JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Bannskap

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5017
20231201
5017
20231201

Dei faste lesarane av spalta du les no, veit at i bokstova har me fleire slett skjulte agendaer. Det er ikkje berre bokgåta, altså sjølve oppgåva, som står på spel her i bokhjørnet. Det er meir. Eitt av ynskemåla er at du skal finne noko anna enn det du leita etter. Hos oss er det nemleg ikkje sikkert at du finn det du leita etter, men du finn det du ikkje ville funne, om du ikkje hadde leita etter det du ikkje fann.

Som folk flest vil me gjerne bestemme. Det gjer me gjennom å tvinge oppgåveløysarane til å lese bøker me meiner held mål. Utover at det kvar veke er eit kvalitetssikra lesetips i spalta, vert ein òg klokare på ting og tang, mest ting, som ikkje nødvendigvis har med forfattarskapen til løysingsforfattaren å gjere. Til dømes nobelprisvinnarar i litteratur.

Her om dagen kom eg i snakk med ein besserwisser som påstod at Mikhail Sjolokhov fekk den noble prisen av di Boris Pasternak avslo å motta heideren frå Svenska Akademien. Sidan eg les kva eg skriv, visste eg at han snakka tullball. At Pasternak vart nobel i 1958, og at Sjolokhov fyrst fekk prisen i 1965, er ei kjensgjerning som alle dei faste oppgåveløysarane garantert har fått med seg. I alle fall no.

Så til svaret me skulle fram til denne veka. Gunder Runde skriv: «Min første reaksjon då eg bladde opp på Kpb-sida: endå ein av desse evinnelege nobelprisvinnarane! No gir eg opp! Men etter å ha løyst kryssordoppgåva og arbeidd meg gjennom quizen og hintspalta, var det framleis som om noko mangla i fredagskosen. Så dermed kikka eg ein gong til på Kpb-oppgåva, og fann ut at eg nok hadde to spor å gå etter: 1) roman utgitt i inneverande år, og 2) med tittel som er utenkjeleg på sundagsskulen. No er det slik med meg at eg gøymer på Bokmagasinet i Klassekampen inntil KK-lageret er fullt, så dermed tok eg føre meg dei siste nummera, starta frå sist laurdag og arbeidde meg bakover i tid, medan eg såg etter boktitlar med bannskap i. Og i laurdagsavisa frå 19. august var det bokmelding om Faen, faen, faen av Linn Strømsborg, ein forfattar som har gått under radaren min. Og ho vart fødd i 1986, det året Wole Soyinka frå Nigeria fekk nobelprisen. Og heldigvis fann eg boka i BookBites-samlinga. Tanken min var å skumme meg fram til den dokteren som hovudpersonen snakkar med i telefonen. Denne gongen starta eg på side 1, og vart straks gripen av den fantastiske skildringa av krava til jentebarn/ungjenter/vaksne kvinner i kapittel 2. Og dermed var eg seld! Ei medrivande bok, med intense skildringar av Britt og hennar ustanselege sinne, og med ein komposisjon som opnar opp også for andre personar sitt syn på henne. No skal eg lese meir av Strømsborg: Aldri, aldri, aldri har eg reservert på BookBites. Dokteren heiter dr. Jacobsen og spelar ei viss rolle når det gjeld hovudpersonens byrjande innsikt i seg sjølv. Linn Strømsborg er ei uventa glede!»

Med «fandenivoldsk» helsing skriv Eli Hegna: «Mye har skjedd på ‘kvinnefronten’ siden Ebba Hafslund i 1975 utga Bare et lite sammenbrudd. Jeg fikk en assosiasjon til den romanen da jeg fant svaret på ukas oppgave – Faen, faen, faen av Linn Strømsborg. De dreier seg begge om kvinners liv og deres verdier. Det har skjedd mye på 50 år – i våre dager er det gudskjelov tillatt for kvinner å bli skikkelig forbanna. Befriende!»

Med eller utan bannskap kom desse klokingane fram til rett svar på oppgåve 1603: John Olav Johnsen, Signar Myrvang, Paul Henrik Hage, Ingebjørg Sogge, Ragnhild Eggen, Vigdis Hegna Myrvang, Bjørn Myrvang, Jorunn Øxnevad Lie, Gunder Runde, Ole Husby, Inger Anne Hammervoll, Ragna Barkve, Jan Alfred Sørensen, Reidar Birkeland, Else Gjesdahl Sørensen, Laurits Killingbergtrø, Erik Steineger, Eli Hegna, Eirik Holten, John Dag Hutchison, Skeisebibliotekaren i LASK, Lise Haaland, Olav Holten, Fritjof Lampe, Per Trygve Karstensen, Folke Kjelleberg, Bjørn O. Bjørnsen, Nils Farstad, Synnøve Kåset, Gunnar Eide, Inge Strand, Robert Øfsti, Gunnar Bæra, Sølvi Stokkeland, Kjell Helge Moe, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Magnhild Reisæter, Olav B. Larsen, Øystein Stokland, Turid Tirevold, Torleik Stegane og Ole G. Evensen. Denne veka heiter bokvinnaren Kjell Helge Moe. Gratulerer!

Klok på bok 1605

Det var så vidt jeg merket vinden nå. Den strøk meg fjærlett og dunet omkring kinnene. Månelyset lå kjølig som to koppermynter på øyenlokkene mine. Det var godt å sitte slik mens vinden streifet meg og fjærene falt og falt. Slik ville jeg sitte.

Sitatet er frå s. 82 i boklækjarutgåva (2000). Me skal fram til ei novellesamling som kom ut fyrste gong i 1997. Forfattaren var fødd i eit år då Nobelprisen i litteratur gjekk til ein kvinneleg forfattar, og døydde i eit år då same prisen gjekk til ein nordisk forfattar. Sitatet er frå tittelnovella, og der opptrer det ein hund med eit namn som er samanfallande med tittelen på ein kjend norsk roman. Før eg godkjenner svaret, vil eg vete namnet på denne hunden. Send namn på hund, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 9. desember.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis