Alfa og omega
Her i bokstova vonar me at lesarane kom gjennom jula og inn i det nye året utan altfor mange sår på sinn og skinn. Framfor oss er det no ein kalender som rein og ubrukt står, med blanke ark og fargestiftar til. Forhåpentleg vert det bruk for alle fargestiftane i 2025. Mot slutten av førre året var det ikkje mykje att av den svarte stiften.
Som ein sørvis til dei av dykk som ikkje rakk å lese alle bøkene eg tok med, og dimed tilrådde, i 2024, har eg laga ein årskavalkade over dei beste bøkene eg las i fjor. Dei tre på toppen var: Kerstin Ekman med Løpe ulv, Frode Grytten med Den dagen Nils Vik døde, heilt øvst tronar J.M. Coetzee med Polakken. Om du ikkje har lese desse tre, kan du gjere deg sjølv ei tenest med å lese dei. Det fortener du.
No er det alfa og omega å få presentert løysinga me skulle fram til denne gongen. Robert Øfsti skriv: «I line ni i dikt 10, eller i del 10, om du vil, av diktet, eller diktsamlinga, Alfabet, om du vil, konstaterer Inger Christensen at ’Jotunheim og Jura finnes’. Det meste som finst i dikt 10 byrjar med j, den tiande bokstaven i alfabetet. Dikt 1 har ei line, der aprikostrærne finst, dikt 2 har to liner, og då må dikt 10 ha 89. Inger Christensen har nytta Fibonacci-talrekka, der kvart tal er summen av dei to føregåande, for å strukturere verket. Ho gav seg etter n og 610 liner. Kanskje 987 liner med o var meir enn ho orka. Og i alle fall 121.391 liner med x. Eller at n betyr noko særskilt i matematikken. Men det gjer x også. Ikkje veit eg. I geometrien blir Fibonacci-tala ein vakker spiral, det veit eg, for det har eg teikna. Du finn han att i furukongler, ananas og konkyliar. Ein formel for vekst i naturen. Og dess lenger ut i talrekka du kjem, dess nærare kjem brøken med to nabotal talet for det gylne snitt, ca. 1,61.»
Skeisebibliotekaren i LASK skriv: «Noen ganger, ikke ofte, men som i dag, tar man ting, som for eksempel løsningen på en oppgave, la oss si Klok på bok, på strak arm – uten betenkning, og da kan man, som i dag, i glede nærmest rope ut svaret, som tilfellet var nettopp i dag: INGER CHRISTENSEN! ALFABET!! Umiskjennelig, umiskjennelig, for den har man da lest, både på norsk og dansk, og der, inne i den relativt tynne boken, relativt da den, boken, i form av å være en diktsamling, vel er på det jevne, sidemessig, men der, på side 19 i den norske 2016-utgaven finnes JOTUNHEIM.»
Jan Erik Røed skriv: «En fantastisk lek med ord.»
Cathrine Tumanjan Mortensen skriv: «Verket er det aller vakreste jeg har lest.»
Ingerid Skarstein skriv: «Et veldig flott og sterkt dikt.»
I dag har eg godkjent både Jotunheimen og Spitsbergen som svar på tilleggsspørsmålet. Begge finst. Løysingsboka var omsett og gjendikta av Liv Lundberg.
Utan å ordne namna alfabetisk kan me kunngjere at desse klokingane kom fram til rett svar på oppgåve 1655: Ivar Amdal, Signar Myrvang, Paul Henrik Hage, Eli Winjum, Ingerid Skarstein, Fritjof Lampe, Ingebjørg Sogge, Jorunn Øxnevad Lie, Skeisebibliotekaren i LASK, Brage Egil Herlofsen, Ragnhild Eggen, Eli Hegna, Inger Anne Hammervoll, John Dag Hutchison, Lise Haaland, Laurits Killingbergtrø, Anders Aschim, Ole Husby, Nils Farstad, Fru Castenheim og Fru Kongsdal, Synnøve Kåset, Mette Maltau, Frode Torvund, Tiril Bonnevie, Viggo Østebø, Jan Alfred Sørensen, Gunder Runde, Robert Øfsti, Sissel Gunnarshaug, Audun Gjengedal, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Inger Merete, Kirsti og Grete, Anne Berit Skaarer, Kjell Brøndbo, Jorunn Røyset, Solrun Haukedalen, Sigrun Gjengedal Ruud, Gunnar Eide, Olav Holten, Eirik Holten, Thana Rongen, Kjell Helge Moe, Jan Erik Røed, Bjørn Myrvang, Per Trygve Karstensen, Cathrine Tumanjan Mortensen, Kristine Fluge, Vigdis Hegna Myrvang, Inger Margrethe Berge, Magnhild Reisæter, Reidar Birkeland, Trond Harkjerr, Olav B. Larsen, Ingrid S. Langvik, Jorunn Kleppe, Nina Korbu, Cathrine Bore, Torleik Stegane, Jarle Fanebust, Terje Solbakk, Irene og Tore på Tranby og Ole G. Evensen. Fyrste bokvinnar i 2025 er frå Leksvik og han heiter Laurits Killingbergtrø. Gratulerer!
Klok på bok 1657
Det hender Gudeligheten
slår meg som noe heroisk
Det kryr av folk
Bodø vant cupfinalen
Så mye folk, fulle fans
Føttene deres snubler i hverandre
Sitatet er eit klipp frå eit dikt og finst på side 55 i ein antologi som kom ut i 1994. På originalspråket vart diktet skrive i oktober 1993. Me skal fram til ein forfattar som var fødd i eit år då Nobelprisen i litteratur gjekk til ein italiensk forfattar. Tittelen på diktet sitatet er henta ifrå, inneheld namnet på ein norsk diktar, og før eg godkjenner svaret, vil eg vete mellomnamnet på denne karen. Send inn mellomnamn på norsk diktar, namn på forfattar og tittel på antologi til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 11. januar.
Medikus Libri
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.