fell det kloke ord om både identitet og kjærleik. Det skjer i samtale mellom forteljaren Jon og eigaren av fiskehuset, Ivar. Han av alle er frekk nok til å fortelje om kva som skal til for å lukkast i kjærleikslivet. Ja, ja. Ein kan prøve, den som vil: Ivar seier at ein må ta fullt ansvar for alt og innsjå at ein ikkje er den viktigaste. Ein må ta ansvar ikkje berre for hus og heim, men òg for stemning og tone i forholdet. Då får ein altså varme og eit godt og langt liv. Kloke ord som like gjerne kunne ha vore med i vigselritualet i kyrkja. Men kyrkja vil nok ikkje ta med siste del av sitatet, der det står at om du har gjort alt rett og ikkje får noko attende, er det ikkje verre enn at du får finne deg ei ny dame. Den sat, tenkjer eg. Ei fin bok om det å fiske og det å leve.»

Marte Myklebust skriv: «Denne tok eg på fyrste setning. Eg las nemleg akkurat denne passasjen høgt til mannen min på sengekanten ein kveld. Kvifor eg valde akkurat denne, skal eg ikkje spekulere vidare om! Ei særs god bok som eg hadde stor glede av å lese!»

Hilde Frigstad skriv: «Så kjekt at du trekker frem denne boka, den er utrolig bra!»

Astrid Wikstrøm skriv: «To karar, ein gamal og ein ung ved eit fjellvatn, i ei fiskehytte, i ein robåt. Ei heil veke saman. Ei stor og leseverdig forteljing med ein overraskande slutt.»

Roger Hestholm skriv: «Ei svært fin bok.»

Truleg hadde desse det som fisken i vatnet medan dei leita fram løysinga på oppgåve 1540: Signar Myrvang, Eli Winjum, John Olav Johnsen, Ragnhild Eggen, Laurits Killingbergtrø, Arne Thorvik, Linda Otneim, Ole Petter Jupskås, Erling Ove Flø, Inger Anne Hammervoll, Audhild Rygg, Ole Husby, Ole Jakob Totland, Roger Hestholm, Ingmar Lid, Gunder Runde, Kari Ingebjørg Todal, Ingebjørg Sogge, Jan Alfred Sørensen, Else Gjesdahl Sørensen, Kjell Helge Moe, Marit Vardehaug, Brita Lundeland, Norunn Askeland, Hilde Frigstad, Marte Myklebust, Reidar Birkeland, Petter Kristensen, Eli Hegna, Pål Amdal, Viggo Østebø, Per Trygve Karstensen, Gry Nesse, Knut Einar Johannessen, Yngve Skjæveland, Hallgeir Dale, Ingunn Bergem, Fritjof Lampe, Audun Gjengedal, Gunnar Eide, Nils Farstad, Astrid Wikstrøm, Egil Ask, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Lars Tarald Myrum, Marianne Hoff, Else Moen Rygg, Jorunn Brekke Fjeldheim, Synnøve Kåset, Folke Kjelleberg, Jarle Fanebust, Marta Kløve Juuhl, Gunnar Bæra, Sigrun Gjengedal Ruud, Jorunn Øxnevad Lie, Dei Kvasse på Fana, Tone Bjørnsen, Inger Margrethe Berge, Gudlaug Nedrelid, Aning og Dreis, Robert Øfsti, Aud Thue, Sjur Joakim Fretheim, Mari Vannes og Ole G. Evensen. I dag heiter bokvinnaren Tone Bjørnsen. Gratulerer!

Så til eit spørsmål frå Audun Gjengedal. Han skriv: «Kan ein kalla det ei oppleving at ein sit i ein god stol og berre les?» Svaret på spørsmålet er ja.

Klok på bok 1542

En gang sa faren min noe jegskulle ønske han aldri hadde sagt. Han sa: Hør her, mitt hjerte, du klarer deg, du er en som klarer seg, men du har en skyggesøster som er redd, som fordufter bare noen puster på henne. Hun trenger deg.

Sitatet er frå side 236 i ein roman som kom ut i 2021. Me skal fram til ein forfattar som er fødd i eit år då Nordisk råds litteraturpris gjekk til ein svensk forfattar. Løysingsforfattaren har òg motteke fine prisar og utmerkingar. Send namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 27. august.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Roque Rachel Salas Rivera er poet, omsetjar og redaktør, og ein av poetane i antologien.

Foto: Poetry Foundation

Meldingar

Ung amerikansk dikting på norsk

Felles for fleire i antologien er viljen til å trekkja moderne teknologi og media djupt inn i diktinga.

Kjetil Berthelsen

Abid Raja er advokat og Venstre- politikar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
EinarHaakaas

Det trugande utanforskapet

På sitt beste er Vår ære og vår frykt historia om ei integrering på retur og ei kraftig åtvaring om kva som kan skje som følgje av det.

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Fargerikt om tolsemd

Me får garantert høyra meir til komponisten Eilertsen.

Birger Emanuelsen har skrive både romanar, essay og sakprosa etter debuten i 2012.

Foto: Christopher Helberg

BokMeldingar
Odd W. Surén

Endringar til godt og vondt

Birger Emanuelsen skriv om folk slik at ein trur på det.

Johan Sverdrup feltsenter ved den offisielle opninga i 2020. Dette feltet vart oppdaga i 2010 og er det siste verkeleg store oljefunnet på norsk sokkel.

Foto: Carina Johansen / NTB

ØkonomiSamfunn

Ser ei slagside i direktoratet

Sokkeldirektoratet overdriv verdien av norsk
olje og gass, meiner universitetsrektor og petroleumsøkonom Klaus Mohn.

Per Anders Todal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis