JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Bod frå Brecht

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4689
20230512
4689
20230512

No er det ei god stund sidan sist boklækjaren kunne levere referat frå litterær kyrkjegardsvitjing, eller gravsafari, som det heiter her i bokstova. For å ikkje skuffe lesarar som medvite eller umedvite har sakna rapportar frå kyrkjegardar, tok eg turen til Berlin for å seie takk for alt til Bertolt Brecht.

Det var solskinsvêr i den tyske hovudstaden då eg fann fram til Dorotheenstädtischer Friedhof og gravsteinen til Brecht. Kan hende var det varmen som syrgde for at samtalen mellom Bertolt og boklækjaren flaut så fint. No, vel, samtalen er nok å ta i, eg mumla noko om «Vielen Dank», medan det frå diktaren og dramatikaren var stilt som i grava.

Det kan ha vore innbilt, men eg oppfatta det slik som at Bertolt Brecht ville at eg skulle ta med ei helsing og eit bod heim til lesarane. Bodet er frå Tolvskillingsoperaen, og det er Halldis Moren Vesaas som står bak gjendiktinga: «For vondskapen i verda er stor, og ein må springe beina av seg om dei ikkje skal bli stolne frå ein.»

Med beina intakte spring me vidare til løysinga me skulle fram til i dag. Gunder Runde skriv: «I lang tid har eg gått og venta på at boklækjaren skulle heidre Dag og Tids trufaste medarbeidar Andrej Kurkov med å gi han plass i den eksklusive spalta Klok på bok. Endeleg: I dag var det hans tur! Sist sundag fylte han 62 år, så dette kan me kanskje sjå på som ei litt forseinka fødselsdagsgåve. Kurkov er ukrainsk, og ein svært kjend forfattar i heimlandet. Romanen Døden og pingvinen, som utdraget i dagens avis er henta frå, var gjennombrotet hans som forfattar, omsett til norsk allereie i 2006, men han vekte ikkje spesiell oppsikt her heime den gongen. No er Kurkov særs aktuell også her i landet, boka Dagbok frå ein invasjon er nyleg utgitt på norsk, ho er samansett av ulike tekstar frå fleire utanlandske aviser og handlar om krigen i Ukraina. Nyleg kom også romanen Grå bier frå 2018 ut på norsk. Kurkov er russiskspråkleg, men har heilt frå 2013 tatt avstand frå den russiske aggresjonen mot Ukraina. Han har vore president i den ukrainske avdelinga av PEN. Sjølv om han tidlegare har vore litt omdiskutert i heimlandet fordi han har russisk opphav, har han under krigen tatt så sterk avstand frå Russland at han no er fullt og heilt akseptert som ’ekte’ ukrainar. Og så var det det utkantdiskriminerande tilleggsspørsmålet. Ulstein bibliotek har ikkje boka, ho er heller ikkje tilgjengeleg på BookBites, og Nasjonalbiblioteket vernar sine skattar med hard hand. Då er det berre éin utveg att: Norli bokhandel. Eg snik meg inn i hylleområdet rundt K, finn boka der og snusar meg fort fram til løysinga (blar bakanfrå, etter nødvendig tips frå redaktøren). Spelelokalet det er snakk om, er kasinoet ’Johnny’.»

Eli Hegna skriv: «Andrej Kurkovs Døden og pingvinen er en ukrainsk klassiker. På samme tid trist, satirisk og full av surrealistiske elementer og svart humor.»

John Dag Hutchison skriv: «Takk for at du fekk meg til å lese denne herlege boka!»

Fuglane må vite korleis desse klokingane leita seg fram til pingvinen og rett svar på oppgåve 1576: Eli Winjum, Ragnhild Eggen, Bjørn O. Bjørnsen, Signar Myrvang, John Olav Johnsen, Gunder Runde, Skeisebibliotekaren i LASK, Vigdis Hegna Myrvang, Ingebjørg Sogge, Laurits Killingbergtrø, Eirik Holten, Ole Husby, Jorunn Øxnevad Lie, Bjørn Myrvang, Olav Holten, Lise Haaland, Magnhild Reisæter, Audun Gjengedal, Torhild Bru, Fritjof Lampe, Jan Alfred Sørensen, Else Gjesdahl Sørensen, Eli Hegna, Per Trygve Karstensen, Folke Kjelleberg, Jorunn Røyset, Sissel Gunnarshaug, Kjell Helge Moe, Ingeborg Helvik, John Dag Hutchison, Turid Tirevold, Geir Nævdal, Gunnar Bæra, Knut Einar Johannessen, Sigrun Gjengedal Ruud, Dei Kvasse på Fana, Inger Margrethe Berge, Inger Anne Hammervoll, Inge Strand, Gunnar Eide, Nils Farstad, Torleik Stegane, Rolv Stølen og Ole G. Evensen.

Bokvinnaren denne gongen heiter Ingeborg Helvik. Gratulerer!

Klok på bok 1578

Finheten hennes gjorde meg liksom finere i målet. Hun hadde en ganske bestemt måte å ta kantene av oss på, så vi umerkelig forandret oss i hennes nærhet og slappet av, så setningene våre ikke alltid kom baskende ut av munnen som kjempemessige, skabbete fugler som ikke hadde ei grein å sette seg på.

Sitatet er frå side 99 i boklækjarutgåva (1979). På originalspråket kom boka ut i 1958. Me skal fram til ein nordisk forfattar som var fødd i eit år då Nobelprisen i litteratur gjekk til ein nordisk forfattar. Ei forførarisk kvinne speler ei lagnadstung rolle i romanen, og før eg godkjenner svaret, vil eg vete etternamnet på denne dama. Send etternamn på femme fatale, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 20. mai.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis