JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Delte meiningar

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4638
20240202
4638
20240202

Det kan verte litt nifst når det berre er éi meining om noko. Samstundes finst det folk som er så sikre i si sak at ulike eller motsette meiningar framstår som noko skummelt. Her i bokstova vert me ikkje urolege når me konstaterer delte meiningar, tvert imot, me set stor pris på at innsendarane vil dele meiningane sine med oss.

Eit døme på delte meiningar kunne vere løysingsboka denne gongen. Fleire innsendarar enn normalt var skeptiske, ikkje minst Inge Strand, som skriv: «Eg er i stor tvil om eg kjem til å følgje opp denne forfattarskapen ...» Eit lakonisk svar fekk me frå Nils Farstad. Han skriv: «Ikkje ein roman eg vil sette høgt på prioriteringslista.»

Me fekk ikkje svar på oppgåva frå Vidar Kvalshaug denne veka, men på nettstaden Bok365.no skreiv han om boka: «Dette burde leses av alle» og: «Forfatterblikket er skarpt. For en menneskekjenner hun er, for en menneskedikter.» Bokmeldar Hilde Vesaas i avisa du les no, skreiv mellom anna fylgjande om løysingsverket: «om Nordenhof greier å halde dette høge nivået, varslar Penger på lomma om eit nytt storverk i nordisk litteratur.»

Ja, det var Asta Olivia Nordenhof me skulle fram til i dag, og kan hende går ikkje Asta Olivia gråtande i seng sjølv om ikkje alle klokingane var begeistra for boka hennar. Trøyst kan ho jo finne i heimlandet Danmark. Der skreiv bokmeldar Mikkel Krause Frantzen i avisa Politiken: «Hvordan skriver man en socialrealistisk, politisk roman om kapitalisme i det 21. århundrede? Sådan skriver man den!» Eller ho kan finne oppmuntring i at ho fekk Per Olov Enquists pris og EUs litteraturpris 2020 for romanen. Og at ho vart nominert til Nordisk råds litteraturpris 2021 for boka.

Inger Anne Hammervoll skriv: «Vi har fin gamaldags vinter på Møre, men snøen har nok falle litt meir kontrollert her enn den tydelegvis har på Sør- og Austlandet. Gamle kjerringer som meg må ut og trimme med snøskuffa. Det er eit arbeid som gir eit resultat som visest, så det er i grunnen meiningsfylt. Å leite etter svar på oppgåva i bokhjørnet er også meiningsfullt. Alle vegar fører til Rom, og somme innsendarar verkar å ha skikkeleg system i etterforskinga si. Min ’metode’ er å flakke rundt på nettet i håp om å finne spor å følge. Somme gonger rotar eg meg heilt vekk, men bortkasta er ikkje det heller, eigentleg, for eg dumpar borti mange interessante bøker og forfattarar undervegs. Sonen heiter Flemming, forfattaren er Asta Olivia Nordenhof og tittelen på verket er Penger på lomma

Folke Kjelleberg skriv: «Sitatet er henta frå romanen Penger på lomma, utgjeven på Oktober i 2021 og omsett av Trude Marstein. Forfattar er danske Asta Olivia Nordenhof. Ho er fødd i København i 1988, same året som islandske Thor Vilhjalmsson vann Nordisk råds litteraturpris. Den mannlege hovudpersonen i romanen, Kurt, har tre born. Namnet på sonen er Flemming.»

Eli Hegna skriv: «Asta Olivia Nordenhof skriver følsomt og krast i første del av sin planlagte septologi med Scandinavian Star-ulykken som bakteppe. ’Penge er morderen’, har hun sagt om sitt prosjekt. 12 år skal det ta.»

Det var nok neppe med hendene i lomma at desse luringane leita fram løysinga på

oppgåve 1611: Eli Winjum, Signar Myrvang, Paul Henrik Hage, Ingenbørg Sogge, Vigdis Hegna Myrvang, Ole G. Evensen, Laurits Killingbergtrø, Nils Farstad, Bjørn Myrvang, Ole Husby, Inger Anne Hammervoll, Ragnhild Eggen, Fritjof Lampe, Eli Hegna, Jan Alfred Sørensen, Else Gjesdahl Sørensen, Skeisebibliotekaren i LASK, John Dag Hutchison, Reidar Birkeland, Folke Kjelleberg, Olav Holten, Ragna Barkve, Per Trygve Karstensen, Gunnar Bæra, Sigrun Gjengedal Ruud, Robert Øfsti, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Audun Gjengedal, Gunnar Eide, Eirik Holten, Lise Haaland, John Olav Johnsen, Inge Strand, Sissel Gunnarshaug og Torleik Stegane. Fyrste bokvinnar i februar heiter Paul Henrik Hage. Gratulerer!

Klok på bok 1613

Tomhjernede folk prater i vei, fordi de ikke har noe å si, og derfor regner de med at folk som ikke snakker om sine affærer, gjør dårlige affærer. Snart ble det til at den gamle, skikkelige forretningsmannen var en kjeltring. Damevennen var en gammel hankatt, rett og slett.

Sitatet er frå s. 24 i boklækjarutgåva (2001). Fyrste gong forteljinga kom ut som bok på originalspråket, var i 1835. Denne gongen skal me fram til ein forfattar som sa om seg sjølv at han ikkje var særleg djup, men at han var svært brei. Figuren forteljinga har fått namn etter, har to døtrer, og før eg godkjenner svaret, vil eg vete førenamna på desse to. Send namn på døtrer, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 10. februar.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis