Løysingsforfattaren denne gongen er ikkje fødd i går. Ho kan nemleg feire fødselsdag i dag, og Klok-redaksjonen vil varmt gratulere Sumaya Jirde Ali med 25-årsdagen.
Utmerkingane som er tildelte Ali, utgjer etter kvart ei lang liste. I 2017 vart ho kåra til «Årets bodøværing», og i 2018 fekk ho Natt&Dag-prisen «Årets stemme». Dessutan har ho mellom anna motteke Zola-prisen, Ord i grenseland-prisen, Den norske Forfatterforenings ytringsfrihetspris og Amalie Skram-prisen.
I sakprosaboka Ikkje ver redd sånne som meg skriv Sumaya Jirde Ali om ei oppleving ho hadde som sjuåring i Noreg: «Den dag i dag hugsar eg kor forvirra eg var første gong eg såg snø. Vi var i klasserommet. Utanfor dalte det kvite flekker som la seg oppå kvarandre. Eg gjekk mot vindauget, forskrekka, men samtidig fascinert. Eg spurde ein somalisk kompis om kva det kvite var. Det er snø, sa han med eit smil. Dei kvite, dalande flekkene var noko sjølvsagt for han.»
Me skulle til Bodø for å finne dagens løysing. Dit kom Skeisebibliotekaren i LASK, og han skriv: «Ikke mange holdepunkter denne gang, nei. Får gå rett på egen samling først. Aller først bokkarusellen med utvalg av den nyeste lyrikken vi har i dette bitte lille biblioteket. Trodde det var bingo med det samme – Ketil Bjørnstads Båt på fjorden var boken jeg hadde i hendene, inndelt i tre bolker! Så var det ikke den – ble nesten litt paff. Den ene efter den andre ble så veiet og funnet for lett – flere av dem avsluttet før side 75! Men ikke den helt nederst der, den har tykkelsen, tyngden – er den fra 2021? Ja… Når jeg ser havet, slokner lyset av – Sumaya Jirde Ali. Selvfølgelig – Medikus Libri vet å være aktuell! Selvsikkert slo jeg opp på side 75, og om mulig ble ansiktsuttrykket enda mer overlegent med sin hva sa jeg-mine, da jeg så sitatet lyse mot meg. Del 3 har den enkle tittelen ‘Bodø’, etter han i Stompa.»
Jorunn Kleppe skriv: «Tysdag, einaste dagen biblioteket på Skei har ope, fann ikkje bibliotekaren boka på ’nettet’. Men boka kunne koma torsdag, og som avtalt fekk eg SMS, som stadfesta at denne veka er løysingsboka: Når jeg ser havet, slokner lyset av Sumaya Jirde Ali. Bibliotekaren er stundom på jobb utanom opningstida, heldigvis. For nokre år sidan skreiv ein innsendar her i spalta at bibliotekarar måtte vera den mest tenestevillige og hjelpsame yrkesgruppa han visste om. Eg hadde den avisa med på ei lesestund på ’gamlebiblioteket’ og las det høgt. Takk for hjelpa, gode nye bibliotekar, Reidun.»
Laurits Killingbergtrø skriv: «Takk igjen, Medikus, for ei ny utfordrande oppgåve. Tipsa var få, men til så bra hjelp at eg fann fram. Men eg fekk litt tramping fram og tilbake mellom bibliotek og bokhandlarar før eg fekk boka i eigne hender og kunne sjekke sitatet og løyse tilleggsspørsmålet. Og boka er Når jeg ser havet, slokner lyset av Sumaya Jirde Ali, fødd i 1997, det året italienske Dario Fo vann Nobelprisen i litteratur. I boka av Sumaya har tredje og siste delen tittelen ‘Bodø’, med nokre glimt (med liten g) frå denne byen.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.