Klok på bok

Å seie det med blomar

Publisert

Når ord vert fattige, kan ei løysing vere å seie det ein vil seie, med blomar. Dette er eit gamalt knep som mang ein mann har nytta opp gjennom tidene. Her i bokstova har me hatt ein lang snakk om dette i lunsjen. Det vart peika på at sjølv om samfunnet på mange område har oppnådd jamstilling mellom kvinner og menn, er det framleis sjeldsynt at kona kjem heim med blomar til ektemaken.

Kan hende er det ikkje så om å gjere å få til ei endring med omsyn til dette. Dei maskuline representantane i Klok-redaksjonen var i alle fall samstemde om at menn føretrekkjer å få kva som helst, gjerne vin eller verktøy, i staden for ein bukett med tulipanar. Er mannfolka i bokstova holebuarar? Køyr debatt!

Eit døme på ein mann som ei stutt stund sette stor pris på farga kronblad, var den kinesiske kommunisten Mao Zedong. Han hadde ein botanisk periode der han ville sjå, ikkje berre éin, men hundre blomar bløme. Så visna interessa.

Ein favoritt blant utsegner om blomar er eit slagord som Alf Prøysen har funne på. Kan hende er det for aggressivt etter lova om marknadsføring, men boklækjaren har sansen for salstrikset som går slik: «Kjøp en fiol, ellers fårru en blåveis!»

I løysingsboka denne veka var vatning av blomar eit tema. Skeisebibliotekaren i LASK skriv: «Korleis angripe denne? Uhorveleg mange spanskskrivande forfattarar som har vunne den gjeve prisen. Aktuelle år (i flg. meg) – og dermed fødselsår: 1956, 1967, 1971, 1977, 1982, 1989, 2010, nei, stryk 2010; ein skriv ikkje slik som i sitatet når ein er åtte år, om ein er aldri så tidleg skrivefør eller ei, men her er det berre å byrje å leite blant omsette bøker frå 2022. Den lista kan bli lang. Den lista er lang. Difor startar eg i eigen base, då den er meir overkomeleg enn visse andre. Sjå der – 299 treff. Så er det å sjalte ut dei bøkene som har norsk som originalspråk, og starte på dei hine. Først ut: Valérie Perrins Å vanne blomster om kvelden. Les Medikus slikt, då? Hm, skal vi sjå; google google, fødd i... 1967. Innafor, det er innafor – same år som Asturias fekk prisen. Har vi boka inne, tru – er jo særs populær, eller det har kanskje dabba litt av, jau, ho skal vere her, og der var ho. Side 57, dette er jo heilt klart eit bomskot, men ein stad må ein starte, det berre veit eg, etter lang erfaring. Men har du sett!?! Ikkje? Vel, det har eg ... Sitatet! Det var rett på første forsøk! Det er min dag i dag, «herregud, for en herlig da-ag». Ekstraspørsmål, var det ein som kviskra. Å! Ja, du har rett, eg vart visst riven litt med, fredag og alt – eg såg for meg at eg skulle til Bahamas i morgon (endå eg berre skal til Kreta). Ekstraspørsmål skal bli ... (Halvannan time seinare.) Ekstrasvar: 3. september 1986.»

Laurits Killingbergtrø skriv: «Eg kan tilstå for Medikus at eg må ha vorte skikkeleg trolsk. Også denne gongen opna eg nemleg den tjukke boka første gongen tilfeldig på rett side, 193. Eg ser fram til fleire slike lette oppgåver. Men boka les eg fullt ut, og eg er særs fengd og full av medhug med hovudpersonen Violette.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement