Klok på bok
Dinosauren i rommet
Her i bokstova står det straks sommarferie på programmet. For faste lesarar som lurar på om boklækjaren skal til Liguria også i år, kan eg stadfeste koordinatane. Kvifor reparere noko som ikkje er øydelagt?
Sidan dette er siste Dag og Tid før ferien, har eg med ei overrasking til lesarar som treng lindring når abstinensane etter Klok på bok vert for overveldande. Sist veke hadde me stor suksess med seks-ord-novella til Hemingway, og denne gongen vil me ekspandere og ta med ei sju-ord-novelle. For at folk skal ha noko å gruble over medan boklækjaren badar, er namnet på forfattaren å rekne som ein sommarkviss. Det er heider og ein sjanse til bokpremie om du innan 29. juli sender meg namnet på forfattaren som skreiv:
Då han vakna, var dinosauren framleis der.
Så til Henry Valentine Miller, som er løysingsforfattar denne gongen. Diverre er forfattarskapen til Miller noko mange av oppgåveløysarane ikkje vil ta i med ei pølseklype. For å få fram at eg synest dette er urettvist, vil eg nemne at avisa The Guardian i 2015 hadde ei liste over dei 100 beste bøkene skrive på engelsk, frå aralds tid til i dag. Der kom Tropic of Cancer på plass nummer 59. Dessutan har nokolunde skriveføre folk som George Orwell og Samuel Beckett, omtalt Henry Miller i panegyriske ordelag. Gunder Runde skriv: «Stødige Dag og Tid slår seg verkeleg laus denne helga! Først har Kristin Fridtun i sin spalte strupleprat om raua, og så slår boklækjaren til med det som i min ungdom vart rekna som pornografi, nemleg Henry Miller si bok frå 1934, Krepsens vendekrets. Boka var forboden i England heilt fram til 1963, og i USA til 1961. Her i landet kom ho ut først i 1973.
Denne veka var det fort gjort å finne forfattaren, eg kom ikkje på nokon annan som var så tidleg ute med denne type bøker. Boka er ei slags blanding av roman, sjølvbiografi og frie assosiasjonar. Miller vart fødd i 1891, og døydde i 1980, det året Sara Lidman fekk Nordisk råds litteraturpris. Det er eit slit å lese Miller, med hans stadige tilbakevending til kvinnelege underliv og dei aktivitetar som er knytte til denne delen av menneskekroppen. Ein må vel seie at denne boka for lengst er gått ut på dato – hans omtale av kvinner av ulike slag er neppe gangbar i vår tid. Men på ein måte er han også nyskapande, med sitt brot med kva som ’passar seg’ i litterære krinsar. Han har ein stor produksjon i ulike litterære sjangrar, essay, filosofiske betraktningar osv, men likevel er det dei ’erotiske’ bøkene hans som har hatt innverknad på ettertida sitt syn på Miller, i tillegg til Krepsens vendekrets gjeld dette Tropic of Capricorn frå 1939 og trilogien Sexus, Plexus og Nexus (1949–1960).
Dei tyske komponistane dukkar først opp på s. 25. Bach (øvingar i 3. etasje) og Schumann, mishandla av ’pianisten’ Elsa (Schumann vert karakterisert som ’gjennomvåt germansk pappsekk full av klissen torskerogn’). På neste side finn eg Hugo Wolf, men han var dessverre frå Austerrike, så dermed måtte eg slite meg gjennom endå nokre sider Miller, før eg fann Brahms og Beethoven, til og med i same setning, og dermed kunne eg med godt samvit legge boka til sides – ho vert neppe teken fram att her i huset. I boklækjaren sitt univers er det kanskje formildande omstende at Miller sette Hamsun høgt? – for min del skal det nok meir til for å glede meg over han.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.