JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Dans og dekadanse

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4973
20231020
4973
20231020

For Klok på bok-redaksjonen er haustkveldane framleis fylte av susing frå vind og Jon Fosse. Kan hende var det ein eller to som tidlegare trudde at Fosse fyrst og fremst var ein diktar frå og for Vestlandet. Etter tildelinga av den noble prisen lyt dei tru om att.

Som ein test tok boklækjaren med seg Trilogien på haustferie til Helgeland. Med sjutoms spikar kan eg slå fast at Fosse fungerer like fint nord i landet som han framover kjem til å gjere i store delar av verda. No og då dirrar det sjølvsagt ein bortgøymd tone mellom lesar og forfattar, slik er det med Jon Fosse. Men om ein som lesar er med på notane, finn ein fort tilbake til tonen. Dette veit eg kva er, uansett om du er i Brønnøysund eller i Bleikvasslia.

Det var dans og dekadanse i løysingsboka denne gongen. Laurits Killingbergtrø skriv: «Takk for ny bokgåte og nye tips og dermed ny nettleiting. Heller ikkje denne gongen fekk eg hjelp av Wikipedia med å finne boka på ‘litteraturåret 1925’. Eit anna tips var at forfattaren vår gjekk bort eit år da Nobelprisen ikkje vart delt ut. Da var dei første krigsåra straks aktuelle, så eg starta med 1940, og der står det nemnt sju som gjekk bort. Med saumfaring av desse kunne eg nokså greitt ringje inn F. Scott Fitzgerald som den mest aktuelle, og det med boka Den store Gatsby. O hoi, tenkte eg, den boka såg eg da i filmversjon sist søndag! Det gjorde eg på Det gode hjørne, eit seniorsenter i Oslo som har eit interessant program heile dagen og med god matservering for både fastbuande og oss gjester. Meir lykke: Boka fanst på nærbiblioteket mitt, så eg kunne berre låne ho og byrje å nikke attkjennande etter kvart som eg gav meg til å lese. Men eg tykte boka var rolegare enn filmen, for der var det mykje meir hurlumhei med song og festing, iallfall i starten. Men eg veit ikkje om eg gav god nok gaum på mannen med dei svære, blå augo da eg såg filmen. Det er vel han som er svaret på ekstraspørsmålet, og da blir namnet T.J. Eckleburg. Boka er fylt av spennande hendingar godt styrte av jeg-forteljaren Nick Carraway. Eg vil ikkje røpe korleis boka endar, men eg kan spele surpomp og trekkje ein gammaldags peikefingermoral utav ho: Ikkje legg an på gifte kvinner! Men i så fall hadde det kanskje ikkje vorte noka interessant bok.»

Skeisebibliotekaren i LASK skriv: «Fulgte vanlig fremgangsmåte i slike saker: nye bøker i 1925, norsk wiki, uten napp (elendig liste); svitsjet til engelsk wiki, hvor listen var mye lengre, hvorpå det var å ta til med det møysommelige arbeidet det er med slike lister, å sjalte ut dem som ikke passet inn, i dette tilfellet de som ikke døde i enten 1935 eller i krigsårene 1940–43, og deretter se nærmere på bøkene til dem som passet inn: Sherwood Anderson? Niks. Alexander Belyaev? Nope. Lynn Brock? Næh. Mikhail Bulgakov? Pøh. Og så videre, helt til jeg var kommet til Francis Scott Key Fitzgerald og hans The Great Gatsby; dette var nemlig første treff som også matchet med en norsk 1984-utgave av Den store Gatsby i Nasjonalbibliotekets eminente nettbibliotek, og på side 104 fant jeg kysset.»

John Dag Hutchison skriv: «Godt å lese denne igjen.»

Desse dansa seg gjennom dekadansen og tok trinna som skulle til for å finne rett svar på oppgåve 1597: Signar Myrvang, Eli Winjum, Paul Henrik Hage, Vigdis Hegna Myrvang, Eli Hegna, Jon Grepstad, Ragnhild Eggen, John Dag Hutchison, Skeisebibliotekaren i LASK, Fritjof Lampe, Jorunn Øxnevad Lie, Inger Anne Hammervoll, Lise Haaland, Bjørn Myrvang, Ingebjørg Sogge, Gunder Runde, Nils Farstad, Erik Aamlid, Laurits Killingbergtrø, Ole G. Evensen, Bjørn O. Bjørnsen, Thana Rongen, Gunnar Bæra, Reidar Birkeland, Torleif Bertelsen, Inge Strand, Ragna Barkve, Marit Skytterholm, Liv Sundheim, Sissel Gunnarshaug, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Folke Kjelleberg, Brita Lundeland, Jorunn Røyset, Nina Korbu, John Olav Johnsen, Audun Gjengedal, Olav Holten, Jan Alfred Sørensen, Kjell Helge Moe, Anne Berit Skaarer, Marta Kløve Juuhl, Per Trygve Karstensen, Sigrun Gjengedal Ruud, Eirik Holten, Ole Husby, Eiliv Olsen, Gunnar Eide, Jorun Systad, Torleik Stegane, Robert Øfsti og Inger Margrethe Berge. I dag heiter bokvinnaren Marit Skytterholm. Gratulerer!

Klok på bok 1599

Jeg følte meg ensom uten henne, men det at jeg overhodet kunne føle meg ensom, var en trøst. Ensomhet var ingen dum følelse. Det var som stillheten i sumpeiken etter at småfuglene var fløyet sin vei.

Sitatet er frå s. 280 i boklækjarutgåva (2004). På originalspråket kom boka ut fyrste gong i 1982. Me skal fram til ein forfattar som er fødd i eit år då Nobelprisen i litteratur gjekk til ein forfattar som skreiv på engelsk. I boka får me høyre om eit hotell som har namn etter ein episode i ein kjend roman, og før eg godkjenner svaret, vil eg vete kva for roman dette er. Send tittel på romanen som ligg til grunn for namnet på eit hotell i løysingsverket, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 28. oktober.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis