Klok på bok

Åndeleg føde

Publisert Sist oppdatert

Det har vore bursdagsselskap for boklækjaren her i bokstova, og framleis er me i full gang med å rydde opp etter eit festleg samkome. I byrjinga var det munter og gemyttleg stemning. Alt gjekk pynteleg for seg, til det var tid for å spele kort.

Når det kjem til kortspel, er konkurranseånda sterk i Klok-redaksjonen. Dessutan er det umogleg å bortforklare at me er ein gjeng som er samansett av dårlege taparar og enda dårlegare vinnarar. Ikkje minst vert dette tydeleg når det kjem til eit så djupsindig spel som amerikanar. Frå relativt uskuldige triks, som å kike i korta til motspelarane, plar det raskt eskalere til meir eller mindre raffinert juks og dimed temperaturstiging kring kortbordet. Denne gongen kom me ikkje lenger enn til tredje spelet før me gjekk over frå amerikanar til «toogfemti plukk opp». I år etterlyser me kløverknekt og ruterkonge. Ta kontakt med bladstova om du kjem over dei to villfarne.

Så til løysinga i dag. Gunder Runde skriv: «Eg er på jakt etter ein utanlandsk lyrikar fødd i 1988, utgitt i nynorsk utgåve i 2020. Startar med den gilde nyskapinga i norsk forlagssoge, Skald, dessverre utan resultat. Går då vidare til tradisjonsrike Samlaget, der fekk eg treff nesten med ein gong: boka er Eg lærer mor mi å føde, av Warshan Shire. Ho vart fødd i Kenya og har somaliske foreldre. Ifølgje omtalen av boka er ho ’ein hyllest til familien, som må flykte frå heimlandet’. Kvinnekroppen er eit viktig motiv i diktsamlinga, saman med vald (i og utanfor heimen). Boka er omsett til mange språk og har fått god mottaking overalt. Ho er gjendikta til norsk av duoen Camara Lundestad Joof og Kristine Leganger Iversen. Så var det spørsmålet: kva er etternamnet til Miriam? Jau, det er sjølvaste Miriam Makeba (1932–2008), også kalla ’Mama Africa’, sørafrikansk songstjerne, kjend ikkje berre for sin karriere som songar, men nesten like mykje for sin livslange kamp mot apartheidregimet i heimlandet. Eg måtte bort i LP-samlinga mi og blåse støvet av plata Makeba sings og fekk dermed avslutte sundagen i ei nostalgisk, god sinnsstemning.»

Marta Kløve Juuhl skriv: «Du har ei eiga evne til å finna sære og interessante diktbøker. Denne gongen gjeld det boka Eg lærer mor mi å føde av den unge forfattaren Warsan Shire. Ho har røter i både Kenya og Somalia. Men ettersom eg har oppfatta, bur ho i Storbritannia i dag. Elles fabulerer du rundt sumarsolkverv og skriv at ein ikkje kan gjera noko med himmellekamane. Då vil eg råda deg til å lesa Hans Sande sitt dikt «Kunsten å fikse stjerner»:

Ho klaga seint og tidleg

for i stjernene stod skrive

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement