Klok på bok

55 personar søkjer ein forfattar

Publisert

I skrivande stund spekulerer boklækjaren på kven som får Nobelprisen i litteratur 2021, og lesarane skal ikkje vere i tvil: Når eg får grubla meg ferdig, kjem eg fram til presis same vinnaren som Svenska Akademien. Kan hende. Mest sannsynleg kjem eg til å bomme grovt.

Det er vanskeleg å spå, særleg om framtida. Noko enklare er det å sjå attende i tid og ha ei meining. I det tindrande klare ljoset til etterpåklokskapen er det utvilsamt nokre nobelprisvinnande forfattarar som i større grad enn andre skreiv seg inn i litteratursoga. Ei uhøgtideleg undersøking i bokstova viser at Klok-redaksjonen meiner at Knut Hamsun, Thomas Mann og José Saramago er dei tre forfattarane som fekk aller mest som fortent, då dei vart inviterte til fest i Stockholm.

På andre sida har me alle dei som ikkje fekk prisen, men som utan skugge av tvil burde hatt han. Her kan lesarane sjølv få sette inn førenamn: Zola, Tsjekhov, Ibsen, Twain, Strindberg, James, Proust, Kafka, Conrad, Rilke, Gorkij, Joyce og Woolf. Du klarte alle 13, ikkje sant?

Med desse namna i mente er det ein fin klubb Kjell Askildsen no er medlem av.

Løysingsforfattaren denne veka var neppe på poesifestival i Ulvik, men verdig vinnar av Nobelprisen i litteratur var han likevel. Ingebjørg Sogge skriv: «Trur du at du veit kven du er? Og at andre oppfattar deg slik du sjølv gjer? Da er det kanskje best å ikkje lesa Luigi Pirandellos Ein, ingen og hundretusen. Verda blir aldri den same att, heller ikkje det å sjå seg sjølv i spegelen. Identitetskrisa er eit ynda tema i modernistisk litteratur, og Pirandello var tidleg ute med tankar om den upålitelege personlegdommen. På den andre sida meinte allereie fader Shakespeare at heile verda er ein scene, og at vi alle spelar roller.»

Ole Tom Røed skriv: «En strålende bok! »

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement