Klok på bok

Comme il Knut

Publisert

Vendinga comme il faut er ei fransk forvansking av det gode, norske uttrykket høveleg. Diverre vil nokre også nytte seiinga som ein snarveg til å snakke om kva som er sømeleg, gjerne med ei heilag overtyding om at just dei har nykelen til kva som sømer seg.

I romanen Under høststjærnen av Knut Hamsun får figuren Falkenberg høyre at det vert sagt at han er «slem til at drikke». Responsen frå Falkenberg er eit døme på det me her i bokstova kallar comme il Knut, nemleg: «Javisst drikker jeg. Det er saa kjedelig bare at spise.»

Gunder Runde fann fram til fasiten på oppgåve 1512. Han skriv: «Så vart det framhald av dei siste åras juletradisjon: Hamsun-gåtene. Også i år var det nokre nøtter som kravde finlesing, sjølv der eg trudde eg visste svaret.

1. Sorenskrivaren i Men livet lever har ein fullmektig frå Trøndelag.

2. Det er i På gjengrodde stier Hamsun skildrar det frekke tjuveriet av bokpakken med hundrekroning i som skulle vore send til fru Ida Vogt, som utloddingsgevinst i Røde Kors.

3. Den finske baronen i Pan kom frå Spitsbergen før han hamna på Sirilund.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement